Påskelektyre

I dag fekk vi innrykk av påskefolk, og med Margunn og Stein er det gjerne eit tilbod om bøker Margunn kan ta med seg frå biblioteket i Bamble. Det er kanskje litt uhøfleg å dukke ned i dei, men eg dukkar jo opp av og til og blir med i samtalen rundt bordet også.

Dei hadde også vore innom leiligheten Helge hadde i Oslo. Den skal seljast, så då må ein jo rydde ut det han hadde der. Der var det også nokre bøker, sjølv om han er generasjonen etter meg og difor hadde mykje av sitt lesestoff digitalt.

Så eg manglar ikkje påskelektyre, men det er ikkje krim. For mange år sidan las eg meir spenningslitteratur, krim har ikkje interessert meg noko særleg. Denne gongen hadde Margunn funne forfattaren Jenny Colgan si bok Den lille bokhandelen på hjørnet. Ho hadde ingen artikkel på norsk Wikipedia, men på engelsk fann eg ut at den 50 år gamle forfattaren har ein stor produksjon. Kor mange som er omsette til norsk, veit eg ikkje, men det kan eg kanskje finne ut etter kvart.

Det vart i alle fall nok påskelektyre på meg i år.

Travel dag

I dag var det ein travel dag for Reidun. Først var det formiddagstreff på Mandal bedehus, og i dag hadde Reidun si gruppe ansvar for treffet. Ho likar seg nok best på kjøkkenet, dei ordnar smørbrød til folk som kjem. I dag var det om lag 20 som kom for å høyre Åge Nygård. I kveld gjekk så turen tilbake til bedehuset, då var det kvinneforeninga for Normisjon som hadde møte. To turar til sentrum på ein dag, det skjer ikkje ofte.

For meg var det ein rolegare dag. Det kom jo snø og var sikkert glatt, så avisene kom ikkje før godt ut på dagen. Avisa Dagen kom ikkje i det heile, så dei som står for distribusjon av dagleg lesestoff, hadde nok ein krevande dag. Men det er nok å dukke ned i av stoff eg ikkje fekk med meg tidlegare, og så treng eg jo å sove litt på dagen ettersom eg ikkje søv så godt om nettene.

No ser vi fram til å få besøk i påskehelga. I morgon kjem Margunn og Stein, og laurdag ventar vi folk frå Nittedal som vil ha påskehelga her. Alle vonar vi at vermeldinga som seier at snøen skal renne vekk, vil slå til slik at vi kan få ein grøn påske med sol frå skyfri himmel.

Sending i kveld

Ved ein feil kom det ikkje med i avisannonsen at det også er sending i Valle Radio i kveld. Det skulle vore kommunestyremøte, men det vart utsett på grunn av at kronprinsparet besøker Bykle. Difor legg eg programmet ut på bloggen. Del gjerne eller gjer det kjent på telefon når du snakkar med venner.

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

Program:
19.00 Tankar frå Bibelen

19.30 Kommunen informerer ved Petra Marie G. Trydal

20.00 Påskerøe med Jorunn Lund Harstad, Siri Johannessen og gjester rundt aktivitetar i påsken.

Høyr programmet på lufta eller på nettet: https://valleradio.com/

Påskesang

I kveld hadde eg eit program med påskesang i Valle Radio. Det var i samarbeid med Siri Johannessen, som var ansvarleg for kvelden. Eg hadde sett opp ei liste og sendt over til henne. Den var basert på Sangboken, som har ei eiga avdeling med påskesangar. Ikkje alle var på finne på Spotify, så difor var det ikkje alle vi kunne spele. Eg la lista ut på Setesdalswikik, der har eg eit prosjekt om med tida å lage lister over sangane som står i Sangboken. Men det vi nok ta lang tid, om eg nokon gong kjem i mål.

Men eg kan gjerne dele lista med deg som les bloggen. Fekk du ikkje høyre programmet, kan du i det minste sjå kva songar v

Påskesanger i Sangboken

Hopp til navigeringHopp til søk

Påskeesanger i Sangboken er ei liste over påskeesanger i Sangboken.

