Ei natt på E-18

I dag var eg til ein kontroll på Sjukehuset i Kristiansand. Der møtte eg ein lege som har ein dag i veka på Mandal sjukehus, som regel onsdagane. Sist veke var han i Mandal onsdag og skulle heim til Arendal der han bur. Han kom av garde litt seint, klokka var vel mellom seks og sju, fortalde han. Ved Sørlandsparken fekk han melding om å køyre om Birkeland, og så vende han mot E-18 att. Hadde han halde fram til Hynnekleiv, så hadde han kome seg heim. I staden tok han vegen mot Lillesand i krysset på Birkeland. Det skulle han ikkje ha gjort, for han vart ståande på E-18 heile natta og kom ikkje heim før klokka 9 neste morgon, då skulle han for lengst ha vore på jobb på sjukehuset i Kristiansand.

-Det vart ei lang natt, sa han. -men eg leid ikkje noko naud, og dei eg såg på vegen, såg ut til å ta det med ro. Sjølv om dei hadde barn med seg i bilen, tilpassa dei seg situasjonen. Men det er jo litt utruleg at ein tur på 80-90 kilometer skal ta 15 timar. Me som var i Arendal den natta og køyrde om Evje utan å ha særlege problem, lurte nok på kvifor ikkje politiet informerte om den vegen. Mange kunne vore sparde for ei natt på vegen om om dei hadde fått vite at Arendalsvegen mellom Evje og Froland var utan føling med uveret.

Heldigvis er det ikkje ofte ein opplever noko liknande. I avisa i dag var det ein del kritikk av handlingslamma kommunale etatar og handlingslamma vegvesen. Heldigvis var politiet på høgd med situasjonen og såg til at dei fleste fekk den hjelpa dei trong. Så får vi krysse fingrane og håpe at det går lenge til neste gong.

Snøvinter på Sørlandet

Om du sist sundag hadde sagt til meg at det skulle bli ein meter snø på Sørlandet, hadde eg ledd av deg og sagt no har vi snart mars. Sist sundag gjekk vi på Kigefjellet her utanfor Mandal og kunne sjå nesten heilt til Danmark, og hadde lufta vore litt klarare, kunne vi i alle fall sett vindmøllene på Lindesnes. I gamle hagen som svigerforeldrene mine hadde stod snøklokker kvite og nikka mot sola.

I dag er dei gøymde under ein meter med snø, og om dei kjem opp att og blømer, kan ein nok lure på. Det ligg jamnt med rekkverket på verandaen, og snømåking i innkjørsla må gjerast fleire gonger til dagen. Slik kan det skifte. Vi var utan straum og telefon ein god del av laurdagen, men i natt kom det attende, så no fungerer systemet slik det skal. Og godt er det. Vi har brunn med pumpe, ikkje lett å få vatn når straumen forsvinn.

I staden for å skrive på bloggen, kunne ein lese litt. Det har vore interessant å bla i boka om Agathe Backer Grøndahl som Lisbeth skaffa meg før ferien. Hundreårsminnet for hennar bortgang er i år, akkurat som for venen hennar, Edvard Grieg. Store musikarar begge to.

Elles er det vinterferie komande veke, så det vert ikkje tysdagssending i Valle radio denne veka. Onsdag er det kommunestyremøte etter lista i alle fall. Så får vi sjå etter kvart kva ein kan skrive om på bloggen.

Så har dei dansa for kongen

Det var flott å sjå setesdølane på TV i kveld der dei dansa for Kong Harald i høve 70 + 70. Sjå

http://setesdolen.no/Bilder%202007/09022007/forside.gif

Dei som var med, var munnharpespelar Knut Inge Hovet, som for ein del år sidan var teknikaren min i Valle Radio. Vidare var det Sylvia Barman-Jenssen, Geir Uppstad, som og er teknikar i Valle radio, Anne Lise Åmlid Haugeland, Kjell Nomeland, Gunn Marita Viki, Geir Ola Nomeland og Knut Kjetilson Jore. Knut hausta humoristisk applaus for stevet han kvo som siste del av innslaget, og Knut Inge spela munnharpe som om han aldri hadde gjort noko anna.

At dette var eit innslag dei kongelege kunne kjenne seg att i, var sikkert. Det gjorde stor lukke då vi såg kronprins og prinsesse danse gangar i eit filminnslag i programmet litt tidlegare i sendinga.

Etter det Geir fortalde då han var teknikar sist veke, skulle dei reise til Oslo alt onsdag for å øve til programmet. Han gledde seg til å avslutte veka før vinterferien på den måten, og eg vonar dei har ein triveleg tur til hovudstaden for å å hylle ein folkekjær kongefamilie ved feiringa av åremålsdagane.

