Her er programmet for Valle Radio denne veka:
Tirsdag 31. mars
13.00 Regionrådsmøte, tekniker Jørund Georg Jore18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea) 18.15 Andakt ved Olav Mosdøl 18.30 Sangtimen 19.30 Aktuell time med m.a. Anne Tone Hageland, Annbjørg Lien og Astrid Rysstad om UNESCO-forprosjektet, 20.30 Postludium med Niklos K. Besteland 21.00 Kyrkjebakken Onsdag 1. april Torsdag 2. april NETTRADIO via https://valleradio.com/ Eg fekk ikkje med meg møtet i Setesdal regionråd, og heller ikkje starten på kveldssendinga i dag, for då var eg i telefonen. Eg har to søstre i Rogaland. Solvor har teke alvorleg oppfordringa om å ringe til dei gamle i desse koronatider, så vi hadde ein lang og hyggeleg prat og så tenkte eg at eg i det minste kunne ringe til den minste søstera mi. Dermed gløymde eg heile radioen.
Men eg fekk med meg programmet med dei tre damene, det var første gong Siri kopla saman tre eksterne til samtale i radioen, og det gjekk jo godt. Dermed fekk vi høyre at bakgrunnen for at ein søkte om å få kome på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv, mellom anna var for å kunne ta vare på tradisjon i ei ny tid.
Før vart folkemusikk, sang og dans overlevert gjennom tradisjonsbærarar som delte dette med seg. Det er ikkje like lett i ei ny tid, no lærer folk helst på kurs. No lagar Annbjørg Lien eit forprosjekt. Målet er å få ei treårig prosjektstilling til å leie arbeidet med å finne ut korleis ein kan ta vare på tradisjonen slik at den kan danne grunnlag for fornying.
Vi fekk høyre musikk som synte korleis slik fornying kan vere gjennom Sigrid B. Berg si Eismo og Kim Rysstad som song Håvar Hedde i meir moderne form, men likevel sterkt prega av tradisjonane.
Alle er positive til arbeidet, var inntrykket eg fekk. Det blir spennande å fylgje det vidare. Og eg tenkte at eg på Setesdalswiki nok kan gjere meir for å skrive om folkemusikk og folkemusikarar. Så ein blir visst ikkje arbeidslaus med det første.
|
|
|