NrTittelForfattarÅrOmsetjarÅrKomponistÅr
654Bøygd under korset, såra og blodigJoel Blomquist1879Anders Hovden19274
655Deg være æreEdmond Louis Budri1885Arne Fjelberg1947
656Den stunda i GetsemaneEdward Payson Hammond1866Bernt Støylen19062
657Der går fra urtegårdenCarl Gotthard Liander1889Melchior Falk Gjertsen18981
658De trodde at Jesus var borteAnders FrostensonOlaf Hillestad19
659Du som låg i natt seineJakob Sande19313
660Han er oppstanden, dyre ordElias Blix1902
661Han er oppstanden, store budBirgitte Cathrine Boye1778
662Her ser jeg et tålmodig lamPaul Gerhardt1647Brorson17356
663Hill deg, Frelser og forsonerGrundtvig18377
664Hin time i GetsemaneEdward Payson Hammond186618865
665Jeg ser deg, o Guds lam, å ståBrorson1765
666Jesus lever, graven brastJohan Nordahl Brun178618
667Jesus lever, gravi brastBernt Støylen1906
668Krist stod opp av dødeGrundtvig181517
669Ljos over grav som oss livsvoni gavElias Blix189016
670Min Frelser er oppstandenAlfred Henry AckleyTrygve Bjerkrheim195815
671Naglet til et kors på jordenBenjamin Georg Sporon17779
672O hode høyt forhånetPaul Gerhard165610
673Påskemorgen slukker sorgenGrundtvig184314
674Se hvor nu Jesus trederThomas Kingo16898
675Se vi går opp til JerusalemPaul Nilsson1898Liv Nordhaug1979
676Sjå Jerusalem, no din konge kjemElias Bilx1875
677Som den gyldne sol frembryterThomas Kingo168911
678Stille, stille, Jesus liderJohannes Barstad1893
679Åpen ligger gravenBrorson173412
680Å salige stund uten likeJohan Halmrast189013
681Å sælaste stund utan likeBernt Støylen1920

Navigasjonsmeny

Meir

Søk

Verktøy

Stor takk

Etter at vi flytta Setesdalswiki til ny nettstad, har det vore problem å ordne ei rekke lenker mellom nettsida og bloggen. Men i kveld vart det ordna, og eg er svært takksam til Sigmund, som fann ei løysing på problemet.

I morgon er det ny sending i Valle Radio, og eg har fått lov å vere med for å ha programmet Påskesang, Det startar 18.30 og går ein time, og eg vil spele av dei sangane som står i Sangboken under Påske, men også andre sangar eg har minne om knytt til påske. Mellom sangane blir det nokre ord der eg knytter dei saman med slike minne.

Stor takk også til Siri som held tysdagssendingane i gang og dermed gir plass til kyrkje- og kristenliv-fokus i radioen.

Knappane på plass att

Etter at vi flytta Setesdalswiki til ny nettstad har det vore litt problem med knappane over redigeringsvinduet. Dei fleste merkar det ikkje, men vi som lagar artiklar der, måtte finne måtar å gå rundt problemet. Nå har Sigmund løyst problemet og knappane er på plass att. Stor takk til Sigmund for det.

I dag tidleg kom det snø, men snøen på denne tida tiner fort, så ved middagstid var det bart att. Men i ettermiddag kom det ny snø og no vart det også kuldegrader, så no vart den liggjande. Utover i veka skal det også vere kaldt, men truleg vil litt solskin gjere underverk fram mot palmehelga. Vi har ofte hatt snø i påsken, eitt år då vi var nygifte, og det er over 50 år sidan, var det vel ein meter. Då gjekk vi endåtil på ski, så du som les bloggen skjøner nok at det er lenge sidan.

Basar

I dag var det basar til inntekt for Kirkesenteret i Mandal, og Reidun tok turen til byen for å oppleve sosialt samvær og støtte prosjektet. Presten Jan Austad var i sitt ess der han styrte arrangementet med smil og gode replikkar.

For mange år sidan skreiv Arthur Klæbo ei bok han kalla Ullstrømper til Afrika. For det er mange sokkepar som har blitt gjort om til pengar gjennom slike utlodningar. Tradisjonelt var det misjonsorganisasjonane som skaffa seg inntekter via basarar. Og dei nytta pengane til å løne misjonærane sine.

Strikkeplagg har alltid vore populære gevinstar, i dag var det kanskje ikkje så mange store, men desto fleire små. Og lodda gjekk unna, 5 kroner pr. lodd, då rullar pengane fort både ut og inn. Men ein er moderne og ordnar med vipps så vel som kontantar. I tillegg var det noko å bite i, kaffe til 20 kroner og løvtynne kakestykke til 30 kroner. I tillegg var det marknad der ein kunne få kjøpt litt av kvart.