Problemveke 2

Som eg skreiv i går, var det ikkje så lett å få til sendinga for onsdag 21. februar. Bjørgulv T. Berg vart liggjande heime i influensa, og kunne ikkje ta sendinga. Ørnulf Hasla, som eigentleg var sett opp, skulle levere ordførarkjede i Marnardal denne kvelden og hadde difor bede Bjørgulv overta kvelden. Så difor fekk eg telefon med spørsmål om eg hadde høve til å overta. Men det hadde eg ikkje, for eg skulle dra saman med Berit Follerås frå Hovden til Arendal på eit møte i Utdanningsforbundet, og planen vår var å dra 16:15, når bussen frå Hovden kom til Valle.

Eg lova Bjørgulv å sjå kva eg kunne få til. Theis kunne ikkje, for han hadde messe i Bykle, det var ikkje bare Kong Harald sin fødselsdag (70 år) det var også askeonsdag og gudstenester i heile dalen. Men Helge Dahle kunne. Han er sett opp til å ha påskesendingane, og no fekk han halvannan time å øve seg med aktuell time og kommunen informerer.

Sjølv fekk eg ikkje høyre sendinga, men eg fekk positive tilbakemeldingar på at det hadde gått greitt for han, sjølv om den som eg snakka med trudde han var litt nervøs til å begynne med. Men då han vart varm i trøya, gløymde han å vere nervøs, og då gjekk det greitt.

I avisa stod det Bjørgulvs time med gjester, men då vart det trekkspelmusikk frå Ånund K. sine innspelte program, og så kom Øyvind Jacob i studio og hadde ein halv time med musikk før Britta Lise gjekk på lufta til open sending.

Sjølv sat eg i bilen på veg til Arendal då klokka var seks, men eg tenkte jo litt på korleis det gjekk. På Hotell Maritim i Arendal var internett nede, så det var uråd å høyre noko. Men kveldsmaten var oppe, så det var råd å ete litt, og det var godt. Eg og Berit snakka på turen om kor uveret dei melde om var, vegen var god og turen gjekk greitt nedover. Fyrst då vi kom til Blakstad merka vi noko til at det var kome mykje snø. Men vi lista oss inn i eit parkeringshus som låg vegg i vegg med hotellet, og kom oss altså vel fram. http://www.arendal-maritime-hotel.no/

I dag vart møtet vi skulle på avlyst, så vi lo litt til kvarandre då vi drog heim att. Dei einaste som kom seg til Arendal til dette møtet, var dei to frå Bykle og Valle, og dei måtte reise heim med uforretta sak. Vi lurte jo litt på om vi skulle få ein natt til i Arendal, det kunne vi godt hatt på det koselege hotellet, men vi kasta oss ut i det og då vi passerte Stoa, var i grunnen problema over. Turen gjekk fint, og mellom Vegusdal og Evje var det til og med sol.

Problemveke har eg sett som overskrift på denne artikkelen og det eg skreiv i går. Det syner seg ofte at dei problema ein trur ein vil møte, ikkje kjem når tida er inne for det. Vi såg på TV om problem på E-18 mellom Kristiansand og Grimstad, og mange lurte nok på om vi var innesnødd eller noko liknande. Det var vi ikkje, vi hadde ein triveleg tur, sjølv om møtet ikkje vart noko av. Eg trur det er lurt å ikkje bekymre seg på førehand, som oftat vert det ei løysing. Slik vart det denne gongen og, både med turen og med Valle radio.

Problemveke

Influensa slår inn over oss også i Valle radio. Programma for denne veka er:

**Tysdag 20. februar 2007 **
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Knut Olav Tveiten

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Songar med Åshild Rosland Hvass
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 21. februar 2007**
Kong Harald fyller 70 år

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg/ Britta Lise Homme
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonar: Berit Homme

18:00 Aktuell time
18:00 Visjon for Valle. Arne Tronsen
18:15 Vafa har fått heimeside. Torjus Uppstad
18:30 Tunnel til Sirdal. Saavi og Tåle Nomeland
19:00 Kommunen informerer ved Steinar Kyrvestad
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Gamle svisker ved Ånund K.
20:30 Musikk ved Øyvind Jacob
21:00 Opi sending ved Britta Lise Homme og Hallvard Tveit

Kunngjeringar og helsingar 379 37577

Tysdagen gjekk greitt. Knut Olav Tveiten var teknikar, så då hadde eg hjelp att, det var triveleg, og han løyste oppgåva greitt.

