Amerikabesøk 2

Denne praten gjekk føre seg på tre stader. FØrst møttest vi i hagen til heimehuset der han kom frå. Bror hans hadde budd der, han døydde for mange år sidan, og då enka og gjekk bort, overtok sonen huset. No heldt sonen hans igjen på å flytte inn, så vi møttest i hagen, ei lun hole like ved sjøen, og sjølv omd et var vind i sola, var det lunt i hagen. Eit glas brus og ein is, både barn og unge likte det, og praten gjekk livleg.

Så vart det ein spasertur opp til høgaste toppen på den delen av Skjernøy. I si tid hadde amerikafararen og broren prøvd seg med hønsehus her oppe i heia. Det hadde ikkje gjeve utkommå leve av.

Det gamle huset, truleg eit av dei eldste på øya, var nennsomt restaurert og halde i hevd som sommarstad av dei som overtok eigedomen etter forrige generasjon. Vi snakka ein del om korleis dei slo mellom steinane og bar høyet heim. Og det dei kalla Storåkeren, var ikkje mykje stor. For ein del år tilbake hadde dei nye eigarane leigd ein diger Brøyt til å fjerne dei store steinane og dels fylle ut og dels legge i ring rundt ei slette. Her hadde det kome plen, og lunt i eit søkk på toppen var det laga plass for å sitje og drikke kaffe.

Budstikka var gått rundt om å ha med kaker og kaffe – her var alle slags godsaker. Og praten gjekk ikkje mindre livleg dei neste par timane. Så braut vi opp, amerikanarane med borna tok ein tur på Sjøsanden, slik at ungane kunne få ut noko energi der, vi drog heim og gjorde klart for samling til middag – gryterett med ris og salat kom etter kvart på bordet. Og praten gjekk livleg både ute og inne. Ikkje så godt ver at alle sette seg ut for å ete, men borna fann seg godt til rette, og snart var dei på trampolina att.

Etter gryteretten var det kaffe og vaflar til dessert, vaflar med brun ost var nytt for mange, men fall i smak. Vaflar med syltetøy og rømme er ein sikker vinnar, så eg trur dei fleste var godt mette då selskapet braut opp rundt klokka ni om kvelden.

Gjestene frå Chicago skulle ha eit par dagar i Kristiansand før dei drog mot Stavanger, der dei og har familie – det er på mor si side, vår slekt er på farssida. Så ville dei ein tur til Bergen, reise med Flåmsbana og late borna få ein båttur på Sognefjorden. Der skulle norske vener vere med på turen. Det var triveleg å friske opp att bekjentskapet frå tidlegare og få eit rikare samvær med folka denne gongen.

Amerikabesøk

Det er ikkje bare i Valle det er Amerikabesøk denne sommaren. I går hadde vi slikt besøk då tremenningar av Reidun kom for å sjå forfedrene sine heimplassar på Sørlandet. I alt var dei ti personar, når så elleve frå Sørlandet kunne møte opp, vart det folksamt i stovene.

Bakgrunnen for besøket var at nokre av dei var her for seks år sidan då vi hadde stort slektsstevne med over hundre deltakarar for ei av greinene av Berge-slekta på Skjernøya. Vi samlast i Skjernøy kapell ein torsdag midt i juli, og med det som utgangspunkt gjekk vi på stader der forfedrene streva for livet på sørlandske småbruk. Fiskarbonde var nemning på mange som fekk sitt utkome på den måten, på Skjernøy drog dei og til sjøs i handelsflåten, så der hadde dei fleire bein å stå på. Nokre vart og verande i USA og stifta heim der, arbeidde som bygningsmenn og farmarar og i ei rekke andre yrke.

Ein gammalonkel til Reidun slo seg ned i Chicago og tente til livets opphald ved å jobbe på jernbane. Det var sikkert utkomme og god pensjon, og dotter hans sine to døtre med familiar var på besøk denne sommaren. Alle med base i Chicago, dei fem unge søskenbarna som var med var godt kjende med kvarandre og på omlag same alder, så dei koste seg i eige selskap og let oss vaksne få prate om laust og fast og om korleis livet hadde vore sidan vi møttest for seks år sidan.

Handel på Evje

I dag kom det ei ekstra utgåve av Setesdølen. Grunnen var at det er handledagar på Evje i morgon og laurdag, og då kan avisa selje mange annonsar. Men det redaksjonelle stoffet høyrer med, elles vil ikkje folk bla i ekstraavisa.

Eg les at Evje og Hornnes Sparebank har fått tre autoriserte kunderådgjevarar. På heimesidene til Valle Radio sin sponsor Valle Sparebank er det bilete av banksjef Vidar Homme som gratulerer Erling Sagneskar som autorisert kunderådgjevar i banken, til no den einaste.

Britta Lise framhevar våre sponsorar på Facebook. I dag var det Wettre: ta turen innom han Arild og spør om Motekonto, heiter det i reklamen vår. Her er bileta hennar:

http://www.facebook.com/?ref=home#!/photo.php?pid=4061105&id=315158359845
http://www.facebook.com/?ref=home#!/photo.php?pid=4061096&id=315158359845

Wettre held til midt i gata på Evje og bileta syner at han pyntar til storinnrykket i morgon.

Pernille har kjøttkaker på tilbod denne dagen, 99 kroner for liten og 125 kroner for stor porsjon, inkludert tyttebær og kaffe, og med gratis dessertbord. Det er nesten så ein kunne ta seg ein tur, men som eg har skrive om på bloggen tidlegare: Det er tid for USA-besøk fredag 26. juni, så det vert ikkje nokon Evjetur for meg denne helga. Men eg ynskjer alle som dreg dit god tur og god handel.

St. Hans

I dag har det vore stor trafikk i Tregdeveien. Det er det alltid St. Hans. Folk vil ned til sjøen her aust for Mandal og sjå på båttrafikken på Nordfjorden, den er ganske heftig ein kveld som dette. Holmar og vikar kan få eit bål, det må vere lite i år, for det er svært tørt, og alle bål skal godkjennast av brannvesenet, men dei ser nok ikkje alt. Og om det ikkje blir eige St. Hans-bål, så blir det for mange å tenne grillen i fjæra og ha ein koseleg piknik når det kveldar.

Eg var ein tur i Mandal sentrum i kveldinga, og byen var nesten tom for folk, det var ikkje vanskeleg å få parkert i kveld, til vanleg er det helst eit stort problem om ein ikkje vil inn i parkeringshuset. Fædrelandsvennen hadde jo ein reportasje i dag om parkeringshus på Sørlandet, den kunne tyde på at parkeringshus ville vere det viktigaste ein kunne ha for at bysentrum skal leve. Men i kveld var nok bilane andre stader.

Nokre folk hasta til båtane. I Mandalselva er det laga båtplassar til ganske mange, særleg om ein tek med det som er ovanom bruene. Der ligg båtar i alle prisklassar og storleikar, men i kveld var mange av dei borte. Å ta ein tur på sjøen St. Hans-kvelden er noko Mandalsfolk med båt gjerne unnar seg.

Sjølv har eg ikkje båt. Då vi flytta frå Vesterålen, selde eg båten eg hadde der nord. I Setesdal var det ikkje bruk for han, men det hender at eg saknar han når eg er i Mandal. Fridomen på sjøen er ei oppleving eg gjerne skule hatt, sjølv 20 år etter at eg drog småsei i Hadselfjorden.

Gatefrokost og USA-besøk

Eg ser på Facebook at det skal vere gatefrokost i Valle til helga. Laurdag vert det musikk av eit band frå Minot, USA, som ættar frå Valle, the Jores. Og gratis frokost til alle gjester, vonar veret vert lagleg.

Eg trur ikkje me dreg oppover. Denne helga får me og besøk frå USA, og fredag skal dei møte slekt på Skjernøy og i hageen hos oss. Det er 10 personar som kjem frå USA. No er det alt fem år sidan vi hadde slektsstevne, og denne gongen kjem nokre av dei som ikkje kunne kome då.

Å halde kontakt over Atlanterhavet har sin verdi. Anten vi likar det eller ei, så pregar USA livet i Norge ganske mykje, særleg når det gjeld film, musikk og litteratur. Det er ikkje mange filmar frå ikkje-engelskspråklege land som får mange sjåarar på kino eller TV her i landet. Musikken, anten det er pop eller kristen musikk, er sterkt påverka frå over there, det er vel bare orgelmusikken frå USA som ikkje har vunne seg plass. Men av og til finn vi plass til det og i Valle Radio sine Postludium-program. Og om du tek ein tur innom Lisbeth på biblioteket og skal låne ei bok av ein forfattar som ikkje er norsk, er eg rimeleg sikker på at ein forfattar frå USA lett kjem med i bunka når du skal plukke det du vil ha.

Men å halde kontakt på det personlege plan er av større verdi etter mi meining, sjølv om eg ikkje er så flink til det. Epost er bra for å hjelpe på situasjonen, og med epostar og kontakt på Facebook har vi gitt kvarandre naudsynt informasjon. Så no er det bare å vente på den store dagen.

Kven kan hugse alt

Etter at eg hadde skrive om Bryllupet mellom kronprinsesse Victoria og Daniel Westling på wikipedia, fann eg ut at eg kunne skrive litt om dei kora som Gustaf Sjökvist dirigerer. Han er ansvarleg for musikken i Storkyrkan og har to kor som er knytte til kyrkja og held til der når dei øver. http://no.wikipedia.org/wiki/Storkyrkans_k%C3%B6r Storkyrkans kör, som han stifta i 1976, og Gustaf Sjökvists kammarkör http://no.wikipedia.org/wiki/Gustaf_Sj%C3%B6kvists_kammark%C3%B6r fekk dermed artiklar på norsk i dag, importert frå svensk wikipedia.

Så begynte eg å lure på om vi hadde spelt noko musikk av desse kora i Valle Radio, og dermed tok eg ein telefon til Niklos K. Besteland. Jo, han meinte at eg hadde spelt svensk kormusikk frå Storkyrkan i eit program i Valle Radio. Han kunne jo og fortelje at vi hadde spelt mykje orgelmusikk frå Storkyrkan, men det var helst Gotthard Arnér vi har hatt som utøvar og komponist. http://sv.wikipedia.org/wiki/Gotthard_Arn%C3%A9r

Elles var ikkje Niklos heilt nøgd med at det ikkje var orgel solo i musikken i kyrkja denne dagen. Orgelet kom litt bort i messinginstrumenta som var saman med det. Men han hadde fått med seg Karin Rehnqvists hymne til tekst frå Salmane 57, 9-12, som vart uroppført i kyrkja. Teksten på nynorsk, etter omsetjinga frå 1938, er slik:

9 Vakna, mi æra! Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden. /
10 Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
11 For di miskunn er stor alt til himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
12 Gud, syn deg høg yver himmelen, di æra yver heile jordi!

Etter litt leiting fann eg via svensk wikipedia ei lenke til folkbibelen, der eg kunne kopiere og lime inn den svenske teksten:

9 Vakna upp, min ära, vakna upp psaltare och harpa!
Jag vill väcka morgonrodnaden.
10 Jag vill tacka dig bland folken, Herre,
jag vill lovsjunga dig bland folkslagen.
11 Ty din nåd räcker upp till himlen och din sanning ända upp till skyarna.
12 Visa din höghet över himlarna, Gud,
och din härlighet över hela jorden.

Så fekk eg grine litt i dag også

Overskrifta i kveld er eit sitat frå Bente Jorunn på Twitter i går kveld. Ho hadde sett på kronprinsessebryllupet, trur eg. Det var til å felle ei tåre over, å sjå kjærleik bløme og på eit slikt nivå, gjer noko med oss som trur på det vi ser.

Bente Jorunn er ein flittig brukar av Twitter, eg tok til å følgje henne og ho har gode kommentarar på mange tema. Ein journalist i Arendals Tidende kjem bort i mange saker i løpet av ei veke. Fylkesting, bystyre og annan kvardagsjournalistikk kan gje grunnlag for ein personleg kommentar eller ein profesjonell.

