Farvel, vinter

Med skotårsdagen i dag går vi over i vårmånaden mars. Då er det altså på tide å seie farvel, vinter. Her sør i landet er det bart no, men vi skal jo ikkje langt opp i Agder før det er kvitt. Så om du les mitt farvel til vinteren og har det kvitt ute, så kan du jo vurdere å kome ein tur sørover til bar mark.

Eg kom til å sjå litt på artiklar på Setesdalswiki, og ser at vi har 96152 artiklar no i kveld, 1. februar hadde vi 96044, det betyr at vi klarte 108 nye artiklar i februar. Det er mindre enn i januar, men så er jo månaden to dagar kortare.

I går hadde eg ein telefon frå ein som har fått i oppdrag å undersøke om det er råd å lage ein wiki for Holla, han snakka om at planen var å kalle det Hollapedia. Han ville vite litt om korleis vi gjekk fram då vi starta. Der var det eit historielag som ville gå i gang, dei hadde gitt ut mange årbøker, men tenkte at dei ville nå lenger om dei heller la stoffet ut på nett, billigare ville det også vere. Det vart ein lang og god samtale, så eg vonar dei kjem i gang etter kvart. Elles er det ikkje så mange som lagar slike lokale leksikon. Men programvaren litt der og kan nyttast fritt av alle, så det er ganske så rimeleg å kome i gang. Webhotell og slikt kan kome på ein tusenlapp i året, samanlikna med kva det kostar å lage ei bok, så er det jo ingenting.

Å lage leksikon er kanskje ein vinterhobby, så vi får no sjå om vi får til noko når det no blir vår. I alle fall seier eg det ein gong til, for alle gode ting er tre: Farvel, vinter.

Ei utfordring

Eg fekk ein telefon i kveld. Margunn lurte på om eg kunne skrive noko om min karriere som organist. Eg vart ikkje organist, men eg då eg gjekk på lærarskulen i Stavanger, hadde eg jobb som organist på Rogaland psykiatriske sjukehus. I dag fann eg ut at orgellæraren min, Thore Øvestad, også hadde vore organist der.

Eg starta å spele orgel for organist Thore Øvestad. Han var organist i Ålgård kyrkje frå tidleg på 1950-talet og til han vart pensjonist, og endå lenger. Jorunn fortel at vi kappast om å spele på salmesykkelen, trøorgelet som far skaffa oss. Eg hugsar ikkje den kappinga, men eg hugsar at vi tok bussen til Sandnes, gjekk opp bakkane til Trones, der Øvestad budde, for å ha speletimar. Eg tenkte mange gonger at han hadde eit høveleg namn til å vere musikklærar, for skal ein klare noko, må ein jo øve.

I dag googla eg litt og fann ein biografi om Øvestad. Eg visste ikkje at han også spelte fiolin, at han dirigerte Sandnes Orkesterforening før Kåre Opdal. Då eg gjekk på realskule og gymnas på Sandnes, hadde eg Kåre Opdal som dirigent og spelte bratsj i ungdomsorkesteret han etablerte. Eg var russ i 1966, og deretter var det slutt på denne aktiviteten, for då reiste eg til Oslo. Då eg sidan kom tilbake til Rogaland og gjekk på lærarskole i Stavanger, tok eg ikkje opp att bratsjen, men fekk meg altså ein liten jobb som organist på det psykiatriske sjukehuset på Dale. Då vi seinare kom til Stokmarknes, kunne eg også hjelpe til der i periodar og spele til gudstenester.

Strikk og lytt

I dag kom Jorunn og Ole Thorvald til oss ein tur for å ha kaffe. Vi hadde både Napoleonskake og Dajmkake og anna godt, så det vart ein god dråpe. Etterpå kom ulike strikkeprosjekt på bordet for diskusjon mellom damene. Vi mennene sat og lytta.

I kyrkjelyden i Lyngdal har dei eit arrangement som heiter Strikk og lytt. Det går ut på at folk kjem saman og strikkar, og så er det ein som les høgt, eller ei lydbok, eller noko musikk, eller alt saman. Det kan kome 20-30 personar til desse formiddagssamlingane på Kirkesenteret, som også har ei tidebønn eller ein andakt. Slik har kyrkjelyden kombinert den sterke interssa som mange har for strikking med sosialt samvær og høve til å samlast om Guds ord.

Å ha ein samlingsstad i tillegg til kyrkjebygningen er blitt svært viktig i våre dagar. Før samlast folk i heimane, i dag vil dei heller møtast utanfor heimen. Sjølv om det var mykje snakk om strikk, trur eg ikkje dei strikka så mykje i kveld. Etter at kvinnene var ferdige med drøfting av dei ulike strikkeprosjekta, gjekk samtalen på kryss og tvers om mange ulike tema, slik det gjerne er når folk møtest og har litt av kvart å dele med kvarandre

Søskenbarn

I kveld har eg hatt ein telefonrunde til mange søskenbarn for å fortelje om slektsstevnet vi planlegg til sommaren. Fredag 5. juli startar vi på Åpta leirstad, så held vi på til sundag.

Ein av dei eg snakka med lurte på om vi verkeleg skulle halde på frå fredag til søndag, men det trur eg nok vi klarar. Om vi startar fredag ettermiddag med ei samling og noko program, og så nyttar tida til sang, samvær og samtalar, vil nok tida gå. Så blir det festkveld på laurdagen og avslutning på sundagen. Vonleg vil etterkomarane etter Selma og Hans Hetland kjenne kvarandre betre etterpå.

Mange av dei eg snakka med, sa at dette var eit hyggeleg initiativ. Mange hadde ikkje planane klare for kva dei skulle gjere i ferien, så dei kunne ikkje på ståande fot seie om dei skulle kome. Det ba eg ikkje om heller. Men det var litt viktig at dei kunne få datoen, og at dei kunne gi melding vidare til sine etterkomarar. Er vi heldige, trur eg det kan kome mellom 70 og 100 personar, så då vil det jo vere nokon å snakke med for dei fleste.

Eg hadde også ein telefon frå Solvor i dag, ho og Gaute var på veg til Sola, så skulle dei fly til Gardermoen, og vidare til Bangladesh, eg er sanneleg ikkje sikker på om dei skulle stoppe ein stad før Doha, men i alle fall skulle dei ha ein stopp der. Seks veker skulle dei vere borte, mellom anna skulle dei besøke santalfolket og khasifolket. Eg ønskte dei god tur og ber om at dei må få vere til velsigning for folk dei møter på reisa si.

Samlinga på Åpta vil gje høve til å få vite meir om søskenbarna våre. Ein av dei eg snakka med, sa at ho visste ikkje særleg mykje, kanskje nesten ikkje noko om søskenbarna sine barn igjen. Det er eg jo enig med henne i, så eg vonar at eg kan få vite litt meir før vi møtest i juli. Då må eg nok ta fleire telefonar eller sende epostar til folk.

Smått om senn

Det går ikkje så fort alltid, men smått om senn, litt kvar dag, så veks Setesdalswiki. Eg er stadig imponert over alt Geir finn å skrive om, i dag fekk vi ein artikkel om Lensmannssteinen ved Bjelland kyrkje. Den fekk namn, fordi det var der lensmannen stod då han las kunngjeringar før i tida.

Det er flott at folk kan finne svar når dei lurer på noko utan å måtte gå på biblioteket. I våre dagar har folk med seg mobiltelefon alle stader, så då er det bare å søke, så finn ein svar på det meste. Men for at det skal vere råd, må nokon lese i bøker og så skrive dei artiklane, det er her wiki-systemet kjem inn. Med det er det ikkje plassmangel, serveren som styrer det heile, kan byggjast ut om det blir liten plass.

Den som kan litt om data, kan lett starte sin eigen wiki og lage ein database med det ein vil skrive artiklar om. Eg har alliert meg med sønene mine, først Helge og etter at han døydde, Sigmund, som tek seg av det tekniske. Så kan eg skrive, og andre saman med med meg. Det er nok å ta av, litt tekst og eit bilde, så blir det fort ein liten artikkel. Så kan andre bygge han ut. Smått om senn kan ein leite fram informasjon, slik som i dag om Bjelland bru. Geir hadde bilde og litt tekst, eg fann litt meir og fylte på, kan hende vil det kome endå meir seinare. Då eg pendla mellom Valle og Mandal, kjørte eg mange gonger over den brua. Men aldri såg eg den så flott som på dette bildet.

Skrivelysta kom

I kveld kom litt skrivelyst, så det vart fire nye artiklar på Setesdalswiki frå meg. Eg skreiv dette på Såpekassen, sida på Setesdalswiki der ein kan skrive om aktiviteten og anna som ikkje er artiklar:

96044

Så mange artiklar er det på Setesdalswiki no. Det betyr at vi klarte 184 artiklar i januar, inkludert dei 18 datoartiklane som Geir laga i dag. Om vi held dei unna, så blir det 168 nye artiklar i januar. Ein grunn kan vel vere at det ikkje har vore ver til å ta ein tur ut, så då har det vore høveleg å skrive litt på Setesdalswiki. No får vi sjå om vi kan halde koken i februar. Det er nok av raude lenker å ta fatt på om skrivelysta skulle melde seg.

Men eg har fått ein skikkeleg snue, nasen renn slik at eg vågar mest ikkje setje meg til å skrive, for då dryp det i tastaturet, og det er jo ikkje så bra.

I går fekk eg ei bok om Time kommune 1837-1937, der står namn på alle ordførarane og alle medlemmene av kommunestyret i desse åra. Eg trur eg kan skrive litt om det både på Setesdalswiki og på Wikipedia om snuen sluttar å renne. Kan hende det hjelper om eg tek kvelden tidleg i kveld.