Program for veke 48, 2014

Tysdag 2. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time. Gjest: Næringsutviklar Hans Olav Omnes
19.30 Bibleltime
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 3. desember

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Liv Gunn Viki
Telefonvakter: Helga Åkre/Ingeborg Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer. Wenche Gundersen
20.00 Haralds time. Ånund Lund fortel. Opptak frå førre hundreår
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Salmetwitring

I dag har eg bada i salmer. Frå tidleg morgon til seine kveld har eg sete fastlåst med NRK2 på TV. Det ser ikkje ut til at eg er aleine, her er nokre twitringar som bekrefter det:

Anne-Marie Helland ‏@AMHelland 29. nov
Lambertseter beboerkor! Fantastisk! #nrksalme # helefolket #kulturskatt

Sylvi Inez Liljegren ‏@SylviInez 28. nov.
Her er katta kasta ut, mens tv’en står på fullt. Og det av en statskirkeløs på 40’ende året. #kulturskatt #nrksalme #nrk2

Wenche Fone ‏@wenchefone 28. nov.
Legger meg på sofaen i natt med #nrksalme i bakgrunnen. #kulturskatt

Marit Arnstad ‏@MaritArnstad 28. nov.
En fantastisk sending og en pust i bakken for alle oss som lytter. Gode salmer. Flotte kor. Ros til #NRK som våger! #nrksalme #kulturskatt

AndersTangen ‏@AndersTangen 28. nov.
Får lyst til å gå litt oftere i kirka av å følge med på #nrksalme

Kjell Magne Bondevik ‏@BondevikKM 28. nov.
Fint gjenhør med kjære salmer på NRK 2 Vel verdt å høre på! #nrksalme

Oddbjørn Evenshaug ‏@oevenshaug 28. nov.
Dropper #lindmo i kveld. #nrksalme vinner!

Gro Skaaret ‏@groskaaret 28. nov.
Så koselig å høre en salme som min mor sang mens hun drev med forskjellige ting i huset. I den stille klare morgen #nrksalme

Berit Rekve ‏@BeritRekve 28. nov.
Er sikker på at å spela eit instrument eller syngja er godt for helsa. Sjå på dei eldre. #nrkKork #nrksalme

Elin Ørjasæter ‏@Orjas 28. nov.
Mamma maste sånn at jeg måtte se NRK2, så jeg ble nødt. Og nå er jeg fortapt. Stum og rørt. Blir sittende resten av helgen!!! #nrksalme

Espen Ottosen ‏@eottosen 28. nov.
Mer og mer imponert over og takknemlig for #salmebokaminuttforminutt. Glitrende produksjon. Og masse fin informasjon #nrksalme

jorunn ‏@jorunn 28. nov.
Slo på #nrksalme for første gang, tilfeldigvis i tide til min yndlingssalme 479 – som plutselig har blitt 482. Puh. #degåfåskode

Marit E Totland ‏@Marittotland 28. nov.
Serverte far til Helge Gudmundsen graut. Han tok karri på i staden for kanel. Og nekta å ta på ny graut. “Ein kastar ikkje mat” #nrksalme

Hanne Jahren ‏@hannejahren 28. nov.
Har hørt på salmer i fem og en halv time. Og bakt kanelboller så gode at det er som en trøsteklem inni munnen. Stressfri lørdag. #nrksalme

Mariann Schjeide ‏@Schjeide 28. nov.
#nrksalme Er det den godt skjulte vestlandspietisten i meg som vaknar? Registrerer at tv-en har vore på same kanal sidan kl. 0800. Vakkert.

sondreolsen ‏@sondreolsen 28. nov.
NRK får en ekstra stjerne i (salme)boka med #nrksalme. Stort arbeid, og de får engasjert store deler av Norges befolkning. Bra!

Anne Rygh Pedersen ‏@ryghpedersen 28. nov.
Så mye ukjent og vakkert! Sørsamisk, nydelig. Og ekstra stas når det kommer en jeg kan?Egentlig forholdsvis ofte, faktisk ?#nrksalme

Rolf Kjøde ‏@rolfkjode 28. nov.
Scoop for #nrksalme! Gjenoppdaging av innhaldsfylt fellessang som engasjerer generasjonar. Demonstrerer folkets band til kristen tradisjon.

Salmekveld

I kveld er det salmekveld i stova. Eg kom heim til Mandal og på turen hadde eg høyrt om salmeprosjektet på NRK2 mange gonger i radioen. Norgesglasset hadde fleire innslag i dag.

Så då var det bare å setje seg ned og la salmesongen tone frå Vår Frue kirke i Trondheim. For mange år sidan hadde Den indre Sjømannsmisjon landsmøte i den kyrkja, så eg kjente mest at eg var på heimebane, sjølv om det truleg er 40 år sidan eg var der.

Tysdagskvelden hadde eg ein forsmak på salmehelga gjennom ein salmekveld i Valle Radio. Til no er det kan hende bare ei av salmene frå tysdagskvelden som har vore på TV, det var Mitt hjerte alltid vanker. Når eg skriv dette, er dei komne til Langfredagssalmer, så det går vel endå noko tid før Deg være ære kjem, den spelte eg og tysdagskvelden.

Meir om Valle vidaregåande skule

Du hugsar kanskje at eg ein tysdag for eit par veker sidan, det var 11. november, hadde ein aktuell time med debatt mellom ordførar Tarald Myrum, gullsmed Ørnulf Hasla og fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg. Bakgrunnen var forslag frå fylkesrådmannen om ei styrt avvikling av Valle vidaregåande skule.

Tysdag 25. november var saka oppe i fylkesutvalet. NRK laga ei melding på saka som dei kalla Tenkepause om Valle-skole. Her går det fram at det politiske fleirtalet i fylkestinget ikkje er budde på å legge ned skulen i desember, slik det gjekk fram av samtalen i vår sending. Heller ikkje Ap vil gå for dette, og dermed er skulen sikra inntil vidare. Han skal diskuterast i februar og i mellomtida vil politikarane ha nye utgreiingar. Tellef Inge Mørland frå Ap meiner at skulen bør flytte til Hovden heller enn å bli lagt ned medan det politiske fleirtalet meiner at ein bør samarbeide meir med den lokale gull- og sølvsmednæringa.

Eg veit ikkje om programmet i Valle Radio hadde nokon verknad i høve til konklusjonen politikarane kom til, men etter programmet vart saka drøfta i formannskapet i Valle og det vart truleg teke initiativ til å få gjort noko både frå politikarar og næringsliv. Det er moro å lage radio når ein kan ha svært aktuelle saker på dagsorden.

Og så litt om gårsdagen:
Sendinga i går måtte gå ut, eg trur at det var tekniske problem i Bykle som var årsaka. Men publikum er ikkje så sikre på det, eg møtte ein person i dag som meinte at det var politikarane som ikkje ville at folk skulle høyre på, då kunne dei seie kva dei ville. Det kom i det heile svært mange reaksjonar på at sendinga i går fall ut. Vi tenkjer ofte at det kanskje ikkje er så mange som høyrer på Valle Radio, men når det skjer noko uventa, får vi mange reaksjonar. Det syner at radioen betyr noko for folk flest.

Til slutt litt om prioritering:
Måndag kveld hadde Valle Ap nominasjonsmøte. Tysdag morgon møtte eg Kim Pedersen og spurde kven som hadde lista dei hadde sett opp. Det hadde han, så eg skulle få den seinare på dagen med tanke på å formidle den i Valle Radio. Kan hende kunne det vere aktuelt med eit intervju.

Men seinare på dagen hadde han fått avklart med ein eller annan at Setesdølen skulle få lista og trykke den i avisa før andre kunne få den. Dermed vart det ikkje noko innslag i tysdagssendinga om dette, noko eg tykte var leitt, for folk er opptekne av nominasjonslistene.

I dag hadde likevel NRK Sørlandet fått lista og kunngjorde at Steinar Kyrvestad står på første plass,noko som vel vil kome i Setesdølen i morgon. Om Valle Ap skal få sendetid i Valle Radio, bør dei dele stoff med radioen, det er no mi meining ein sein torsdagskveld.

Krøll med teknikken

I kveld vart det igjen krøll med teknikken i Valle Radio. Jørund er på Tenerife, så Torhild skulle vere teknikar, og ho fekk ikkje kople opp til sendaren i Bykle. P4 var ikkje på lufta, så ho skjøna ikkje kva som var galt og tok ein telefon til meg for å spørje om eg hadde hatt problem i går kveld.

Men i går kveld var alt ok, då vi avslutta, kom P4 inn. Så i løpet av natta eller dagen i dag må noko ha skjedd i Bykle.

Ikkje kom ho heller på at ho kunne droppa Bykle og bare streama sendinga, så ville folk kunne høyre på Internett.

Litt etter klokka 18 tok telefonane til å kome. Eg fekk mine, Britta Lise fekk og telefonar og etter ei stund var ho på tråden til meg for å høyre om eg visste noko. Ørnulf var på møte i Arendal og kunne vanskeleg hjelpe.

Ved sjutida ringde han meg og ba meg gå ned og hjelpe Torhild til å få opp streaming. Men då eg kom til kommunestyresalen, var Torhild gått heim, så det vart det ikkje noko av.

