Respons

Det er alltid hyggeleg å få respons på program eg har i Valle Radio. I dag fekk eg ein slik respons frå Torbjørn Greipsland, han hadde funne ut at han ville høyre på meg då eg presenterte sangar til advent i går kveld. Han har nok rett i at målgruppa ikkje var unge folk, då hadde nok sangvalget vore litt anna.

I løpet av samtalen fekk eg vite at han skulle ha eit foredrag om utvandring i kveld. Då kom eg på at han kanskje kunne ha eit slikt foredrag i radioen også. Det sa han seg villig til, så neste onsdag kjem han med foredraget Utvandrarane ville feire norsk jul. Det blir klokka 20 til 21 den kvelden.

Sjølv reiser han til Singapore fredagen etter at han har vore med i radioen. Sonen hans bur der, så då blir det norsk juli i Singapore på han og familien.

Vår jul blir i Mandal. Om han blir kvit, er ikkje godt å seie, men eg er glad for at all nedbøren vi har hatt dei siste dagane, ikkje har vore kvit. Då hadde vi hatt vanskeleg for å kome fram. Øystein Berg peika på at ein då kunne seie det lysnet i skogen, som han sa. Men eg svara at ingen hadde kunna seie da ilte jeg frem, for det ville vore uframkomeleg. Eg trur han tok poenget. Slik såg det ut frå kjøkkenvinduet i dag:

Kan være et bilde av vei, gress, natur, tre og fjell

 

Sang i advent

I kveld hadde eg programmet med adventsangar som eg skreiv om i går. Før meg hadde Torleif Harstad Tankar frå Bibelen, det han brukar å ha på onsdagskveldane, så dei som høyrer på Valle Radio kunne kanskje tru at han hadde bomma på dagane.

Etter at eg var ferdig, kom andre gjester i radioen, dei høyrde eg ikkje, for då måtte eg ha ein pause. Men så kom Svein Erik Tandberg og presenterte musikk av Johann Gottfried Herzog, han har spelt inn ei plate med musikk av denne ukjende komponisten på Naxos. Her er omtale:

Organist og professor Svein Erik Tandberg er en nestor i Norge innenfor orgelmusikk og musikologi. På denne platen introduserer han verker av en vesentlig, men kanskje underkjent komponist fra den tyske orgeltradisjonen; Johann Georg Herzog. Platen er innspilt i Sofienberg kirke og er en World Premiere Recording.

Her er sporliste:

  1. Toccata. Op. 61, Nr. 7 Con Moto
  2. Allegro Moderato
  3. Allegro Moderato – Maestoso
  4. Sonate. Op. 62, Nr. 6 «Vater Unser Im Himmelreich»
  5. Andante Con Moto :
  6. Cantabile
  7. Getragen
  8. Con Moto
  9. Allegro Moderato
  10. Andante
  11. Liebster Jesu, Wir Sind Hier. Op. 41, Anhang A, Nr
  12. Lobe Den Herren. Op. 60, Nr. 12 Fest Und Ruhig
  13. Andante Mit 8 Veränderungen (Variationen). Op. 41,
  14. Ste Veränderung
  15. Te Veränderung
  16. Te Veränderung
  17. Te Veränderung: Fugato
  18. Te Veränderung
  19. Te Veränderung: Grave
  20. Te Veränderung: Risoluto
  21. Te Veränderung
  22. Langsam
  23. Trio. Op. 41, Anhang C, Nr. 18. Gemessen. Für Zwei
  24. Choralvorspiel. (Für Die Passionszeit). Ohne Opusz
  25. Fantasie. Ohne Opuszahl (1867) Con Moto.
  26. Andante.
  27. Con Moto.
  28. Fuge. Allegro Moderato

Herzog: Organ Music From South Germany (CD)

 

Til Dresden

I dag reiste Jorunn og Ole Thorvald til Dresden. Der har dei ein julemarknad som er vidgjeten og som samlar over to millionar menneske i adventstida, etter det eg kan lese på Wikipedia. Kvar dag er det konsertar i kyrkjene, så sjølv om dei bare skal vere der tre dagar, får dei sikkert fine opplevingar.

Sjølv kan eg oppleve noko av det digitalt, men i morgon har eg sagt ja til å ha eit program med adventsmusikk i Valle Radio. Det er lett å seie ja i god tid på førehand, og eg har funne musikken eg vil bruke. Men presentasjonen må også førebuast, og då må eg grave litt. Det har eg gjort i dag, og eg må nok grave litt meir i morgon. Men det held på å gå seg til.

