Sundagskveld

Når borna bur langt frå foreldrene, må ein halde kontakt med dei via telefon i våre dagar. Ettersom våre born bur spreidd, blir det ofte til at sundagskveldane nyttast til å høyre korleis veka har vore, eventuelt å snakke om kva som ligg framfor.

Denne sundagskvelden i romjola er likevel litt annleis enn dei fleste sundagskveldar. Dei har ordna seg fri i dagane mellom jol og nyår. Då kan vi snakke litt om det. Desse dagane kan ein nytte til å møte vener og kjente før utfordringar med arbeid eller studier kjem for fullt tilbake.

Her i huset har eg hatt stor glede av å fylgje sjakk-sendingane på NRK. Første delen av Sjakk-VM i New York gjekk ikkje så bra for Magnus Carlsen, så kom bukse-kontroversen. Men i kveld fekk vi høyre at han vil stille opp i lynsjakk i morgon. Kan hende klarar han å vinne den turneringa. Når det gjeld sjakk, kan ein ikkje anna enn å bli imponert over korleis unge og eldre kjempar i same turneringa. Sjølv har eg aldri spelt tunering, men av og til gjer spelarane på TV det trekket eg ville gjort, og då gleder eg meg.

Reidun fekk puslespel i jolegåve, denne gongen var det tre puslespel i same eska. Dei teikningane som skulle puslast saman, var svært rike på detaljar, så ho har sete med det nokre kveldar no. Det er ikkje noko for meg, men det er morosamt å sjå når ho har fått det ferdig.

Arkiverte program

Mange gonger har vi fått spørsmål om det er råd å høyre programma i Valle Radio på anna tid enn når sendinga går. Då har vi alltid sagt at vi ikkje har podcast-funksjon i radioen, så det er ikkje råd.

Men då eg såg på Siste endringar-sida på Setesdalswiki i dag, hadde teknisk sjef i Valle Radio lagt inn lenke til fem sendingar frå november/ desember i fjor. Du finn dei lettast ved å gå til den sida og leite deg fram til endringar gjort 11. desember.

Elles i dag la Geir inn på Setesdalswiki fleire artiklar basert på jubileumsskriftet til Nomeland bedehus. Slik veks leksikonet Setesdalwiki litt etter litt. Vi har til no i år auka med 840 artiklar, så det spørs om vi klarar å runde tusen i 2024, noko som er færre enn tidlegare år.

Postludium i adventstid

I kveld hadde eg høve til å høyre Postludium i Valle Radio, det har vore litt skralt med det i det siste. Niklos K. Besteland held ut og har stor glede av å finne orgel- og kyrkjemusikk som ein sjeldan får høyre i eteren, og sjølv om han ofte finn ukjende komponistar, hadde han i kveld funne stykke av dei to store, Dietrich Buxtehude (1637-1707) og Johann Sebastian Bach (1685-1750),

Først fekk vi høyre BuxWV 202, eit nydeleg lite stykke spelt med fløytestemmer på orgelet i Schwerin Dom av Jan Ernst: Lobt Gott, ihr Christen alle gleich, ein orgelkoral over ein salmetone. Så kom ei kantate av same komponisten, Das neugeborene Kinderlein, BuxWV 15, med koret i Det kongelege kapell i København dirigert av domkantor Ebbe Munk.

Dei to siste stykka var av Bach. Først kantate nr. 51, Jauchzet Gott in allen Landen, BWV 51 med Dresden kammerkor og Köln kammerorkester dirigert av Helmut Möller-Brühl. Så kom BWV 700, orgelkoralen Vom Himmel hoch, da komm ich her spelt av domorganist Hans Leitner på orgelet i Stefanskatedralen i Passau, verdas største orgel etter det han fortalde.