Konklusjonen: Når noko ikkje fungerer, er det mange som ikkje får høyrt på radioen, og mange som vil høyre er det dei fleste kveldane. At sendinga frå Valle kommunestyre i kveld var omfatta med stor interresse er ikkje uvant.

Etter mi meining bør styret drøfte situasjonen og sjå om vi kan få gjort noko med både slike problem og andre problem. Maskinane i teknikken er gamle og kunne trenge fornying, til dømes.

Program for veke 48, 2014

Tysdag 25. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time
19.30 Salmekveld
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. november

Teknikar: Torhild Sandnes

18.00 Kommunestyremøte
I starten av kommunestyremøtet vert det temamøte om arbeidsformer i kommunestyret og kommunale utval.
Jan Inge Tungesvik frå KS Agder vil ha ei innleiing før det vert opna for spursmål og diskusjon om temaet.

*NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
*Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
*Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
*Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
*Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Tonen i debatten

I dag vakna vi opp til eit oppslag i NRK Sørlandet om tonen i debatten i Valle Radio. Det var Torunn Charlotte Lund som tok opp saka i eit brev til arbeidsmiljøutvalet i kommunen. Her er lenke til saka hos NRK:
http://www.nrk.no/sorlandet/kraftig-kritikk-av-politikeres-oppforsel-i-valle-1.12052020

«Det er etterkvart blitt slik i Valle kommune at det er ingen grenser for kva ein politikar kan finne på å seie og tillate seg å seie, i full offentlegheit, for å ramme både administrasjonen og andre, og eg meiner vi må få sett søkelyset på dette», heiter det i brevet.

NRK var i Valle i dag og laga opptak med Torunn i kommunestyresalen og med ordførar Tarald Myrum, som vedgår at han nok kunne brukt klubba meir, men det er Steinar Kyrvestad heilt usamd i. Her er lenke til den saka hos NRK: http://www.nrk.no/sorlandet/_-et-litt-frodig-sprak-er-tvert-imot-en-fordel-1.12054478

Eg har ikkje samla på sitat frå overføringane i kommunestyret i Valle Radio. Eg veit heller ikkje om Torunn har gjort det. Men eit generelt inntrykk er nok at det Torunn tek opp, har ein grunn. I den situasjoen som no er, hadde det vore fint å kunne peike på sitat og seie at dette vart sagt.

Det er elles litt interessant at Steinar ikkje ha høyrt noko, det kan kanskje skuldast at det er han som har snakka når andre har reagert og at han difor ikkje sjølv har vore utsett for det som andre kan ha opplevd som eit språk som ikkje høyrer heime i sakleg debatt om politkk og styring av kommunen.

I går var Torunn i Valle Radio og hadde informasjon relatert til kulturlivet i kommunen, som ho jo er sakshandsamar for. Eg hadde henne med tidlegare i haust, då ho informerte om Sentrumsbygget. Torunn er alltid sakleg og leverer frå seg god informasjon i Valle Radio. Som kommunens representant i programmet i går, opplevde eg det same då eg høyrde ho og Ronny snakke saman. Hyggeleg, vennleg og hjelpsam. Ingen av dei nemnde at ho hadde bursdag i går, at det låg eit slikt brev frå henne til Arbeidsmiljøutvalet vart heller ikkje nemnt.

Sjølvsagt kunne ho teke opp den saka i Valle Radio. Men i rolla som den som informerer frå kommunen, fann ho det sikkert ikkje naturleg, og det har eg forståing for. Det hadde nok heller ikkje fått like stort gjennomslag om det hadde kome gjennom Valle Radio, som når det no kom gjennom NRK Sørlandet. Og saka fortener at vi tek ho på alvor. Om dei som burde ta henne på alvor, gjer det, er nok ei anna sak.

Takk til Niklos

Niklos K. Besteland er orgelentusiasten som gjer at vi har hatt orgelprogram i tysdagssendingane så lenge vi har halde på. Han har ei stor samling orgelmusikk og deler villig med seg annankvar tysdag.

I dag deler eg med dykk litt av den takksemda eg føler for jobben Niklos gjer. Ikkje nok med at han har fine program, han lagar og god informasjon om musikken, komponistar og utøvarar. Kvar tysdag får eg eit ark med den informasjonen så eg kan fylgje med på det han presenterer.

I dag tenkte eg at eg ville skrive på Setesdalswiki om ein av komponistane som eg veit Niklos har stor sans for. Han kjende han personleg, som så mange av organistane han presenterer. Lars Mæland var domorganist i Stavanger og Niklos var mange gonger der borte for å høyre orgelmusikk i domkyrkja.

Setesdalswiki skal jo ha stoff om ting som er relevant for Setesdal, men ettersom wikien og fungerer som informasjonsside for programma eg har i Valle Radio, kan det av og til vere greitt å ha artiklar om noko av det ein møter der. Difor ville eg skrive om Lars Mæland. Han døydde for 20 år sidan, det var før data vart allemannseige, så eg tenkte at det ikkje ville vere så lett å finne stoff om han. Men han var omtalt i Store Norske Leksikon med nokre linjer i utgåva frå 2005-2007, som vel var den siste papirutgåva av leksikonet.

Niklos hadde mykje meir stoff i sine få linjer med presentasjon i Valle Radio. Han likar å ha stoff som kan fungere litt som anekdoter i tillegg til faktastoff, og på arket han skreiv fann eg meir enn nok stoff til å lage ein liten artikkel på Setesdalswiki om Mæland. Den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Lars_M%C3%A6land

Takk til Niklos for å dele kunnskapen sin med oss gjennom Valle Radio

Tilbake til utgangspunktet

I haust har tysdagssendingane vore noko meir liknande generell bygderadio, ikkje minst fordi onsdagssendingane bare har vore annankvar veke. Når eg har hatt ansvaret for onsdagane, kan eg tilpasse programmet slik at det ikkje overlappar mellom tysdagar og onsdagar. Men i morgon er det Ronny Stavsholt som har ansvar, og dermed gjekk kveldens program tilbake til utgangspunktet.

18. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk Halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Nytt frå kyrkje og kristenliv
19.30 Bibeltime
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Her ser du ingen aktuell time, i staden er det kome inn nytt frå kyrkje- og kristenliv og ein bibeltime. Den var til og med på dansk, Hans Erik Nissen er ein røynd bibeltimehaldar og han snakkar tydeleg dansk, så det er ikkje vanskelig å fylgje med.

Du kan lese meir om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20141118

Der er det og lenker som kan gje deg meir informasjon om programmet.

Og her er onsdagsprogrammet:

Program onsdag 19.november
Ansvarleg Ronny Stavsholt
Teknikar Siri Johannessen
Telefonvakter Ingebjørg Helle Haugen og Torbjørg Hoftuft
19.00 Tanker frå Bibelen med Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg Lund
20.00 Ronnys time
21.00 Opi sending med Kåre Rike og Jorunn Lund Harstad

Du sundagskveld

I 1855 skreiv Ivar Aasen:

Du Sundagskveld, du Sundagskveld,
du er daa alltid min beste Kveld.
Du ljose, blide Sundagskveld,
du er daa min kjæraste Kveld.

Eg er nok litt usamd med han her, for sundagskvelden betyr at eg vender nasen mot Setesdal etter ei helg i Mandal, og det er nok sundagskveldar eg kunne tenke meg å slå meg til ro noko lenger heime. Men så legg ein i veg oppover dalen, og på denne tida når kveldane er mørke og det ikkje er snø på Hovden, er trafikken ganske høveleg.

Vel komen fram til Valle er det å planlegge tysdagskvelden i Valle Radio. Ofte har eg planar som eg kanskje prøver å få stadfesta, eller så vert det å sende ein meir generell annonse til avisa.

Så er det tid for å sjå litt på Setesdalswiki, kan hende har nokon laga litt der i løpet av kvelden. I kveld kom det ein interessant artikkel, Englevingen. Den vil eg dele med deg som les bloggen:

Englevingen er ei jenteforeining (misjonsforeining) i Evje, tilknytta Det Norske Misjonsselskap (NMS). Hovudføremålet er å arrangere basar kvart år i november på Tryggheim bedehus. Mest kvar veke møtast jentene heime hos ei av dei for sosialt samvær og for å lage gevinstar til basaren. Tidlegare var samlingane mykje heime hos Kari Østensen Skavoll på Tønnesland. For tida er samværet gjerne hos Marri-Ann Galteland i Tingbergheia bustadfelt. Det er ingen formell leiar i gruppa, men Valborg Hauan er som oftast møteleiar under basarane.

Du kan lese meir og sjå bilete om du trykkjer på denne lenka: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Englevingen

Og om du klikkar deg inn til moisund.com finn du stoff på ein annan måte: http://www.moisund.com/2014/11/16/laurdag-er-englevingen-basaren-tilbake/

Eg rota litt rundt på Internett for å finne den byen på Madagaskar som det er tale om, men det var vanskeleg på dei språka eg kan. Men eg fann ein artikkel hos nms.no: http://www.nms.no/aktuelt-fra-prosjektet/felles-loft-for-landsbyen-article6123-2323.html

Det er altså framleis mykje som ein kan lage artiklar om på Wikipedia om ein har bakgrunnsstoff og tid. Av og til har eg lurt på om vi ikkje burde lage ei wikipedia for kyrkje- og kristenliv, det er så mykje stoff som burde vore omtalt frå dette området som aldri kjem fram. Men om så skal skje, må nok fleire enn eg ha tanken.