I Valle radio har Siri Johannessen i vår hatt ein serei om bønn. I kveld snakka ho med Noreapastor Asbjørn Kvalbein om dette, og det var ein fin samtale, der dei mellom anna var inne på temaet forbønn og bønnesvar. Mellom anna vart strofa frå Det er makt i de foldede hender sitert, der heiter det Du som ber for ditt barn, dine kjære.
Kan hende får du ikkje bønnesvar slik du sjølv hadde tenkt, men Gud høyrer bøna di. Av og til kan det også vere godt å ha faste, formulerte bønner når ein sjølv ikkje maktar å sette ord på bøna. Andre gonger kan bøna bare vere ordlause sukk, også dei høyrer Gud.
Vi fekk også høyre Bjørg Straume fortelje om basaren som skal vere på Valle bygdeheim laurdag og at den er open for alle. Lodd kostar ti kroner, og basaren vil ha mange trekningar ut over dagen, så her kan folk få seg kaffi og litt å bite i medan dei pratar saman og samlar gevinstar.