På wiki att

I kveld fekk eg hjelp av Sigmund til å kome tilbake på Setesdalswiki. Etter at eg hadde problem med datamaskinen min, fekk eg problem med å skrive på nettleksikonet. Men no var det løyst, og eg kan halde fram.

Planen var å skrive om nokre bøker eg har lese når eg ikkje har kunna skrive. Eg har hatt fleire bøker av Åsne Seierstad på leselista mi. Eg fekk jo boka Afghanerne til jul, og så har eg lese om att Bokhandleren i Kabul, De krenkede og To søstre. Eg lånte også En av oss, men den har eg ikkje lese. Eg må levere dei tilbake, men ville jo gjerne lage små artiklar om dei på wiki også. Difor var det flott å kunne skrive der att for meg.

I morgon er det igjen sending i Valle radio frå klokka 18. Noko å glede seg til:

Tirsdag 28. februar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Andakt ved sogneprest Toralv Frøysaa Lie 

18.30 Musikk
19.15 Langtimen
Basar 4. mars! Bjørg Straume vet mer
Asbjørn Kvalbein om bønn
Fra Ukraina-markeringen  i Valle
20.30 Postludium til faste med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *