Kontakt

I kveld tok eg ein telefon til Øystein Berg i Valle. Vi hang saman som eit gammalt ektepar då vi arbeidde med vaksenopplæring i Valle, men no var det eit halvt år sidan vi hadde snakka saman, så vi hadde mykje å oppdatere kvarandre på.

Med nokre vener er det slik at vi mest kan møtast etter år og ta opp samtalen frå då vi sist møttest, og slik er det med Øystein, vi er på bølgelengde med ein gong. Eg har begynt å tenke meir på at eg skal lage prolog til 100-årsjubileet for Nomeland bedehus. Det skal vere sundag 13. oktober, ein del av kulturveka i år.

Ettersom eg ikkje har vore i Valle noko særleg etter at eg slutta å arbeide der, er eg ikkje lenger så tett på det som skjer, sjølv om eg held Setesdølen og slik blir oppdatert kvar veke. Så vi fekk ein triveleg prat om laust og fast og kva som har skjedd kvar på vår stad i løpet av sommaren. Han såg fram til søskenbarntreff, eg såg tilbake på slektsstevnet på Åpta i sommar. Boka som vart laga til det, er ei kjelde til glede mest kvar dag. Den hjelper oss til å halde oversyn over alle, det er ikkje så lett alltid.

Det er viktig å halde kontakt, at den ikkje tek slutt, for då går energien ut av det vi har saman.

Gildt besøk

Vi snudde kalenderen i dag, september dukka opp, det er altså offisielt haust. Framleis står skogen grøn, men vi anar ein gulare dåm i bjørkelauvet.

Ein gammal ven frå tida i Setesdal kom på besøk. Ove Berrefjord hadde vore her i konfirmasjon og kom innom oss på heimvegen. Eg burde nytta høvet til å skrive om han på Setesdalswiki, men det gjorde eg ikkje, vi bare kosa oss med kaffi og Ole Bulls ostekake og let praten gå. Då eg kom til Setesdal i 1991, var Ove svært aktiv på Nomeland bedehus, så det var jo naturleg å snakke om at det er 100 år sidan det første bedehuset på Nomeland vart bygd og at det 13. oktober skal markerast som ein del av kulturveka 2024.

Ove har budd i Svarstad i mange år no. Ein periode jobba han i Søndagsskoleforbundet, men elles har han arbeidd i kyrkja, og der går han inn i ei ny oppgåve frå i morgon av. Då skulle han først på dataopplæring, noko han var litt skeptisk til, for han likte nok betre å jobbe i møte med folk enn i møte med datamaskinar.

For eigen del har eg hatt helseutfordringar den siste veka og måtte ha eit par netter på sjukehuset i Kristiansand for å få tilpassa pustehjelp om natta, men no fungerer det, så søvnen har vore mykje betre etter at eg kom heim på torsdag. No vonar eg det held seg slik, god nattesøvn gjer dagane betre. For eigen del blir det stille dagar framover, for tida er det Reidun som er mest aktiv med ulike ting lokalt. Kan hende får eg inspirasjon til å skrive litt på Setesdalswiki att, heldigvis skriv Geir noko kvar dag, så eg finn som oftast noko nytt når eg er innom der.