Veret i dag kunne nok kallast rennedrev, for det var snø og kuling og lite som minna om vår. Når vi har hatt bare vegar mest sidan nyttår, så er det uvant å kjøre på glatt føre att, og Reidun var til Mandal to gonger i dag. Først klokka 9.30, då skulle ho førebu formiddagstreff på Mandal bedehus klokka 11. Der var dei to predikantar, Åge Nygård og kona, fem komitemedlemmer og 11 andre, som trossa rennedrevet og fann vegen til bedehuset. Så var det Norma kvinneforening i kveld, då brukar dei vere 12, men i kveld var dei bare åtte.
I morgn kveld er skal det visst vere basar, men den droppar vi, rennedrevet skal visst vare også ut over morgondagen. Mange har skifta til sommardekk, eg fekk melding frå verkstaden om at dei meinte at eg burde gjere det no, men eg var jo glad at det ikkje var gjort tidlegare.
I går fekk eg ein telefon frå Ihme Bygg. Eg hadde sagt at vi også ville få lagt nytt golv i løa då dei var var her og la isolasjon og kledning på huset vårt. No lurte Christian Ihme på om eg framleis ville få lagt nytt golv, då kunne det høve å gjere det no i staden for til hausten, for det hadde vore godt å ha innearbeid ein slik dag. Så då kom dei i dag klokka 7.00 og tok fatt på jobben.