Vandalar på Setesdalswiki

I dag skjedde det som eg har frykta, men ikkje trudd ville skje på vesle Setesdalswiki med bare litt over 200 artiklar. Det kom eit åtak med tull og tøys, der det eg trur var eit dataprogram som gjorde det, for det var ulike ip-adressar for kvar redigering, sjølv om det var same tullet som kom.

Vi måtte jo låse Setesdalswiki slik at uregistrerte ikkje kunne redigere, og så gjekk Helge i gang med å finne eit tillegg til mediawiki som krev at uinnlogga skal skrive ein kode før dei får lagre det dei skriv. Det kan ikkje eit dataprogram lese, så då må det vere ein person som lagar tullet. Då det var på plass seinare i dag, kunne Setesdalswiki opnast for alle att.

Siri J. gav god hjelp med å fjerne tullet og eg vil gjerne seie takk til henne for det.

Eg hadde jo likt at vi hadde hatt fleire brukarar som kunne skrive. Mine artiklar vert naturleg nok prega av mine interesser og det eg kan og veit. Andre kan og veit andre ting, så om andre skreiv, ville heile Setesdalswiki dekke eit breidare felt. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside

Men no er det leggetid.

Arendal og eitt Agder

Ein tidlegare elev er sentral i bloggposten min i dag. Ho heiter Bente Jorunn Harstad og er dotter av Valle Radio sin medarbeidar Torleif B. Harstad.

I dag diskuterer fylkestinget i Aust-Agder spørsmålet om eitt Agder og folkeavstemming. Det er ei glede å følge Bente Jorunn Harstad på Twitter, ho fylgjer debatten for Agder Tidend saman med NRK-Sørlandet, Fædrelandsvennen, Agderposten.

Bente Jorunn er aktiv på Twitter i dag med ei rekke twtitringar. Eg likte denne:
Tarald Myrum, Sp:
– I min barndom, fra min oppvekst i Valle så tenkte vi på sykdom og død da det var tale om Arendal. For de voksne talte om at de som var så dårlige – ja de ble sendt til Arendal og ofte kom de ikke levende tilbake igjen, sa han og høstet latter.

Og Bente Jorunn heldt fram:
– Måtte informere Myrums son, som eg har på fb og som gjekk i klassen under meg, om hans fars legendariske sitat frå i dag!!!

Så ein kan skjøne at det er råd å sjå det morosame i eit alvorleg emne og. Bente Jorunn har snart 1000 twittringar, du finn dei her, http://twitter.com/bentejorunn – ho er kjapp i replikken, så du finn gode formuleringar der.

Her er lenke til heile debatten slik Arendals Tidende oppsummerer den: http://www.arendalstidende.no/index.cfm?event=doLink&famID=122982&frontFamID=38722

Tarald Myrum er jo tidlegare ordførar i Valle for Senterpartiet og alltid villig til å vere med i Valle Radio når vi spør han. No er det særleg Valle IL som gjer at han kjem til oss i ulike samanhengar.

Studieturen, mat og bilete

No er det lasta opp bilete til Facebook-sida til Valle Radio. Alle kan sjå dei, trur eg anten ein er medlem av Facebook eller ikkje. Gå til http://www.facebook.com/?sk=ff#!/photo.php?id=315158359845&pid=3975527 så får du sjå oss alle saman utanfor NRK sitt hus på Tangen. Det biletet høyrer til ei gruppe på 38 bilete som vart tekne på turen. Lenke til samlesida finn du her: http://www.facebook.com/?sk=ff#!/album.php?aid=176258&id=315158359845&page=2

Eg fortalde laurdag og i går om besøket i NRK. No er det vel tid å fortelje om middagen på Sjøhuset. Eg tenkjer at når ein går på Sjøhuset, får ein bestille fisk, så eg fekk fiskesuppe og steinbit. Eg trur Øyvind Jacob og Ronny Stavsholt tenkte det same som meg, for dei valde og fisk til hovudrett. Men resten av radiogjengen hadde kjøt, så langt eg hugsar.

Medan vi sat og venta på maten, kom Thor Åmli i morgenkåpe for å underhalde. Det gjorde han med små helsingar til ei rekke av programleiarane, ein kunne ikkje anna enn å gje seg ende over, så treffsikker og slagferdig var han. I løpet av middagen takka styreleiar Ørnulf oss alle for innsatsen i radioen. Og då middagen gjekk mot slutten, takka Kåre Rike for maten med ein sprudlande tale.

Det er jo ikkje lov å røyke inne på restaurantar no, så dei mest røykesugne tok seg fleire turar ut mellom slaga, noko som førte til litt kompliserte tilhøve for servitøren, som ikkje så lett kunne vite kven som skulle ha kva, vi hadde jo bestilt på førehand, men det føresette jo at folk var der når maten kom. Men ho heldt oppe humøret, noko som sikkert betalte seg når ho skulle telje opp tipsa ho fekk. Smilande og blid gjennom heile kvelden gjorde ho sitt beste for at vi skulle ha det godt og triveleg.

Då vi kom ut, var det sval sommarkveld. Vinden, som var ille tidlegare på dagen, hadde stilna, og når ein såg mot Danmark var det “blegas”, er det ikkje det dei seier i byen? Dei andre diskuterte kva dei skulle gjere, kvelden var ung, bare halv tolv. Men eg fann vegen til business center for å skrive laurdagens blogg. Og no gjekk det betre enn tidlegare på dagen, bloggen vart lagra etter alle kunstens reglar, og du kunne lese den sundag morgon.

Studieturen til Kristiansand – litt til

Bilete frå studieturen til Kristiansand skal kome på Facebook-sida til Valle Radio etter kvart. Men Ørnulf har lagt ut nokre bilete på si side på Facebook, dei finn du lenke til nedanfor:

1. Her er gjengen komne til Evje på tur nedover laurdag morgon:
http://www.facebook.com/profile.php?id=1645093959#!/photo.php?pid=613481&id=1645093959

2. Inga Flateland, Rolf Erik Homme og Britta Lise i TV-studio i NRK Sørlandet. Halve meg står lengst til høgre i biletet.
http://www.facebook.com/profile.php?id=1645093959#!/photo.php?pid=613619&id=1645093959

Britta Lise hadde ikkje med seg overføringsledningen mellom kamera og mobil, og ho likar best å bruke litt tid på å legge ut bilete, då dei kjem etter kvart. Kommentarar og tekst høyrer jo og med.

Det vart ikkje noko av besøket hos Fundament reklamebyrå, dei skal heller kome opp ein gong til hausten og ha ei samling for oss i radioen. Det vil alltid vere noko som ein finn ut av etter kvart når det gjeld Facebook, ikkje alt er klart fyrste gongen. Eg såg biletet av radiogjengen på Facebook før eg køyrde til Kristiansand, men då eg kom inn og ville finne det att på radioen si side på Facebook, var det ikkje der. Seinare fekk eg vite at Ørnulf hadde lagt det på si side, ikkje på radiosida, og då forstod eg kvifor eg ikkje fann det. I løpet av dagen hadde mange av venene mine skrive om heilt andre ting, så biletet var kome langt ned på sida, trur helst det var over på neste side.

Då det ikkje vart noko program i staden for besøket i reklamebyrået, kunne folk gjere kva dei ville. Eg slappa av litt på romet mitt på Caledonien før eg gjekk ein tur i byen. Det var eit yrande liv i Markens, nesten for mykje av det gode for ei enkel sjel som meg, så eg gøymde meg bak ei salatskål på Dronningen – der kom og Jorunn og Gudrun og fekk seg blomkålsuppe. Sidan fann eg business-senteret på hotellet og tok til å blogge, bare for å oppdage at ein kan bli kasta ut av slike maskinar før ein har lagra, så gårsdagens blogg skreiv eg to gonger. Eg meiner sjølv at den fyrste var den beste, men det kan eg ikkje bevise, den er borte for alltid.

