Lokalhistorie i Mandal

I Mandal arbeider dei med lokalhistorie, akkurat som dei gjer i mange andre kommunar rundt om i landet. I fjor kom det ut ei flott bok om øyane i kommunen, no er turen komen til den delen av kommunen som ligg aust for Mandalselva. Dermed er Eskeland aktuell, og Reidun las korrektur på det som gjeld vår gard tidlegare i vår.

No var det tid for å finne bilder til boka. Det er Knut Lindseth som styrer med det. Han kom ein tur til oss i dag og då fortalde han at han hadde halde på med slikt sidan 1971. Det hadde blitt ei stor samling etter kvart, og hos oss fekk han bilder av Reidun sine foreldre, besteforeldre og oldeforeldre.

Vi snakka også litt om at det var fint om ein hadde med bilder som ikkje bare var portrett, men på den andre sida var det nok vanskeleg å finne slike, for før måtte ein gjerne til fotograf for å få ta bilder. I dag kan jo alle nytte mobilen og dele bilder på sosiale medier. Å finne bilder i aviser er ikkje så lett, dei har ikkje alltid så gode arkiv, så sjølv om det er råd å finne bildet digitalt i avisa, er det til lite nytte om ein vil bruke bildet i ei bok.

Sykling

Det er nokre år sidan eg sykla, men eg har ofte blitt imponert over dei som syklar som profesjonelle. No i pinsa har vi kunna sjå dei i norsk natur, sykkelrittet Tour of Norway gjekk frå Bergen til Stavanger. Pinseaftan sykla dei frå Røldal til Hovden, det var ein kort tur, for veret i Hordaland var striregn, så løypa vart avkorta. Til gjengjeld var turen frå Valle til Stavanger i går den lengste i rittet nokon gong, over 220 km, trur eg dei sa.

I dag var det så finale med start og mål i Stavanger. Då gjekk turen ut over Jæren, til Undheim og Varhaug før dei snudde nordover att. Og sjølv om det var ei gruppe som låg først, så vart den kjørt inn og i spurten vann sanneleg det norske håpet Alexander Kristoff på heimebane.

Det var interessant å sjå fine bilete frå område eg har kjørt gjennom mange gonger, både i Valle og i Rogaland. Eg hugsar sist dei var gjennom Setesdal, då såg eg dei starta i Valle og så fylgde eg etter dei til Nomeland. Der tok dei vestover, medan eg kjørte sørover. No er det lenge sidan eg har teke turen frå Valle til Mandal, og endå lenger sidan eg kjørte over Suleskar. Difor var det moro å sjå både landskap og sykling.

Jetta

Eg hadde hatt meg ein liten lur og kom inn i stova. Til vanleg ville det vere sein lunsj, men Reidun sat der og var ikkje svolten. Ho hadde vore ein tur i Mandal medan eg sov, skulle ordne litt av kvart før helga.

-Eg måtte sette att bilen i byen, sa ho. Ho har hatt ein trufast Jetta i mange år, og av og til har vi diskutert om vi skulle selge den og klare oss med ein bil no når eg ikkje lenger pendlar til Valle. Men eg har meint at det av og til kan vere godt å ha to bilar likevel. Om vi skulle bytte, ville eg nok kjøpt ein ny Citroen C5,

Ho fortalde at på veg heim, kjende ho at det lukta brent. Ho fekk parkert bilen ved Ime skole, og ho var saman med nabo Jean. Dei hadde ringt dattera til Jean, Lena, og ho var i byen, så ho og mannen kom og kjørte dei heim.

I kveld tok eg ein telefon til NAF/Viking, dei har flytta til Vigeland, men etter ein halvtimen kom Jostein, han visste kor vi budde, for han har hjelpt oss før, og henta nøkkelen til Jettaen, fekk han på bilen sin og kjørte han 500 meter til Gumpens Auto Mandal. Der får han stå til verkstaden opnar etter pinse og dei kan reparere han.

Lesemodus

I vår har eg vore i lesemodus, meir enn i skrivemodus. Det har nok dei merka som fylgjer med på Setesdalswiki, for det er Geir og Siri som er mest aktive der no.

Då Lucinda Riley skreiv bøkene om dei sju søstrene, las eg dei med stor glede. Difor ville eg gjerne lese om adoptivfaren deira då boka Atlas – Historien om Pa Salt kom i Bokklubben. Den er på nesten 750 sider, så det var ein murstein. Eg burde nok ha lese bøkene om søstrene om att, for det er mange tilvisingar til hendingar i dei bøkene og eg hugsar ikkje alt så godt. Men det var ei god leseoppleving likevel.

I staden gjekk eg til biblioteket og fann bøker av Jenny Colgan. Eg har skrive om dei før, dei hentar handling frå Skottland. Eg kallar dei feel good.bøker, for dei skildrar livet til folk som kanskje ikkje har det heilt enkelt. I kveld har eg kost meg med En evighet fra deg medan Reidun var på avslutningsmøte i kvinneforeninga ho er med i.

Røtter på Skjernøy

Dette er tittelen på ei bok Helge, Margunn og Sigmund laga i 2004. Då skulle vi ha slektsstevne, og Helge hadde funne 205 etterkomarar og 105 ektefeller etter Peder Calfeldt og Oline Marie Berge. Den boka fekk gårsdagens langvegsfarande folk med seg i bagasjen då dei reiste, for dei hadde jo funne seg sjølv der.

Problemet med ei bok er jo at ho fort blir utdatert. Når nokon døyr, blir fødde eller kva anna som skjer, så kan ein ikkje oppdatere. Det må kvar eigar syte for å gjere sjølv. Men ei bok kan vere eit godt utgangspunkt og ei god hjelp til å få oversyn.

