Musikkens Venner

I Mandal arrangerer Musikkens Venner av og til konsertar, og i kveld var musikarane Margrete Moen Birkedal og Torunn Irene Moen Kristiansen saman med Eva Landro i kyrkja med eit program dei hadde kalla Uskyldens og erfaringens sanger. Det vart ei fin oppleving.

Dei starta med litt kjent stoff, frå Haugtussa av Grieg/Garborg etter at Margrete og Torunn Irene hadde opna med ein sats frå ein sonate for obo og piano av Emile Saint-Saens. Denne avdelinga vart så avslutta med andre sats av sonaten. Eva Landro er mezzosopran og musikken høvde godt til stemmen hennar, som fylte det store kyrkjeromet. Det var på ingen måte fullt, om lag 40 tilhøyrarar kom for å få med seg denne konserten.

Hovudvekta låg på verket Ten Blake Songs, songar av Vaughan Williams til tekstar av William Blake. I tre avdelingar fekk vi sju av desse songane og mellom desse kom musikk av Debussy. I programmet for kvelden var Geir Uthaug si gjendikting av tekstane til norsk, og det var bilete av den kunstnarleg utforma engelske originalteksten.

Torsdag vil dei framføre same programmet i Krisiansand frikirke. Då kan du få det med deg der. Det bør du unne deg. Her ser du arrangør Kai Stoveland, oboisten Torunn Irene Kristensen, pianisten Margrete Moen Birkedal og sopranen Eva Landro i Mandal kirke.

Hvert nye mirakel

Overskrifta på bloggen i kveld er tittelen på ei bok eg har lese dei siste dagane. Den var lett å lese, delt inn i 35 kapittel og ein epilog, 337 sider til saman, og kvart kapittel har små underavsnitt. Boka, som er frå 2024, har eit motto frå Job 9,10: Ja, han gjør storverk som ingen kan granske og under som ingen kan telle.

Eg måtte finne ut litt meir om forfattaren, og då likar eg å gå til Wikipedia, men på norsk var det ingen artikkel om han. På dansk var det ein grei artikkel, https://da.wikipedia.org/wiki/Nicholas_Sparks

Det synte seg at han har skrive ei rekke bøker, og mange av dei er omsette til norsk. så eg la inn bestilling på nokre av dei på biblioteket her i Mandal. I biografien står det også at han har donert pengar til mange gode føremål der han og familien bur. Han har også starta ein kristen skule.

Det slo meg då eg las i boka at det ut gjennom heile teksten var ei rekke sitat frå Bibelen. Sørstatane i USA er jo kjent for å ha eit rikt kyrkjeliv, men i denne boka er det ikkje så mykje om kyrkjeleg aktivitet, sjølv om tru er ein viktig del av livet.

Så får ein også inspirasjon til å sjå etter mirakel i eige liv. At ein har nådd høg alder, er vel i grunnen eit nytt mirakel for kvar ny dag ein får. Då høver det å slutte bloggen på samen måte som boka sluttar: Takk, Gud, hvisket han. Takk.

Vårleg

Medan eg ser på TV at det snør når dei går på ski i VM i Granåsen i Trondheim, kan eg sjå ut vinduet der det er vårleg og tørr veg. Norge er eit langt land, så det blir ulike tilhøve. I vest høljar det ned frå det meterologane kallar ei atmosfærisk elv, dei får ein månads nedbør på tre dagar.

I Valle Radio fekk eg i kveld vite at det er tid for Sørlandets Litteraturpris og at fristen for å stemme er 15. mars. Siri Johannessen snakka med leiaren for tevlinga og gjekk gjennom dei nominerte bøkene, både skjønnlitteratur og sakprosa. Kan hende eg skulle finne nettsida deira og stemme digitalt, sjølv om eg ikkje har lese bøkene. I kveld har eg avslutta lesing av boka Måneskinnshagen, ho som skreiv den er tysk, så den kunne ikkje vere med i Sørlandets Litteraturpris då den kom ut for nokre år sidan.

Eg fekk også høyre flott orgel- og kyrkjemusikk i Valle Radio i kveld. Særleg ein sonate av Johann Kuhnau, som levde på 1600-talet, var fin. Eg likar når ein kan finne ei melodilinje i musikk, og her var det pasjonssalma O hoved høyt forhånet som ein kunne høyre mellom dei mange forsiringane. Takk for eit fint program!

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagssending_i_Valle_Radio_20250304