Onsdagssendinga er ikkje like lett, nå knapt fire timar før vi skal på lufta. Bjørgulv T ligg heime i influensa. Så det oppsettet som stod i avisa, vil nok bli justert noko. Alt no ser du at Bjørgulvs time med gjester, slik avisa meldte at det skulle vere, no er teken ut. I staden blir det musikk, fyrst ved Ånund K. og så ved Øyvind Jacob.

Kva som skjer før andakten, er eg litt usikker på. Set på radioen klokka 18:00, så får du vite det.

Visjon for Valle

På nettsidene til Valle kommune står det at kommunen har fått nye styringsmål. Sjå

**Nye styringsmål for tilsette i Valle kommune**
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=484

Her heiter det at ein skal vere **gjestfri for nye tankar**. Det er ein interessant måte å seie det på. Eg trur Valle Radio har ein funksjon her, om nokon høyrer på oss då.

Nye tankar kan kome når ein minst ventar dei. Ofte kjem dei når folk snakkar saman. Ein lærer av kvarandre gjennom å snakke saman. Høyre kva andre har å seie.

No når valkamp står for døra er det viktig å høyre kva politikarane har å seie for å finne ut kven ein skal stemme på. Avisa har ein funksjon for å formidle det. Men kanskje burde også lokalpolitikarar ha ein blogg for å sende ut signal til veljarane, slik at ikkje alt vert filtrert gjennom andre sine filter.

I går skreiv eg om topp-politikarar som vart spurde om dei blogga. Rikskjendisane hadde ulike syn på det, men politikar som stod under topp-kjendisane hadde visst lettare for å blogge enn dei som står på toppen. Høybråten, Solberg og Sponheim hadde ulik vurdering av verdien av å blogge.

Kven blir den fyrste Valle-politikaren til å ta i bruk dette mediet for å presentere synspunkta sine?

Blogging

Aftenposten skriv i dag at få topp-politikarar brukar bloggar. Dei har intervjua Lars Sponheim, som ikkje vil skrive sjølv, Dagfinn Høybråten, som blogga i valkampen og Erna Solberg som meiner det er godt nok når ho skriv på NA 24. Eg har ikkje funne stykket på nettet til no, men avisa fortel at Carl Bildt og Heikki Holmås bloggar. Her er lenke til Heikki sin blogg: http://heikki.no/
Og Carl Bildt har denne bloggen: http://carlbildt.wordpress.com/ Bloggen hans heiter Alle dessa dagar.

Og så er det meg då. Eg er ikkje topp-politikar, no er eg ikkje politikar i det heile tatt. I fagorganisasjonen kallar dei meg senior, folk som er over 55 får ein slik merkelapp. Men eg skriv blogg og sjølv om eg har hatt pause sidan torsdag, prøver eg å skrive kvar dag. Det går mot 500 innlegg på bloggen her og over 55.000 sidevisningar sidan 1. november i fjor.

Det er mange som bloggar om privatlivet. Det er betre å blogge rundt eit tema, tykkjer eg. Å blogge med utgangspunkt i Valle radio, gjer at temavalget kan vere ganske vidt. Erfaringa er at om ein bloggar dagleg, får ein mange som les. Men no kan du skrive deg opp på lista over dei som abonnerer på bloggen, så får du det som epost når eg har skrive eit nytt innlegg. Enno er det ikkje så mange som har teke i bruk den tenesta, så det er god plass til fleire.

Av andre kjende personar som blogger, vil eg nemne Oddbjørn Evenshaug. Den kjende pedagogen og misjonsleiaren har sin eigen blogg. http://evenshaug.blogspot.com/ Han skriv ikkje kvar dag, men minst kvar veke om aktuelle spørsmål i kyrkje og samfunn. Før helga skreiv han om Rally Norway, men han hadde ei eiga vinkling på saka. Ta turen innom bloggen hans og les. Her er lenke til ei side om han på wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Oddbj%C3%B8rn_Evenshaug Nettleksikonet som alle kan redigere og som eg er svært fascinert av, vil denne veke runde 100.000 artiklar. Ta deg gjerne eit sveip rundt om i det ved å klikke på dei blå lenkene. Du vil verte overraska over kor mykje interessant du finn der.

Blogging er ein fin måte å få sagt noko til andre på. Under føresetnad at nokon les det ein skriv, då. Takk for at du tok deg tid til å lese dette.