Og så var det tid for middag på Sjøhuset.

Valle Radio hos NRK Sørlandet

I dag klokka kvart på tolv troppa 14 medarbeidarar frå Valle Radio opp i NRK Sørlandet på Tangen i Kristiansand. Dei fleste kom frå Valle i dag tidleg, men eg kom frå Mandal. Alle vart helste velkomne av Anders Sårheim, distriktsredaktør i NRK Sørlandet, som kunne fortelje at han og hadde erfaring frå lokalradio i Sogn og Fjordane på 1980-talet. Det vert færre profesjonelle som har slik erfaring, kunne han fortelje, for dei fleste lokalradioane no vert drivne av folk som har det til jobb. Men han meinte det var eit tap at vår type lokalradio har gått tilbake.

Vi fekk fyrst ei lita orientering, og så stod vi som tente lys då Tom Nikolai Kolstad las dei lokale nyhetene klokka 12. Etterpå fekk vi kome inn i studio og sjå nærare på dei tekniske løysingane. Dei hadde teksten dei skulle lese på skjerm og hadde sjølkjør, der opptak eller telefon kunne køyrast inn frå miksebordet av journalisten, han trong ingen teknikar. Vi meinte at for Valle Radio var det nok best å ha ein teknikar, det sosiale for oss betyr mykje. Vi fekk sjå eit gamalt studio etterpå, det bruker dei når dei lagar program for P2, NRK Sørlandet lagar fleire program for P2, det var ikkje eg klar over før eg kom der.

Ørnulf fekk prøve programleiarstolen, då blinka det i mange blitsar, biletet er kanskje alt på facebook. Orienteringa gjekk vidare til TV-studio og vi fekk sjå kor og korleis dei avviklar lokal TV-sending. Det var eit snedig system for å lese teksten på ein skjerm utan at augo flytter seg, blitsane gjekk varme i dette romet og. Heile tida kunne vi kome med spørsmål og kommentarar, og det var ikkje fritt for at vi vart rimeleg overraska då vi kom til musikkarkivet og såg alle cd-platene og alle LP-platene dei hadde. No brukte dei nesten aldri desse lenger, all musikken låg på ein stor server for heile NRK. Men dei hadde teke vare på det og kunne bruke det om serveren fekk problem. Nokre av spora på platene var kanskje heller ikkje på den sentrale serveren.

Anders Sårheim var ein god guide og fylgde oss gjennom det store huset til ulike avdelingar, det var laurdag og det var bare tre på vakt, så huset var nokså tomt. Vakta laurdag gjekk til 19:30. Til vanleg jobbar det 55 personar i NRK Sørlandet, nokre held til i Arendal og Farsund eller Flekkefjord, men dei aller fleste har basen sin i Kristiansand. Interessant var det og å få vite at pulten dei sat på høyrde til sendinga dei skulle ha, dei hadde sin eigen kontorpult og, men i redaksjonen var det funksjonen som bestemte kor dei sat.

Det var ei svært interessant oppleving å få denne omvisninga. Som takk overrekte vår redaktør og styreleiar Ørnulf Hasla Valle Radio-krus. Vi tok bilete av oss utanfor radiohuset, du må gå på facebook-sida vår for å sjå bileta.
http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845#!

Bøgruva

Som eg skreiv om i går ville Øystein bruke Postkassetrimmen i Valle for elevane på vaksenopplæringa, dei er jo ikkje så kjende i naturen rundt bygda, og heller ikkje kjende med korleis vi legg opp eit turopplegg, så her kunne dei lære noko om det norske samfunnet så vel som om bruk av kart. Så i dag organiserte han ein tur til Bøgruva for elevane mellom 0915 og 1045.

