Bevar ditt hjerte

Overskrifta er eit sitat frå Bibelen, der det heiter: Bevar ditt hjerte fremfor alt du bevarer, for livet utgår fra det. Salomos ordspråk 4,23. Det passa godt på min situasjon i dag, for eg hadde fått innkalling til sjukehuset i Kristiansand og skulle vere der klokka 12.30.

Turen innover gjekk fint, vi starta alt i 11-tida, og var framme i god tid. Reidun kjørte, så kunne ho sette meg av ved hovudinngangen og deretter parkere i fred og ro. Denne gongen gjekk ikkje parkeringa i fred og ro, for automaten ville ikkje samarbeide. Om det blir gebyr, ja så får vi betale det, det er jo ikkje så ofte vi er på bytur.

Presis halv eitt vart vi kalla inn til legen. Der måtte eg legge meg på ein benk, og så sette ein sjukepleiar ei rekke elektrodar, eller kva det no var, på meg og kopla dei saman med ledningar til ein maskin som scanna hjarta. Eg kunne sjå korleis det slo. Legen kom inn og såg på bildet, og så brukte han ultralydscannar på meg for å få endå meir informasjon.

-Eg trur vi skal endre litt på medisinane du får, sa han, og så kan du kome her i august, så får vi sjå korleis du har reagert på dei.

Så var det bare å få på seg klede att og gå gjennom dei lange gangane på sjukehuset tilbake til bilen. Eg måtte innom og ta nokre blodprøvar før eg reiste heim, men der gjekk det fort, dei er effektive der, og blodårene mine rulla ikkje rundt i dag, så bioingeniøren fann ei grei åre utan problem.

På vegen heim kom eg på at eg måtte ta eit bilete for å dokumentere at eg hadde vore på tur. Då var vi like ved meieriet, så det vart motivet i dag:

Mannsdominert

Sendinga i Valle Radio denne veka er mannsdomintert. Radioen har ikkje sommarferie, og det skjer noko i Øvre Setesdal heile sommaren. Her er programmet:

Tirsdag 27. juni
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over en åpen Bibel med Øystein Engås

18.30 Sang og musikk
19.30 Timen med tre menn:

Bjørn Erling Auestad – hvorfor er hotellene til salgs?

Tallak Hoslemo – basar i juli

David Menger – leverer økologisk i halve dalen 🙂

20.30 Postludium, Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Kyrkje og skole

Norsk skole vart etablert av kyrkja som førebuing til konfirmasjon. Då måtte folk lære å lese for å kunne katekisme. Sidan var skolen riven laus frå kyrkja, vi fekk offentlege skolar. Framleis er det nokre private skolar, dei siste dagane har det vore skrive om Samfundets skole i Kristiansand, den blir driven av eit kyrkjesamfunn.

I mange land er det sterkare fokus på private skolar enn her i landet. Ofte er dei privat drivne skolane drivne av kyrkjesamfunn eller ideologiske gruper. Dei har same pensum som den offentlege skolen, men har noko ekstra i tillegg. Ettersom eg har hatt besøk av ein student frå Kenya som er her i landet i regi av Adventistsamfunnet for å selje bøker frå Norsk Bokforlag, slik eg skreiv om på bloggen i går, sjekka eg i kveld litt om dette kyrkjesamfunnet sine universitet. Då fann eg ut at dei driv 13 universitet i USA. Engelsk wikipedia seier at dei har over 8000 grunnskular med over to millionar elevar over heile verda og 115 universitet og høgskolar med nærare 150000 studentar.

Kenya-besøk

Bramwel Omeri er ein student frå Kenya som nyttar sommaren i Norge til å selje bøker frå Norsk Bokforlag. Vi har kjøpt bøker frå forlaget fleire gonger tidlegare. I kveld var Reidun ute då han kom på scooteren sin, så eg inviterte han inn og fekk ein hyggeleg samtale.

Kvart år får studentar frå sør vere med på programmet der dei reiser rundt i Norge og sel bøker. Slik finansierer dei studiene, det kostar om lag 30.000 kroner for eit semester på Universitetet i Kenya. Blir inntektene høgare, kan dei også ha pengar til å leve for til seg og familien. Bramwel studerer historie, men på grunn av uro og krig i Kenya har han hatt avbrot i studia. No er det fred, så han vonar å bli ferdig neste semester.

45% av salsinntektene av hagebøker, kokebøker, barnebøker og reisebøker kan seljaren behalde, så i løpet av tre månader i Norge kan dei finansiere studiet sitt. Men dei står på både dag og kveld. Lukke til.

Is og jordbær

Norske jordbær vert fort modne i den varmen som er no. Vi har ikkje jorbær i hagen, men Torbjørn Greipsland kom på besøk i kveld og hadde med både Inspira iskrem og ei korg med jordbær. Så då kunne vi kose oss med fotballkamp saman med ein fullsett Ullevål stadion.

For nokre dagar sidan tapte Norge kamp mot Skottland, så håpet var at det ikkje skulle bli tap denne gongen. Mange av dei som kom på stadion, kom sikkert for å sjå Erling Braut Håland, og vi kunne glede oss over at han laga mål i dag også og at Norge vann 3-1, sjølv om dei slepte inn eit mål på slutten i ein kamp der dei hadde overtaket heile tida. Det er alltid gildare å sjå ein kamp som Norge vinn, enn ein som dei tapar.

Og så snakka vi litt om laust og fast. Torbjørn skriv ofte innlegg i Dagen og har synspunkt på det som skjer i kyrkje- og kristenliv.