Nyhetstimen på Valentinsdagen 2007

Det er Valentinsdagen i dag, men det vil nok ikkje prege sendinga i særleg grad, sjølv om det nok vil verte nemnd, kanskje særleg i fyrste innslaget i kveld. Grete Hasla kjem i studio for å fortelje om aktivitetar hos **Hasla, Sylvsmia i Valle sentrum** og om respons etter at dei har vore på messe på Lillestrøm. Sjå
http://www.norskdesign.no/utmerkelser/mfgd/grafisk/2004/dbaFile7717.html
og http://www.hasla.no/hoved.html

Etter Grete kommer Gjermund Espetveit og skal fortelle om **Otra Kraft** http://www.otrakraft.no/ På heimesida står det “Lukerevisjon og tunnelinspeksjon Brokke kraftverk” og det får du vite meir om i kveld.

Bua på Rysstadmo har blitt ei **englebu**, fortel Ellen Jansen i eit intervju eg gjorde med henne før ho drog til Danmark i dag tidleg. Ho fortel meir og om du vil høyre.

Til slutt i kveld kjem Olav K. Nomeland og vil fortelje litt om korleis det er å køyre på leiteaksjon når det er dårleg ver i fjellet. Då tenkjer eg nok at tida går fort mot klokka 19.

I **Kommunen informerer** er det økonomiavdelinga som har ansvaret. Då er det som oftast økonomisjef Wenche Gundersen som stiller opp i radioen. I tillegg til nytt frå eiga avdeling vil ho sikkert nemne at i morgon får Valle ei avdeling som heiter Utviklingsavdelinga. Men om ho vil nemne at Valle kommune er interessert i å leige bustader til flyktningar, veit eg ikkje. Dei er det, men det står ikkje på heimesida, enno. Sjå http://www.valle.kommune.no/

Folkemusikk og utøvarar

Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg / redaktørar: Andreas Bjørkum … [et al.]. – Oslo : Notabene , 1996-2006 – 2 b. Band 1 / redaktørar: Jarnfrid Kjøk og Magnar Sundt. – Cop. 2006. – 199 s. : ill. ; 27 cm ISBN 978-82-482-0171-7 (b. 1) (ib.)

Dette var ei bok Lisbeth snakka om i sendinga. ei bok som ho har på biblioteket. Boka kom ut i 2006 og er ein antologi med åtte fagartiklar. Boka har desse kapitla:

Tor Erik Jenstad: Nemningsbruk i folkemusikken
Bjørn Aksdal: Instrumentene
Gunnar Stubseid: Eg skal lære deg stille, men ikkje å slå
Dagne Groven Myren: Vokal folkemusikk
Bjørn Aksdal: Slåttene på valig fele
Tor Stallvik: Om bygdedansane
Oer Åsmund Omholt: Hardingfeleslåttene
Jan Ling: Folkemusikken i europeisk perspektiv

Ein rask titt i boka fortel at fleire av utøvarane frå Valle er nemnde. Ein blir og fjetra av biletstoffet, det er utsøkt, både foto og teikningar. For ein som ikkje kjenner så mykje av miljøet utanfor Setesdal er det interessant å sjå breidda som boka dokumenterer. Og artiklane gjer at stoffet vert variert, ein plukkar litt her og der og tenkjer: Det må eg få lese seinare. Så blar ein eit par sider fram og finn meir interessant å lese. Anekdotar og små forteljingar illustrerer poeng som forfattaren vil ha fram. I artikkelen om opplæring skriv Gunnar Stubseid:

Ein del av fossegrimtradisjonen frå Telemark og Setesdal har eit spesielt drag: Fossegrimen gjer eit eller anna med hada eller fingrane til spelemannen. Om spelemannen Olav Faremo heiter det: Det var fossegrimen som lærde Olav til å fele. Han var til med han tvo gonger. Fyrste gongen vreid han lislefinger or led på venstre hondi. Olav kunne sveive han plent som han vilde sidan. So var han til med han att i Farøyi. Då vreid han hendene hans, so fingrane på vinstrehondi krøktest etter strengjene og etter bogen på høgre. Men han sov, Olav, med dette gjekk til. Sidan var han ovspilemann.

Med slike soger spreidd utover i boka, vert ho meir enn vanleg interessant å bla i. Du finn henne på biblioteket om ho ikkje er utlånt.

Program i veke 7 – 2007

**Tirsdag 13. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 14. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland/ Jorunn Lund Harstad
Teknikar: Geir Uppstad
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørulv T. Berg
20:00 Barnevern og musikk. Liv Gyro Homme spelar musikk frå musicalen We Will Rock You og fortel om barnevern
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad