I Mandal arbeider dei med lokalhistorie, akkurat som dei gjer i mange andre kommunar rundt om i landet. I fjor kom det ut ei flott bok om øyane i kommunen, no er turen komen til den delen av kommunen som ligg aust for Mandalselva. Dermed er Eskeland aktuell, og Reidun las korrektur på det som gjeld vår gard tidlegare i vår.
No var det tid for å finne bilder til boka. Det er Knut Lindseth som styrer med det. Han kom ein tur til oss i dag og då fortalde han at han hadde halde på med slikt sidan 1971. Det hadde blitt ei stor samling etter kvart, og hos oss fekk han bilder av Reidun sine foreldre, besteforeldre og oldeforeldre.
Vi snakka også litt om at det var fint om ein hadde med bilder som ikkje bare var portrett, men på den andre sida var det nok vanskeleg å finne slike, for før måtte ein gjerne til fotograf for å få ta bilder. I dag kan jo alle nytte mobilen og dele bilder på sosiale medier. Å finne bilder i aviser er ikkje så lett, dei har ikkje alltid så gode arkiv, så sjølv om det er råd å finne bildet digitalt i avisa, er det til lite nytte om ein vil bruke bildet i ei bok.