Slekta frå Skjernøy vart kopla saman med folk frå Ålgård då eg og Reidun gifta oss i 1970. Men fram til no har det ikkje blitt laga slektsbok for mi grein. Etterkomarane våre hadde sikkert sett pris på ei bok der dei kunne få oversyn. Det planlegg vi å lage i år, om eg no får tilbake initiativ og skrivelyst etter å ha hosta meg gjennom det meste av våren.

Amerikabesøk

I dag hadde vi besøk av Reidun sin tremmening Deborah Marie Wallevik, nå Klatil og hennar son Justin og kona hans, Jessica. Vi hadde avtalt at dei skulle kome til lunsj, og då fekk dei fiskesuppe og rundstykke.

Det vart eit hyggeleg besøk, der gamle bilete var i fokus, for i album etter Reidun sine foreldre var det mange bilete frå folk som hadde vore heime frå Amerika og som var felles kjende.

Etter at dei hadde vore hos oss eit par timar, reiste dei til Skjernøy, for røttene var eigentleg der på morssida i familien. På farssida kom dei frå Hardanger, frå Vallarvik i Strandebarm. Der skulle dei ha slektsstemne i pinsa, så turen hit var bare ein liten omveg for dei langvegsfarande folka. Dei fortalde at dei hadde vore på våre trakter før, men då utan å treffe folk, for dei visste ikkje kven som kunne vere slekt. No hadde dei fått kontakt, så då var det jo langt betre.

Her er gamle bilete i fokus. Reidun si søster Bjørg til venstre, Justin i midten og Deb til høgre.

Sau i vegen

Jorunn og Ole Thorvald var vestover i helga og feira Brit noko på etterskot. Det skulle vore sist helg, men då var det konfirmasjon på Varhaug, og den var prioritert.

Eg tok ein telefon for å høyre korleis dei hadde hatt det, og då var dei på veg heimover til Lyngdal og var komne til sauebygda Bjerkreim. Der er det utrygt for sau i vegen, og plutseleg var det nettopp det som skjedde, medan vi snakka saman.

Straumen av bilar med folk som hadde vore på Sørlandet i langhelga og no skulle tilbake til Sandnes og Stavanger, var lang. Då er det uhøveleg med sauer i vegen. Akkurat som det er på Suleskarvegen, som opna no i helga, og der rapportane sa 4 meter høge brøytekantar.

No gjekk det godt for dei som var på E-39 i kveld i høve til sauene, så langt eg veit. Men å kjøre forsiktig og forsvarleg, det er viktig, anten det er sauer i vegen eller ikkje.

Catering

Bare litt lenger nede i Tregdevegen ligg Tregde feriesenter, Marinaen som vi kallar det. I år hadde dei eit tilbod på catering til 17. mai, og vi valde å nytte oss av det. Etter at Reidun og naboen Jean hadde vore i byen og besøkt mannen hennar, Kåre, som er på Orelunden omsorgssenter, svinga ho nedom marinaen og henta det vi hadde bestilt.

Dette vart ein litt annleis middag enn det vi har til vanleg, og det var ikkje pølser og potetstappe, som mange har på 17. mai. I staden var det noko kaldt og noko vi måtte varme, det meste tilpassa norsk smak, altså ikkje særleg sterkt.

Vi vart gode og mette, så dessert-brownien måtte vi vente med til kvelden, og den var så mektig at vi fann ut at den godt kunne takast i to omgangar.

Prisen på herleghetene skal eg ikkje seie så mykje om, men vi var enige om at det bare er 17. mai ein gong i året.

Gode minner

I kveld hadde eg ein lang samtale med min gamle kollega Øystein Berg. For nokre dagar sidan kom Kim Pedersen over han på Coop Hylestad der han handla boksar med Cola. Av ein eller annan grunn har prisen på dei vore låg i ei tid der det meste anna har stige. Øystein likar å ha eit lager, og når drikken er rimeleg, er det jo naturleg å fylle handlekorga.

Men vi snakka om mykje anna, både om elevar vi hadde og korleis det går med dei vi veit noko om og mangt anna. Vi hadde stor glede av å vere saman om å gje dei eit best mogleg grunnlag for eit liv i Norge.

No kjem det nye flyktningar til landet, og det er å vone at dei også får lære seg norsk og fungere i jobb til dei eventuelt kan reise heim att.

Og så ønska vi kvarandre ei fin feiring av nasjonaldagen. For min del blir det nok framom TV, eg har ikkje planar om å gå ut og skaffe meg meir hoste i den skarpe vårlufta.

Lang pause

Det vart ein lang pause i blogginga mi no i vår, heilt frå 23. april har det vore stille. Men eg får prøve å kome i gang att og skrive litt. Eg fekk ei sterk forkjøling og har halde senga ein del, sjølv om eg ikkje har hatt feber. Heller ikkje Setesdalswiki har fått særleg mykje nytt frå meg i denne tida, men heldigvis er det andre som har skrive litt der. Takk til dykk.

Denne veka er det vanleg sending i Valle Radio i morgon kveld, 16. mai. Det blir også sending 17. mai etter det eg fekk vite då eg snakka med Siri Johannessen i dag. Her er programmet for tysdag:

Tirsdag 16. mai
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over en åpen Bibel ved Svein Anton Hansen (Norea, 2012)
18.30 Musikk og folk med bygdekinomaskinist Tor Porter Saltrøe og Åpne dører fra Vietnam og Laos
19.30 Timen med 20-årsjubilanten Ove Støylen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com