75 år

I dag var vi i Lyngdal og feira søster Jorunn sine 75 år. Vi var ganske mange, for av søskena var både eg og Reidun, Solvor og Gaute, Hermund og Kari, og så var Sigurd med. Brit er som søster for oss, sjølv om ho er søskenbarn. Av barna var Torunn Irene og Tom Andreas med tre barn og Gunn Randi og Bård, så var det fire gamle venner frå Ålgård og Steinar, Gro og Anne Synnøve kom til kaffe klokka 17, vi andre var der alt til middag klokka 14.

Det vart ein flott dag, med sang, musikk, Ålgårds-kahoot og mykje kaker til kaffe, gryterett med ris til middag. Hyggeleg å treffe folk, ikkje minst for meg som ikkje særleg ofte lenger tek meg ut, men trivst godt i kråa mi heime med bøker og pc rundt meg. Eg er ikkje lenger så glad i å gå i trapper, og i Lyngdal er det trapper for å kome opp til stova. Men med godt gelender gjekk det rimeleg greitt både opp og ned. Reidun er god sjåfør, no når vi bare har ein bil er det helst ho som kjører.

Når vi møtest og det er kome nytt Varhaugbuen, har Brit ofte med seg både det og Kyrkjelydsblad for Hå. Sjølv om eg aldri har budd i Hå, likar eg å lese dei fine blada.

Til sommaren planlegg vi slektsstevne på Åpta. Margunn arbeider med ei bok med tekstar om slekta og oversyn, vi er mange etterkomarar av Selma etter kvart. Målet er å ha boka ferdig til samlinga første helga i juli.

Landskappleik

I kveldens sending i Valle Radio hadde Ørnulf Hasla eit innslag om at landskappleiken kjem til Hovden i 2026. Eg fekk dessverre ikkje med meg programmet i radioen i kveld, men her er det eg gjekk glipp av:

Program onsdag 17.april

Ansvarleg Ørnulf Hasla

Teknikar Rolf-Erik Homme

19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke

19.00 Kommunen informerer med Magnus Berg, leiar teknisk avd.

20.00 Reprise frå 1 påskedag, konsert og info om landskappleiken som skal arrangerast på Hovden i 2026.

21.00 Ørnulf tek oss med på ei musikalsk reise til haustfesten i Minot Nord Dakota gjennom 20 år.

Dyster framtid

I kveld hadde Valle Radio eit dystert tema som vart godt belyst av Knut Størdal, universitetslektor ved NTNU og kyrkjemusikar i Trondheim. Der har dei teke opp studentar til studiet, men dei får ikkje sette det i gang, for dei har ikkje fått finansiering. Eg fekk ikkje med meg kor mykje pengar det er snakk om, eg veit ikkje om dei sa det.

At ein ikkje skal ha kyrkjemusikarutdanning i Trondheim, kyrkjehovudstaden med vår einaste katedral, det heng ikkje på greip. Det var passande at samtalen vart avslutta med O, Mensch, bewein dein Sünde Gross, ein orgelkoral av Bach: Å menneske, gråt over synda di.

Knut Størdal, som var organist under Salmeboka minutt for minutt og den gongen spelte 128 salmer gjennom tre døgns salmemaraton, ønskte at Postludium skulle ha det halvtimelange stykket Miserere av Arvo Pärt, ein estisk samtidskomponist. Det hadde eg nok ikkje høyrt om det ikkje var i Valle Radio. Han sa at det fekk pulsen til å slå rolegare, eg veit ikkje om det skjedde, for dette var eit moderne stykke der komponisten meir er ute etter klangar enn etter melodiar, slik eg høyrde det. Klangane var klokker som kunne leie tankane til kyrkjeklokker.

Han sa at han vart med i Valle Radio for å kunne seie noko om at ein ikkje må legge ned utdanninga i kyrkjemusikk i Trondheim, det er vanskeleg å kome i gang att om ein legg ned. Eg er samd med han i det,

Rennedrev

Veret i dag kunne nok kallast rennedrev, for det var snø og kuling og lite som minna om vår. Når vi har hatt bare vegar mest sidan nyttår, så er det uvant å kjøre på glatt føre att, og Reidun var til Mandal to gonger i dag. Først klokka 9.30, då skulle ho førebu formiddagstreff på Mandal bedehus klokka 11. Der var dei to predikantar, Åge Nygård og kona, fem komitemedlemmer og 11 andre, som trossa rennedrevet og fann vegen til bedehuset. Så var det Norma kvinneforening i kveld, då brukar dei vere 12, men i kveld var dei bare åtte.

I morgn kveld er skal det visst vere basar, men den droppar vi, rennedrevet skal visst vare også ut over morgondagen. Mange har skifta til sommardekk, eg fekk melding frå verkstaden om at dei meinte at eg burde gjere det no, men eg var jo glad at det ikkje var gjort tidlegare.

I går fekk eg ein telefon frå Ihme Bygg. Eg hadde sagt at vi også ville få lagt nytt golv i løa då dei var var her og la isolasjon og kledning på huset vårt. No lurte Christian Ihme på om eg framleis ville få lagt nytt golv, då kunne det høve å gjere det no i staden for til hausten, for det hadde vore godt å ha innearbeid ein slik dag. Så då kom dei i dag klokka 7.00 og tok fatt på jobben.