Glimt

Mange av dykk som les bloggen min, veit at eg syslar med planar om ei bok i samband med eit slektsstevne vi skal ha i juli på Åpta i Lyngdal. Eg hadde tenkt at det ville bli ein grei sak å skrive, men har kome til at det ikkje er så lett som eg hadde trudd. Difor treng eg hjelp.

Kan du som les bloggen sende meg eit glimt frå kva du hugsar om mor og far, om livet på Gådå eller hos mormor på Figgen eller på Haugland, Vigrestad, Varhaug, Bangladesh, Israel eller andre stader. Kanskje kan det til saman bli små glimt av mor og far til glede for dei mange etterkomarane dei etter kvart har fått.

I dag har vi sett gjennom gamle bilder og prøvd å finne ut kven som er på bildene. Eg la ut litt på Facebook-gruppa Ålgård før i tiå og fekk spennande kommentarar. Noko slikt kjem sikkert også til å bli med i boka, om det blir noko av heile prosjektet. No har vi kanskje bare tida og vegen.

Dei gjekk og gjekk

Margunn har teke over arbeidet med å oppdatere databasen som Helge hadde over slekta vår. I kveld kom ho og Stein til oss, og vi har hatt nokre timar for å prøve å få litt oversikt. Mellom anna dukka det opp eit søskenbarn til mor, Mia Seland. Då måtte eg tenke på alle dei gongene ho kom til oss gåande frå Seland. Det gjekk jo ikkje særleg med bussar den vegen, truleg bare ein buss som gjekk frå Ålgård til Undheim, etter det eg hugsar. Då kunne ho ta den bussen heim att. Men for å rekke det ho skulle gjere på Ålgård, måtte ho legge i veg ganske så tidleg om morgonen.

Far hadde bil, så han gjekk nok ikkje så mykje når han skulle så langt. Men under krigen sykla dei mykje, då var det jo knapt med drivstoff. Han gjekk på middelskole på Sandnes, og ein gong kom han like før Austråttbakken, då knakk gaffelen. Han turde ikkje tenke på korleis det kunne ha gått om den hadde knekt nedover bakken. Dei hadde ikkje hjelm den gongen.

Vi har leita i papir dei etterlet seg, men har ikkje funne noko om turar på Kjærlighetsstien, som var ein stad mellom Ålgård og Figgjo, om lag der Kongeparken ligg i dag. Og korleis mor og far kom saman og vart eit par, det har vi ikkje funne omtalt i papira.

Ålgård-fokus

I dag kom dei to bøkene om Ålgård som eg bestilte tidlegare: Ålgård 150 år og Ålgårds historie 1870-2007. Det var i den boka at bildet frå då far opna butikk på Gådå var kome med, rett nok bare dei to jentene som jobba der. Du kan vel tenke at eg sat nokså fascinert og bladde og las i bøkene, for det var mange folk eg kjende og endå fleire eg ikkje kjende.

Ein kan ikkje anna enn å undre seg over koleis Ålgård har vakse frå då vi budde der medan eg gjekk på lærarskulen, der eg var ferdig i 1972. Då flytta vi til Bergen, og sidan har vi bare vore innom på små besøk. Vi har sett utviklinga, men ikkje så heilt som bøkene fortel. Noko vil sikkert finne vegen inn på Setesdalswiki også etter kvart.

Reidun var på tur til Eikerapen i dag. Det var kvinneforeninga hennar som hadde tur, og der kom det folk frå heile Agder for å vere på stevne. Møte klokka 11, så mat og nytt møte etterpå. Til vanleg kjem det eit halvt hundre på dette arrangementet, men denne gongen kom det tett på hundre, og det er det meste gjestegarden der kan ha i matsalen sin, så eg tenkjer at både Normisjon og gjestegarden var nøgde med oppmøtet.

Himmelarven til Kina

Eg hadde bestilt denne boka på biblioteket,og i dag kom den på fjernlån frå Nasjonalbiblioteket. Det er ei tjukk bok, skriven av Knut Y. Espegren, som sjølv ervaksen opp som son av ein kinamisjonær. Eg har så vidt starta på boka, men har alt funne interssant stoff som sikkert vil finne vegen til Setesdalswiki etter kvart.

Boka kom ut på Elephantus forlag, og då eg googla det, synte det seg at det er eit forlag som også tilbyr å trykke bøker for folk. Kan hende skal eg spørje dei om pris dersom det vert noko av boka som eg planlegg å lage.

Elles las eg ut boka av Jennie Colgan som eg har halde på med. Eg hadde tenkt å vente, slik at eg kunne lese tredje boka før den fjerde, men så ombestemte eg meg i går og no er eg ferdig med bøkene frå øya Mure ein stad i havet nord for Skottland. Men eg har bestilt nye bøker av henne, men dei var det også venteliste på. Så eg har verkeleg kome borti ein forfattar som er populær.

Minne og meir

I dag vart det ikkje til at eg høyrde på Valle radio. Eg har vore oppteken med gamle minne, som eg har fortald før, har eg planar om å lage ei bok til slektsstevnet vi skal ha i sommar. Den skal vere ei artikkelsamling med bilete og minne etter foreldra våre.

I det fine veret kom Reidun si søster, Bjørg, innom. Ho var på sykkel, med elsykkel går Eskelandskleiva oppover leikande lett. Ho har hytte på Skjernøy og hadde vore der ein tur. No vart det litt kaffi før ho tok på heimveg. Reidun har vore ein tur rundt og snakka med folk om slekt i samband med eit nytt bind av ættesoge for gardane på austsida av Mandalselva, og ho kom heim like etter at Bjørg kom innom.

I kveld hadde eg ein lang prat med Eddie Vigesdal på Ålgård om gamle blder frå Ålgård, for han ville gjerne få namna på dei folka eg etter kvart har funne ut var på det biletet frå då far opna butikken på Gådå i 1940. Vi lurte på kva namnet Gådå kom frå, men der måtte vi melde pass. Men det vart ein lang og god prat om laust og fast. Slik er verdifullt, vi burde snakka meir saman.

Oppklaring

I dag trur eg at eg har ei oppklaring på det biletet eg la ut tidlegare i Facebook-gruppa Ålgård før i tiå. Eg tok ein telefon til Edvard Vigesdal om dette og han sende meg vidare til ein som visste meir, Ivar Blaauw. Gjennom Ålgård Rotary hadde han gitt ut desse bøkene, så eg bestilte dei frå han. Det synte seg at bildet i boka ikkje er det same som vi har, hadde han hatt det, hadde det nok vore det som kom inn i boka, sa han.

Gjennom notatar Jorunn hadde med i går er det grunn til å tru at biletet er frå 1940, det året far opna butikk på Gådå. Kan hende er det endåtil opningsdagen. Truleg var det far som tok bildet, det skulle vere eit minne om ein stor dag. Så har vi funne ut at det er butikkjentene Iris Brekken og Gerny Tjetland. Mannen i kjeldressen er Karl Helmik Bertinius Haugland, til vanleg kalla Helmik Haugland. Så er det Ane Helland og mannen med skjegget lengst til venstre er truleg far hennar, Jonas Helland, medan gutten mellom dei kan vere sonen hennar, Jan Haugland. Han var fødd i 1934. Mannen med sykkelen har nokon sagt kan vere naboen Torger Svela, som kom forbi, men det kan også vere Johan Sørensen, son til Ane.

Planlegging

Slektstreffet som eg skreiv om i går var tema i dag då Jorunn og Ole Thorvald kom på besøk frå Lyngdal. Det skal vere på Åpta, og dei var der i påskehelga og såg på korleis tilhøva var. Dei er fine, så her er det bare å melde seg på. Jorunn vil ha eit oversyn innan 1. mai, slik at ho saman med folka på Camp Åpta kan laget det best mogleg.

Vi snakka og ein del meir om slekta og gjekk gjennom noko som far har skrive om viktige hendingar i livet. Og så snakka vi litt om at det var godt at han etterlet seg så pass mykje, for elles hadde vi hatt større problem med å finne ut av ting og tang.

Eg har planlagt å lage ei bok, det skal vere ei artikkelsamling med artiklar som folk har skrive eller skal skrive eller kan skrive, så her er det fritt fram for å sende meg manuskript som eg kan redigere saman til ei bok med artiklar om og av folk innan etterkomarane etter mor og far.

Slektsgransking

I sommar er det planen å samlast til slektsstevne for etterkomarane etter Gurina og Henrik Haugland. Det skal vere på Åpta i Lyngdal, og i samband med dette arrangementet hadde eg tenkt at vi burde lage ei bok som deltakarane kunne få, slik at dei hadde noko handfast om slekta si. I dataalderen er det farleg, for når boka er ferdig trykt, vil ein fort finne feil eller opplysningar som ikkje er kome med. Men eg vil ta sjansen likevel. Planen er å ha både artiklar og lister, så får vi sjå korleis det går.

Men det betyr at nokon må til å skrive. Eg har alliert meg med Brit Obrestad, så eg får noko frå henne. Søster Jorunn vil sikkert også skrive noko. Om andre vil ta pennen fatt, er eg nok litt usikker på, eg har ikkje vore så tydeleg i å spørje heller. Men om du les bloggen og vil bidra, er du svært velkomen til det.

I dag kom eg over nokre Figgjo Glimt frå 1980-talet, bedriftsblad frå Figgjo. Eg er så gammal at eg sa Fajansen om fabrikken far arbeidde på. Men der las eg at dei laga ikkje fajanse, men vitroporselen. Det var mange namn på medarbeidarar der, så kanskje blir det artiklar om folk på Fajansen her på wikien med tida.

Klypping

I dag var det tid for ein tur til frisøren. Eg har gått heile vinteren utan å ta den turen, og det er lenge sidan håret var så langt som no, truleg må eg 50 år tilbake i tid. Ettersom bilen min har vore på verkstad, måtte eg få Reidun til å kjøre meg, og då kunne eg knipse eit bilde av den store aktiviteten der er i nabolaget, det vil seie Jåbekk industriområde. Der reiser det seg nye bygg mest kvar veke, kan ein få inntrykk av.

Eg burde jo ha teke ein selfie før og etter klyppinga, men det kom eg ikkje på før det var for seint. Selfies er liksom ikkje mi greie. Frisøren June var rask og effektiv som vanleg, ho brukte nok ikkje lenger tid enn ho brukar til vanleg på ein kunde, altså 20 minutt, men Reidun hadde sagt at ho kom tilbake om ein halv time. Dermed fekk nesten eg ti minutt ventetid i vårluft. Det hadde eg sikkert godt av.

Men så fann eg meg godt til rette i stolen min og med boka mi. For tida les eg bøker av Jenny Colgan om livet på øya Muir nord for Skottland, det er vel helst ei fiktiv øy, romanar er jo det. Men i denne andre boka, Den lange stranden, handlar det mellom anna om flyktningar som kjem til øya, og det er realistisk og godt fortalt. Under er bildet eg knipsa.

Doktorgrad

I går fekk Rønnaug vite at jobben ho har hatt i tre år og som resulterte i innlevering før jul i 2022, no var blitt godkjent til å forsvare for doktorgrad. Eg måtte søke henne opp på Oslo Met, der ho har arbeidd, og der fann eg mykje eg ikkje visste om:

Vitenskapelige publikasjoner

Lyckander, Rønnaug H.Spetalen, Halvor (2022). Profesjonskvalifisering for yrkesfaglærere: To ulike utdanninger, like godt forberedt for læreryrket?. Acta Didactica Norden (ADNO). Vol. 16.

Lyckander, Rønnaug (2022). Å tilrettelegge for elevenes yrkesinteresser: En surveystudie av yrkesfaglærernes kompetanse i yrkesdifferensiert opplæring. Nordic Journal of Vocational Education and Training. Vol. 12.

Lyckander, Rønnaug H. (2021). Exploring vocational teacher preparation in Norway: A study of dimensions and differences in vocational teacher learning. Journal of Vocational Education and Training.
https://www.tandfonline.com/toc/rjve20/current

Forskningsrapporter

Utvær, Britt Karin Støen; Aarkrog, Vibe; Tangen, Sonia; Leirvik, Camilla Hauren; Lyckander, Rønnaug H. (2019). Evaluering av masterstudium i yrkespedagogikk OsloMet – storbyuniversitetet Rapport fra ekstern evalueringskomité. 37 s.

Lyckander, Rønnaug; Grande, Sidsel Øiestad (2018). Kompetanse- og kompetansebehov i fagskolene. ISBN: 9788283641103. 62 s.
https://skriftserien.hioa.no/index.php/skriftserie…

Lyckander, RønnaugSannerud, Arne Ronny (2018). Kompetansesenter for yrkesfag. Rapport fra forprosjektet. 22 s.
https://fagarkivet-hioa.archive.knowledgearc.net/h…

Grande, Sidsel Øiestad; Lyckander, Rønnaug; Landro, Jarle; Rokkones, Klara (2014). Fram i lyset! En kartlegging av status og behov for lærerutdanning på yrkesfag. http://www.hioa.no/content/download/63543/1028209/…

Lyckander, Rønnaug (2009). Kompetansekartlegging ved avdeling for yrkesfaglærerutdanning. 25 s.

Formidling

Lyckander, Rønnaug (2022). Å forske på lærerutdanning i yrkesfag – teoretiske og metodiske utfordringer og noen resultater fra et ph.d.-prosjekt. Delingskonferansen på masterstudiet i yrkespedagogikk. OsloMet.

Lyckander, Rønnaug H. (2022). Professional competence developed during vocational teacher education: Perceptions of vocational teachers. ECER plus. European Educational Research Association.

Lyckander, Rønnaug H.Spetalen, Halvor (2022). Profesjonskvalifisering for yrkesfaglærere -To ulike utdanninger, like godt forberedt for læreryrket?. NORDYRK-konferanse 2022.

Lyckander, Rønnaug H. (2021). Hvordan forske på overgangen mellom to ulike lærerutdanninger for yrkesfag og læreryrket? Metodiske dilemmaer og foreløpige resultater fra en spørreundersøkelse. NORDYRK-konferansen 2021. NORDYRK.

Spetalen, HalvorLensjø, MaritLyckander, Rønnaug H.Bakken, Roger (2020). Tverrfaglige temaer i yrksopplæringen. Yrke. Vol. 64.

Lyckander, Rønnaug; Grande, Sidsel Øiestad (2018). Foreløpige resultater av kompetansekartleggingen i fagskolene. Nasjonalt fagskoleråd. Nasjonalt fagskoleråd.

Lyckander, Rønnaug (2018). Kompetansekartlegging i fagskolene. RFF Svolværkonferansen. Pådet for offentlige fagskoler.

Lyckander, Rønnaug (2018). Kompetanse i fagskolen og nytt studietilbud i pedagogikk for fagskolelærere. Fagskolekonferansen. Nasjonalt fagskoleråd.

Lyckander, Rønnaug (2017). Lærerkompetanse i fagskolen – hva er det?. NOKUTs fagskolekonferanse 2017. NOKUT.

Grande, Sidsel Øiestad; Rokkones, Klara; Landro, Jarle; Lyckander, Rønnaug (2014). Fram i lyset! Tiltak og veien videre etter kartlegging av status og behov for lærerutdanning til yrkesfag. Samarbeidsrådet for yrkesfag. Utdanningsdirektoratet.

Lyckander, Rønnaug; Grande, Sidsel Øiestad (2014). Utbygging av yrkesfaglærerutdanning. Kirke – utdanning og forskningskomiteen.

Lyckander, Rønnaug; Rokkones, Klara (2014). Fram i lyset! En kartlegging av status og behov for yrkesfaglærerutdanning. Nordyrk konferanse. Høgskolen i Oslo and Akershus.

Disputas: Rønnaug Lyckander

Rønnaug Lyckander disputerer for ph.d.-graden i utdanningsvitenskap for lærerutdanning med avhandlingen “Profesjonskvalifisering av yrkesfaglærere. En surveystudie av yrkesfaglæreres oppfatninger av profesjonell kompetanse knyttet til deltakelse i lærerutdanning for yrkesfag.”

Sted

  • Kjeller, Lillestrøm
  • E111 – Gudrun Wolans auditorium

Dato/Tid

  • 2. juni 2023
  • 10:00 til 15:00