Så vart det litt å ta med heim også. Det kan du sjå på bildet. Vaskeklutar, sokkar, endåtil ein Helnøtt.

Suppe og kake

Suppe og kake var på menyen i dag. Vi fekk besøk av Solvor, Gaute og Brit, og dei hadde med seg kake. Reidun kokte ertesuppe, ikkje på ein spike, men på ein knoke denne veka, og slik heimelaga suppe er det ikkje mange som lagar no for tida, så det fall i smak. I tillegg var det tomatsuppe med makaroni, men den var det visst bare eg som fann glede i.

Vi hadde nok å snakke om, både om turen som Solvor og Gaute hadde hatt til Bangladesh no i vinter, den var heilt fersk, og ved casting til TV kunne alle sjå bileta Solvor hadde på mobilen sin, men også om tida etter at søster Gunbjørg døydde og likeeins saknet etter Helge her i huset. Så ser vi fram til å møtast til sommaren, då er det planlagt slektstreff for etterkomarane etter mine foreldre på Åpta.

Bringebærkake og tebrød kom attåt kaffien før rogalendingane snudde den splitter nye bilen sin nase vestover att. Kakene forsvann før eg fekk ta bilete av dei, men eit bilde vart likevel festa til minnebrikka i mobiltelefonen. Og mange minne vart friska opp i løpet av dagen, der vi også fekk høyre eit kåseri av Brit som vi måtte løne med klappasalve. Her er Solvor, Reidun, Gaute og Brit før rogalendingane drog vestover.

Skatten min

I dag kom skattemeldinga mi, og det ser ut til at eg kan få noko att av det førehandstrekket som går automatisk kvar månad. Men eg undrar meg på kvifor dei ikkje hadde teke med bilen, eg har ikkje bytta bil sidan i fjor, og det veit dei, men eg må visst inn og fylle det ut sjølv.

Det vart sagt at vi ikkje skulle samle oss skattar på jorda, men heller i himmelen, for der skatten er, vil også hjarta vere. Det er eit sant ord, og det kunne nok haldast ei preike eller to over det bibelordet. Men gjennom livet blir det også nokre skattar på jorda.

Eg har starta å abonnere på avisa Dagen. Det er bare ei veke sidan, men til no er det to aviser som ikkje har kome, så eg tok ein telefon til avisa og sa at eg syntest det var dårleg. Eg hadde likevel nok lesestoff, for dei andre avisene eg held, dei låg i postkassen, rett nok noko våte. Eg kan nok skjøne at Dagen aukar meir enn Vårt Land, for Oslo-avisa har mange kommentarar om kultur- og kristenliv, I Bergen skriv dei om folk og kyrkjelydar, og mange likar nok det betre. Eg vonar den kjem i morgon,

Strikkefestival

I ettermiddag var det strikkefestival her i stova. Reidun og mi søster Jorunn snakka om strikk basert på fleire posar med påbegynte verk som låg att då søster mi Gunbjørg døydde i fjor. Eg og svogeren minn fall fort av lasset, men det var gama å høyre på og å sjå engasjementet.

Jorunn var lenge organist i Lyngdal, men som pensjonist blir ho framleis spurt om å vikariere. Difor har ho eit noko tett program. Dei er også med i Vest-Agder Kammerkor (VAK) og koret skal ha konsertar fram mot påske. Då samarbeider dei med eit kor i Danmark, og så kjem danskane hit og egdane dreg til Jylland. Eg vert mest andpusten av programmet, og andpusten skal ein ikkje vere når ein skal synge, så eg håpar dei har kondis til alt dei held på med.

Vi hjelpte til med å ete opp ei kake ho hadde baka, og då dei reiste heim att, kunne dei ta med seg eit tomt kakefat, så ein kan nok seie at turen var vellukka også utover perspektivet med strikkefestival. Det blir nok strikking på danskeferja også, sang og strikking er som Ali kaffe, det kurerer gruff. Forskning syner at korsang i alle fall gjer folk meir harmoniske. Og strikking reduserer stress, om ein då ikkje har deadline for å bli ferdig til påske eller ei anna høgtid og har starta for seint.