For ei tid tilbake fekk eg innkalling til kontroll på sjukehuset, og i dag var tida komen. Eg skulle vere der klokka 10.30, men med tanke på dei lange gangane på sjukehuset i Kristiansand, la vi av garde i god tid. Likevel var det med naud og neppe at vi nådde fram i tide, for å finne parkeringsplass på taket av parkeringshuset, det er jo ikkje lett.
No har det seg slik at eg søv med pustehjelp om natta, og i den bipapen eg nyttar, er det ein liten chip som sender alle resultata mine til sjukehuset kvar gong eg startar den, så dei kan fylgje søvnen min minutt for minutt, om dei vil. I samtalen med legen peika eg på dette, men då sa ho at dei kunne ikkje måle blodgassen min gjennom det digitale systemet, så eg måtte innom dei for å få ei slik måling. Så stakk ho meg i ei pulsåre i handleddet, og i dag traff nåla fort utan at åra rulla bort, så då var det bare å hente ut blodet og løpe på labben for å analysere det. Så kunne vi snu nasen mot Eskeland att, i strålande sol.
I bagasjen hadde eg med pulsoksymeter, eg skal måle to netter no. Så då er det vel bare å kome seg i seng og starte målinga. 🙂
God natt!