Her er programmet for Valle Radio denne veka:

Tirsdag 29. november
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon
18.10  Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
18.40 Sang i advent ved Harald Haugland

19.30 Aktuelt med
Hege Viki og Silje Løyland Homme fra Valle Ungdomsråd
Torfinn Brokke fra Garane grendelag
Kirsten Lømsland fra Byglandsfjord grendelag
20.15 Postludium om J.G. Herzog med Svein Erik Tandberg
21.00 Kyrkjebakken
Onsdag 30. november
Tekniker: Jørund Georg Jore
18.00 Møte i Valle kommunestyre

Advent

Så er 1. søndag i advent over. Det var flott å få med seg litt av Salmeboka sine adventssalmer då NRK brukte 40 minutt på reprise av dette programmet i kveld.

Tirsdag har eg ein plan om å dele nokre fleire adventsalmer med deg i Valle Radio. Eg er sett opp frå 18.40 til 19.30, det blir 50 minutt. Då vil eg starte med

Stockholm Singers som syng Advent av Otto Olsson. 4 minutt

og Hosianna, Davids son 2:44 minutt

Så syng Børre Knudsen Fryd deg storlig, Sions datter 3:31

Julemotett av Eyvind Alnæs med Fredrikstad Doms Jentekor 4:00

I’m dreaming of a white Christmas Jim Reeves 3:13

Folkefrelsar til oss kom Kristin Reitan 4:10

Hvorledes skal jeg møde The vanishing quartet 2:19

Til Betlehem i Judaland Kvedarkvintetten 5:00

Jeg løfter opp til Gud min sang Alta motettkor 3:07

Må vi få ei fin adventstid.

Slekt og slikt

Helge var aktiv med slektsgransking. No har Margunn overteke den rolla, og i kveld har ho ført inn mange namn i databasen hans. Den er ganske stor, for han hadde mange greiner på slektstreet. Ofte fekk dei nye greiner, av og til kunne programmet generere og finne felles slekt om ein gjekk langt nok bakover i tid og så framover att. Slikt ville vore vanskeleg utan datahjelp.

I formiddag var dei på Buen her i Mandal for å sjå på utstillinga som Bodil Nilsen Hodne og Anne Noddeland har. Bodil stiller ut tekstilkunst og Anne har fotografi. Reidun arbeidde saman med Bodil på Mandal sykehjem før ho vart pensjonist. Då dei kom heim og eg fekk sjå katalogen, var det mange verk eg kunne tenkt å ha på veggen. Men våre vegger er ganske fulle, i motsetning til mange vegger i moderne hus, der det knapt heng noko på veggene.

 

God hjelp

Gud såg at mannen ikkje kunne klare seg aleine, difor skapte han ei kvinne som kunne hjelpe han, heiter det i Bibelen si skapingssoge. Det er godt med gode hjelparar, og i kveld fekk vi besøk av Margunn og Stein. Dei hjelper mellom anna med å rydde ut av leiligheten til Helge, og der var det mykje, sjølv om den ikkje var så stor.

Mellom anna hadde han samla mange CD-plater, han var glad i musikk. Platene har informasjon om artistar og komponistar og tekstforfattarar. Slik informasjon finn ein ofte bare i samband med den fysiske plata. No arvar vi dette, vonleg kan det kome til nytte for Valle Radio om eg skal lage eit musikkprogram ein gong.

Til veka har eg sagt ja til å lage eit program med adventsmusikk saman med Siri på tysdagskvelden. Kan hende kan eg vere til hjelp for henne, ho lagar så mange fine program i radioen, finn interessante folk å snakke med og musikk som høver til.

Denne veka har eg lese Kniven i ilden av Ingeborg Arvola. Ho skriv om ei sterk kvinne som hjelper mange rundt seg. Den boka skal eg levere inn i morgon, slik at andre får lese den, ho er på 14 dagars lån.

Plunder og krøll

I kveld vart det litt meir plunder og krøll enn vanleg. Eg hadde ansvaret for sendinga i Valle Radio og starten vart noko prega av at vi ikkje fekk logge på Internett slik vi skal. Eg veit ikkje kva det var som var problemet, men Jørund Georg Jore kom Torfinn Brokke til unnsetning.

Så etter kvart kom Torleif Harstad på lufta med Tankar frå Bibelen. Men den vart avstytta, og Ann Christin Jacob hadde gløymt at ho hadde ansvaret for Kommunen informerer. Dermed måtte eg klare meg sjølv ved hjelp av Setesdølen. Det var eg jo ikkje heilt førebudd på, men heldigvis låg avisene her ved stolen i Mandal, så litt fekk eg jo sagt.