Som avisa i sommar

I sommar kjem Setesdølen ut som papiravis bare kvar torsdag. Då blir det som Valle Radio, publisering ein gong i veka. Men radioen er på lufta på tysdagane, og Siri Johannessen finn aktuelt og interessant stoff. I morgon er det rapport frå Bondelaget sitt årsmøte, og med i radioen er Tor Espen Helle og Jørund Kvaale Hansen.

Valle Radio overfører også møtet i Setesdal Regionråd denne veka, det er fredag klokka 10.

Tirsdag 20. juni
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over en åpen Bibel med Øystein Engås

18.30 Sang og musikk
19.30 Timen med bl.a. 

Rapport fra Bondelagets årsmøte

Tor Espen Helle og Jørund Kvaale Hansen

20.30 Postludium, Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

Fredag 23. juni

Tekniker: Jørund Georg Jore

10.00 Styremøte i Setesdal Regionråd


NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Komitemøte

I dag var Jorunn og Ole Thorvald her til ettermiddagskaffe. Dei har vore på reise til Tyskland i fotspora til Johann Sebastian Bach, og vi rigga til Cromecast på TV slik at vi kunne sjå på bileta saman medan dei fortalde. Dei hadde vore om lag 25 personar på turen, mest organistar, men også interesserte entusiastar. Sjølv om det var busstur, vart det mykje gåing, dei hadde visst rekna ut at dei hadde gått sju mil denne veka. Det var mange bilete av orgel og kyrkjer og byster av komponistar, og for orgelinteresserte folk som meg var det interessant å vere med på den måten.

Så var det komitemøte for slektstreffet på Åpta. Det er 90 påmelde, og Jorunn lurte litt på korleis det skulle bli plass til alle, men ikkje alle skal overnatte på leirstaden, nokre kjem nok bare på dagstur. Vi diskuterte også lit om maten, men det er jo lurt at folk ordnar seg sjølv med det meste av maten, då kan dei ta omsyn til allergiar og anna som måtte kome på.

Vi kom ikkje så langt at vi snakka om boka eg hadde tenkt å ha klar til arrangementet. Om eg klarar det, får vi no sjå, om ikkje, så kan det bli jolegåve der ein også får med noko frå slektsstevnet 2023, og det er kanskje ei vel så god løysing.

Varmt

I denne varmen er det ikkje så stor aktivitet, korkje på bloggen eller i livet mitt elles. Heldigvis har eg nokre bøker eg kan dukke ned i, dei får halde, å svale seg i saltvatn, det er ikkje mi greie.

Det blir heller ikkje så mykje leksikonskriving eller anna skriving for når det er så varmt. Men eg trimmar dei små grå med litt kryssord, Reidun trimmar sine små grå med sudoku. Og så må eg jo pløye gjennom avisene. No får eg både Dagen og Vårt Land i tillegg til regionale og lokale aviser, så det blir jo nokre sider å lese i løpet av dagen. Men eg heng etter med å skrive inn overskriftene i Setesdølen på Setesdalswiki. Det får kome etter kvart.

Heldigvis blir det litt svalare om kveldane.

SIM-kort

Vi har vore godt nøgde med mobiltelefonane, både eg og Reidun, men så kom det eit tilbod som var så godt at vi valde å bytte leverandør. I dag skulle det skje, og eg fekk melding om at no var det tid for å bytte. Men korleis opnar ein telefonen for å bytte kort?

Etter å ha prøvd ein time, enda vi opp med ein tur til butikken for å få hjelp. Det synte seg at det var ei lita skuffe på telefonen, og når vi fekk opna den, kunne vi bytte kort, og plutseleg kom logo for den nye leverandøren på plass.

For Reidun var det vanskelegare, ho gjorde som eg, men ingenting virka. Vi endte opp med å ringe Margunn og Sigmund, og han lurte på om ikkje ho måtte vente til ho fekk melding, så dermed gjer vi det, for hennar telefon virkar med gammalt kort. Samtalen med Margunn nytta vi også til å gratulere henne med dagen i dag, og den gamle telefonen fungerte greitt for å sende gåve også. Det er det finansministeren min som styrer med. Kan hende får ho nytt SIM-kort i morgon.

Men det vart så mange telefonar i løpet av dagen og kvelden at eg fekk ikkje høyre på Valle Radio denne veka. Men her er programmet eg gjekk glipp av:

Program tysdag 13. juni

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen Bibel med Øystein Engås Rom 10, 13-16, (Norea, 2013)

18.30 Sang og musikk

19.30 Timen med bl.a.

– Stor (skog)brannfare med Ove Stokkeland, Grenland brann og redning

– Innslag frå Gamaveka, om frivillige

– Marknad på Torvet 15. juli med Jorunn Synnøve Uppstad

– Museum, musikk og media med Stina Brandin Hovet og Monica Kelly Sundt

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Nettradio: https://stream.valleradio.com/valle_hq

Fri programvare

Eg har nytt godt av fri programvare på PC lenge. Helge hadde full kontroll på det, så eg trong ikkje tenke på slikt. Men i dag skulle eg formatere eit dokument, og då fungerte det ikkje, så eg tok ein telefon først til Sigmund, om han visste noko som kunne hjelpe meg, og sidan til Margunn.

Det var då det kom fram at det frie programmet Libre Office eg har nytta når eg skulle skrive eit dokument, ikkje var heilt kompatibel med Microsoft sitt Word-program, sjølv om det blir sagt å vere det.

-Du må nok bare bite i det sure eplet og gå over til noko som fungerer, sjølv om du må betale for det, sa Margunn og minna meg om at det ikkje var så mange kronene.

Men etter at eg hadde hatt ein pause, kom det ein epost frå Stein om at eg kunne bli med i hans familie, og familie kan bruke Word saman. Nå er vi jo i familie, så det er jo ikkje galt heller.