Klokka var vel om lag ti då eg fekk ein telefon frå han:

-Du Harald, kva er den Bøgruva for noko, veit du det.
-Nei, svara eg, men eg kan jo prøve å finne ut noko til de er tilbake på skulen.
-Fint, sa han og la på

Lettaste måten for å finne ut noko i våre dagar er jo å søke på Internett, men der var det ikkje mykje å finne av historie om Bøgruva. Difor tok eg ein telefon til Leonhard Jansen.

-Kva veit du om Bøgruva?
-Eg sit i bilen, så her kan eg ikkje finne noko til deg, svara han
-Men, har du tilgang til bygdebøkene? Sjå i kultursoga og i bind 3 av bygdebøkene, der står det noko.

Ikkje så vanskeleg oppgåve, vi nyttar romet som lokalsamlinga til Biblioteket til klasserom, så det var fort gjort å finne dei aktuelle bøkene, og etter litt leiting fann eg ein tråd i kultursoga. Der var det til og med sidetal til kor ein kunne finne meir i bind tre av bygdebøkene.

Eg hadde jo skrive om Postkassetrimmen i Valle på setesdalswiki i går, så då var det lett å lage lenke til Bøgruva i den artikkelen og skrive artikkelen om Bøgruva på Setesdalswiki. Du finn han her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/B%C3%B8gruva

Turen var vellukka på meir enn ein måte. Då dei kom tilbake var det tid for lunsj, og denne dagen hadde dei karenske elevane våre tenkt at dei ville servere oss ris til lunsj. Saman med risen kan dei ha litt egg, fisk, kylling eller kinakål, det kan variere. Men på turen hadde dei funne ormegras. Dei kom tilbake med eit stort fang med ormegras, og dette plukka dei i smått og koka opp saman med litt løk og litt olje.

-Eg hadde aldri trudd eg skulle smake ormegras, sa Øystein, og eg kunne ikkje anna enn å vere samd med han.

Postkassetrimmen

Til sendinga mi midt i mai inviterte eg Liv Gunn Viki til å vere med og fortelje om Postkassetrimmen. Ho var ikkje vidare mota på det, ho fortalde at ho hadde spurt andre om å gå, men det enda opp med at ho stilte opp og fortalde om dette arrangementet som Valle IL organiserer. Føremålet er å få så mange som råd er opp av godstolen og ut i naturen for å oppnå ei betre helse både fysisk og psykisk. Sjølv hadde ho eitt år gått til alle dei 45 postane etter det eg forstod og saman med ungane kunne ho godt ta fleire postar på ein tur.

Ein kan hente pose med kart og oversikt over postar hos Statoil Rysstad, Coop Rysstad, Coop Valle og Joker Valle. I kvar pose er det eit kart for Oveinang, eit for Valle og eit for Hylestad. Postkassane er markerte på karta og så er det klippekort for dei respektive karta der ein klipper med tanga når ein er på postane. På kvar post er det ei bok for å notere at ein har vore der. Liv Gunn fortalde og at det er ei premiering. Alle som klarar måla, får heider og ære, og måla er fem postar for dei som er åtte år eller mindre, 15 postar for dei som er mellom 9 og 15 år, 25 postar for dei som er mellom 16 og 67 år, og 10 postar for dei som er over 67 år.

Liv Gunn fortalde litt om dei tre karta og all tilrettelegginga som var gjort i forkant av at ein no kunne starte. Ho vona at mange fleire enn tidlegare ville prøve seg på postkassetrimmen i år.

Plutseleg var tida vår ute, eg trur helst at ho tykte at ho fekk noko kort tid. Då eg kom ut i salongen litt seinare, sat ho der og røda med andre som var komne for å ha innslag, og det verka som om ho kosa seg i lag med dei andre. Skrekken for å vere i studio hadde visst og fordampa, det var på langt nær så skræmande som ho hadde trudd.