Eg skulle ha med meg folk i Aktuell time, men hadde gløymt å sende telefonnummera til Hans Fredrik Grøvan og Sigbjørn Åge Fossdal slik at Torfinn kunne ringe til dei. Han fekk dei etter kvart og dei snakka om Nasjonale turistvegar og arbeidet for å få vegen frå Evje til Hovden i ein slik kategori. Det er den strekninga som er spesiell, starten i byen kan ikkje kome i ein slik kategori. Det er Regionrådet som jobbar med dette, og Grøvan har hjelpt i kontakt inn mot sentrale etatar.

Lisa Blom skal ha foredrag på Setesdalsmuseet 3. desember, så vi hadde ein prat for å promotere «I ei kiste, på eit loft». Henne kunne eg snakka lenge med, for ho hadde mykje å fortelje. Dei som tek turen til museet, vil få både historie og historier.

Eg hadde planlagt at folk skulle høyre julesangar og kjenne att teksten, men Jorunn Lund Harstad kom meg til hjelp med normale rebusar og vi hadde hyggelege samtalar med folk frå Sauda, Siljan, Frogner, Bykle og Bygland.

Gode kveldar

Å kome saman og snakke etter ei vond hending, det er god terapi. I så måte er det godt å ha familie som ikkje er i tottane på kvarandre.

I kveld kom Jorunn og Ole Thorvald Moen frå Lyngdal for å ta ein kaffekopp saman med oss. Jorunn og Reidun har alltid noko strikke-aktuelt å snakke om, så dei finn tonen lett. Vi mannfolka kan delta i samtalen på eit enklare nivå, men så har vi heldigvis også anna å snakke om.

Dei er aktive på ein annan måte enn oss, for dei har planar om både å reise til Dresden og til Trøndelag før jul. Juleutstilling i Dresden og barn og barnebarn i Trøndelag, det er mange inntrykk å få med seg i julemånaden. I kveld har snøen tint, så det var greitt å kjøre, men eg lurer litt på om dei fekk problem på turen heim, for det hadde visst vore uhell på vegen mellom Mandal og Lyngdal.

Om vi ikkje hadde fått besøk, hadde eg nok høyrt på Valle Radio. Etter sendinga snakka eg med Siri Johannessen, som hadde tysdagssending som vanleg. Ho hadde alt fått positive reaksjonar på programmet, så det hadde vore ein god kveld i radioen også.

Og så kom det ein telefon frå Solvor på Varhaug. Ho tenkte på oss i denne førjulstida. Så det var ein god kveld.

I morgon skal eg ha ansvar i Valle Radio. Programmet kom ikkje i avisa, men det held på å ordne seg, så eg trur det blir bra nå dei siste avtalane fell på plass.

Eg forsat meg

I dag forsat eg meg. Eg skulle sendt program til avisa for onsdagskvelden, men det var skrive i gløymeboka, så eg hadde ikkje noko å sende innan fristen. Factum est, for å seie det på latin, eg hadde ikkje noko planlagt i det heile. Siri minna meg på at vi hadde bytta slik at eg slapp å ha sending like etter Helge si gravferd.

Eg vil ta kontakt med aktuelle folk i morgon og reknar med å få det på plass då. Siri har programmet sitt klart no i kveld, her er det:

Tirsdag 22. november
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
Program
18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein
18.15 Over en åpen bibel med Tone Benestad fra Norea
18.30 Sangmøte fra Setesdalens Jolemesse med Espen Ottosen og FriHals
19.30 Timen med Setesdalsmuseet om kommende helg på Rysstad, juleforberedelser, fakkeltog og konsert
Forsker Rune Slimestad som forsker på antioksidanter
Else “Sprossa” Rønnevig om bevaring av bygg og miljøer
20.30 Postludium med de siste seks delene av Sigurd Islandsmoens rekviem, med Det norske solistkor og Kristiansand symfoniorkester
21.00 Kyrkjebakken

Årbøker

Årbøker kan ha mykje variert og interessant informasjon. Son min, Sigmund, hadde ein artikkel i Årbok for Sunnmøre 2013. Han skreiv om nettstaden sunnmiddelalder.net, som han laga i samband med studier i historie.

Boka har dukka opp frå ein eller annan plass, og eg sat og bladde litt i den i kveld. Kan hende det var fordi eg måtte roe meg ned etter den spennande handballkampen mot Danmark. Om eg får energi, skal eg lage artiklar om forfattarane på Setesdalswiki med tid og stunder.

Eg fann at boka har mange varierte artiklar. Her er lista: