Meir om spam

I går skreiv eg om spam. Siri skreiv eit innlegg om at det var maskingenererte kontoar som vart oppretta for å kunne legge inn uønska stoff, og at Geir hadde gjort ein stor jobb for å blokkere slikt. Både Geir og Siri har vore gode til å hjelpe med Setesdalswiki, både når det gjeld skriving og vern. Takk til begge, Setesdalswiki treng hjelpa dykkar, så eg vonar at de held fram det gode arbeidet.

Av og til tenkjer eg at eg skal skrive noko, gjerne når eg har lagt meg om kvelden. Men eg står jo ikkje opp att for å skrive, men tenkjer at det kan eg gjere neste dag. Men neste dag går utan at eg får skrivelyst, så dermed har det blitt lite skriving frå min maskin ei lang tid no.

Det er ei oppmuntring å sjå at mange har likt det som Geir skreiv om å skrive på Setesdalswiki i eit innlegg på Facebook. Sjølv om eg no har stoppa for nyregistrering på grunn av desse uønska kontoane, er det mange som alt er registrerte og kan skrive, og om du les dette og vil skrive, men ikkje har registrert ein konto, kan du tak kontakt, så skal vi ordne det.

Framleis har Setesdalwiki ganske mange lesarar kvar dag, så det er nokon som finn interessant stoff om regionen og det vi elles skriv om.

Spam

Det har blitt lite skriving på bloggen i det siste. Ein grunn har vore at eg fekk omgangssjuke og mista mykje skrivelyst etter det. Men i kveld må eg skrive nokre ord og fortelje at Setesdalswiki har vore råka av mykje spam i det siste. Det verkar som om det er mange som registrerer seg som brukarar, men så gjer dei ikkje meir.

Av den grunn har vi no sett ein stopp for at nye brukarar kan registrere seg direkte. No må den som vil skrive på Setesdalswiki, søke om å få lov til det. Om du har registrert deg med brukarnamn frå før, vil du kunne halde fram med å skrive som vanleg. Det er bare nye brukarar som må be om lov til å skrive.

Eg skjønar ikkje kvifor brukarar som truleg ikkje kan norsk, tek bryet med å registrere seg som brukar på Setesdalswiki. Men det er så mykje eg ikkje skjønar, så eg får nok bare la det ligge. Takk til Sigmund som stoppa spamminga.