Eg fortalde i går at eg hadde skrive artikkelen om Kronprinsessebryllupet på wikipedia. I dag skreiv eg om bryllupet til foreldrene: http://no.wikipedia.org/wiki/Bryllupet_mellom_Carl_XVI_Gustaf_og_Silvia_Sommerlath Svensk wikipedia hadde ein slik artikkel, og eg importerte den og omsette til bokmål. Då fekk eg vite at ABBA sin melodi Dancing Queen vart framført med dedikasjon i gallakonserten kvelden før bryllupet for 34 år sidan, den melodien var jo ei landeplage i ein periode, så vidt eg hugsar.

Med 13 år som programleiar for Postludium i Valle Radio var det nokså natruleg for meg å få på plass ein artikkel om den musikalsk ansvarlege for arrangementet i Storkyrkan. Organisten Gustaf Sjökvist har no artikkel på norsk wikipedia. http://no.wikipedia.org/wiki/Gustaf_Sj%C3%B6kvist Men om vi har spelt noko av han i Postludium, er eg meir usikker på. Då må eg spørje Niklos, og det vart ikkje til at eg tok telefon til Besteland i dag.

Men i morgon kan det verte ei råd med slikt.

Kronprinsessebryllupet

I dag har eg brukt ein del tid på http://no.wikipedia.org/wiki/Bryllupet_mellom_kronprinsesse_Victoria_og_Daniel_Westling Eg starta den artikkelen og etter kvart var det fleire andre som vart med på å skrive. Wikipedia hadde to akkrediterte fotografar, så det kom bilete etter kvart og. Om du har lyst til å sjå dei, kan du gå hit og klikke på lenkene: http://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Wedding_of_Victoria,_Crown_Princess_of_Sweden,_and_Daniel_Westling

I tillegg til å skrive vart eg sitjande og fylgje bryllupet i Storkyrkan i Stockholm på TV – det var mange prominente gjester der, og med kona som god guide til kven dei ulike var, hadde eg god hjelp til ein meiningsfylt dag framom TV. Ettersom eg skreiv om fleire av dei som deltok i seremonien, visste eg til og med litt om prestane, ein av dei var Åke Bonnier d.y. http://sv.wikipedia.org/wiki/%C3%85ke_Bonnier_d.y.I Ifølge svensk wikipedia har denne domprosten ei formue på nesten 2 milliarder kroner, han er ein av den kjende Bonnier-familien. Svensk wikipedia hadde ein større artikkel om han, den har eg ikkje omsett, dei andre medverkande, som var biskopar, har fått artikkel på norsk.

Men eg oppdaga jo at vi ikkje hadde artikkel om brudekjole, slør og slep, så det er mykje att før wikipedia dekker så godt som ein kunne ønske.

Ein av songane dei song i bryllupet var En vänlig grönskas rika dräkt . Den har vore spelt i Valle Radio, Niklos brukar å ha den med når han lagar sommarprogram. Her er lenke til omtale av songen på svensk wikipedia: http://sv.wikipedia.org/wiki/En_v%C3%A4nlig_gr%C3%B6nskas_rika_dr%C3%A4kt

Sanneleg klarte eg å finne ei lenke til Valle Radio i kveld og. God natt.

Kjempenydeleg mat på Brokkestøylen

Som eg skreiv i går var sommaravslutninga for vaksenopplæringa i Valle lagt til Brokke. Planen var at ein skulle gå turen i lysløypa der og få stemple for postkassetrimmen i Valle, gjerne på begge postane der. Men sjeldan har skyene over Valle hatt slik fart som i dag. Fontena utanfor Menighetshuset bles vatn både sør og nord, mest sørover – vassføyka stod bortover mot sentrum.

Så det vart ingen tur i lysløypa. Vinden var like hard på Brokkestøylen, men ikkje fullt så mykje kast som i Valle. Om ein ikkje fann seg ei lun krå, var det kaldt, sjølv om ein hadde kledd seg for ein fjelltur. I staden kunne vi sitje på terrassen på Brokkestøylen, den låg i le. Her gjekk praten om dyra – høylandsfe og geiter, om lavoane som står der og om det var fisk i elva som renn forbi støylen. Ein viss diskusjon om kraftproduksjon fekk vi og tid til før maten var ferdig.

Maten, ja. Den kan eg knapt beskrive, så nydeleg var den. Vi som arbeider på vaksenopplæringa har etter kvart fått smake burmesisk/ karensk mat i mange situasjonar, men denne gongen skulle dei få smake norsk mat, og Hessel og systera hans hadde laga reinsdyrgryte med ris, grønnsaker og salat. Champignonsopp fylt med blåmuggost med ei valnøtt på toppen var nydeleg tilbehør, og porsjonane var rause. Til dessert var det is i varme bjørnebær, her hadde dei putta ein After eight-sjokolade i og toppa med krem. Det var så nydeleg at ein ikkje kan beskrive det med ord, du må dra til Brokkestøylen og smake sjølv.

Serveringa skjedde rundt eit langbord inne på støylen, vi var 11 stk, det kunne nok vore plass til like mange ved eit anna bord, men når det ikkje er fleire plassar, vert det koseleg og nært, og praten gjekk rundt bordet. Elevane er komne så langt i norsk at dei kan fylgje med på ein samtale når det ikkje går alt for fort, og dei kan sjølve vere med, så praten gjekk livleg. Men tida gjekk alt for fort, kvart over elleve måtte elevane dra tilbake til Valle, fleire av dei skulle sjå borna i ei avslutningsforestilling på Valle skule, andre skulle på jobb klokka tolv.

Sjølv sette eg kursen for Mandal, og etter ein stopp på Evje for påfyll av kaffe i YX-koppen min, gjekk siste del av turen mot Vehustoppen, der eg svingar av til Stokkeland og køyrer ned Sogndalen til Brennåsen før eg tek siste del av turen heim på E-39. I dag var eg så tidleg at køane ikkje hadde starta, når eg kjem der i halv fire-tida, slik eg pleier å gjere når eg køyrer heim til helga, er det mykje meir trafikk.

Eg vil anbefale eit besøk på Brokkestøylen i sommar. Øystein la seg i hengekøya og tok livet med ro, det kan du og gjere, anten før du får maten servert, eller etterpå. Om ho er ledig, då. Og om du ikkje skal gå turen inn og få klipt kortet i Postkassetrimmen.

Gloppefossen og kunstutstilling

I dag skreiv eg om Gloppefossen på Setesdalswiki. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Gloppefossen

Elevane på vaksenopplæring var saman med lærar Øystein Berg på tur dit i går. Det var ein del av postkassetrimmen. Ettersom dei ikkje har bil, prøver vi å hjelpe dei med å ta nokre av dei postane som er lengst borte. Dei reiste frå Valle klokka 09 og var attende før 12, så det må ha vore ein rimeleg rask tur. I omtale for turistar står det at turen inn Veiåjuvet tek to timar, då vil ein vel fort bruke det same på heimturen.

Fossen er jo spesiell, og høgaste fossen i Setesdal, med god vassføring og i turkeår. Ein kan gå til fossen på oversida, då blir det sagt at ein sommardag kan ein kaste eit lommetørkle over kanten på fossen, og det vil bli lyfta opp att. Eg las til og med ei soge om at ein tropp soldatar hadde kasta luene sine over kanten, og dei kom opp att, men det verkar jo noko meir utruleg.

I dag var det rydding i klasseromet. Det samlar seg jo alltid litt av kvart som ein brukar på skulen i løpet av eit semester. No var det tid for å rydde, noko som og betyr å kaste ein del. Etter ferien startar vi på ny frisk med å lære utlendingar norsk slik at dei kan fungere best mogleg i bygda vår.

I morgon er det tur til Brokke. I ljosløypa der er det sett opp to postkassar, og dei er visst målet for turen der. Så blir det triveleg sommaravslutning på Brokkestøylen. Laurdag dreg elevane til Bø sommarland, ein tur for heile familiane. Sjølv dreg eg til Mandal og vil nok halde meg der det meste av ferien i år.

På Husfliden i Valle skal Bykle og Valle Kunstlag ha utstilling av kunsten til Rolf Dahle frå Kristiansand. Han lagar visst materialmåleri og har vore aktiv som kunstnar i 40 år og har stilt ut i Valle fleire gonger før. Eg skreiv om han på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Rolf_Dahle Eg lurer jo på om Ånund K. Homme, som er leiar i Bykle og Valle Kunstlag, vil skrive litt om laget og etter kvart. Det hadde vore triveleg. Utstillinga opnar rundt St. Hans etter det eg skjøner.