I dag henta Øystein konvoluttar for Postkassetrimmen for å bruke i undervisninga i vaksenopplæringa. Det er ein god måte å verte kjent i bygda på. Elevane våre har ikkje bil, så vi vil bruke siste veka til å nå nokre av postane der det er greitt å ha bil for å kome til utgangspunktet. Samstundes vil det gje dei eit betre kjennskap til stader dei har høyrt om, men ikkje har noko særleg peiling på kor dei ligg. Vi har studert karta med stor interesse og vil nok ha nytte av dei i tida framover.

Så eg skreiv litt på Setesdalswiki om prosjektet. Du kan lese meir her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Postkassetrimmen_i_Valle

Omsverma

I dag følte eg meg omsverma. Som oftast sit eg aleine i klasseromet på skulen utover ettermiddagen og planlegg undervisning og skriv på wikipedia og på setesdalswiki. I den seinare tid har eg og skrive på lokalhistoriewiki.

Men i dag fekk eg besøk. Fyrst kom Ånund K. innom, han ville snakke om ei bok han planlegg å gje ut med dikt av Hallvard Eldhuset. Eg skreiv ein artikkel om han på Setesdalswiki i går, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Halvard_Eldhuset Det er ei bok med dikt, Ånund har fått frie hender til å redigere boka, men synest det er godt å ha nokon å diskutere det med. Eg synest alltid det er gildt når han kjem oppom. Heilt frå eg kom til Valle har vi hatt kontakt, han tok seg godt av meg då eg starta som avdelingsleiar for kyrkja i 1991. Han var kulturkonsulent då, og me hadde mange interessante samtalar, det har me framleis. Etter at me hadde hatt ein kopp te og ein god samtale, drog han heim for å halde fram arbeidet med Setesdalsforlaget sine bøker. Eg er meir enn imponert over det han får til i ein alder av 80 år.

Ei stund etter det kom Karin Bøe innom. Då fekk eg laga ein artikkel om henne til Setesdalswiki, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Karin_B%C3%B8e I tillegg hadde vi ein god prat om både setesdalswiki og anna interessant. Ho arbeider med boka basert på masteroppgåva, og eg fekk vere med i diskusjonane då ho laga oppgåva, så eg synest det er interessant å få fylgje tankane hennar når ho no arbeider med boka.

Når Niklos K. Besteland er på Valletur, pleier han av og til stikke innom medan han ventar på bussen utover klokka 1615. Det gjorde han i dag og, då vert det gjerne til at vi snakkar om Valle Radio og programma våre eller stoff som er relevant for dei. Sjølv om vi no har sommarferie, kom vi ikkje utanom temaet i dag heller. Det er mykje interessant å snakke om når det gjeld komponistar og orgelmusikk. Niklos kom til å nemne eit eller anna om organisten og komponisten Rolf Karlsen, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Rolf_K%C3%A5re_Karlsen Då kom eg til å hugse på at han hadde laga eit korverk basert på eit dikt av Hallvard Eldhuset og fortalde det til Niklos. Eit samband mellom ein av våre store organistar og byglendingen tenkte eg var litt spesielt og kanskje noko han ikkje visste. Men Niklos visste om det, han hadde til og med hatt notene, men var ikkje sikker på om han hadde dei no. Då eg undra på korleis dei to kom i kontakt med kvarandre, visste han det og. Bror til Rolf Karlsen hadde gått på lærarskulen saman med Hallvard Eldhuset, og både Rolf og broren hadde vore i Åraksbø på besøk og på tur i austheia. Ikkje rart at Rolf Karlsen då fekk kjennskap til Signe liti.

Ei stund etter at Niklos hadde gått til bussen 16:15, kom Jorunn Lund Harstad innom. Då er det klart vi snakka Valle Radio, ho brenn for radioen. Vi gledde oss begge til arrangementet i Kristiansand til helga.

Om ikkje dette er å vere omsverma, så veit ikkje eg kva ord ein skal bruke.

Studietur

Til helga dreg radiostaben på studietur til Kristiansand. Vi skal på besøk hos NRK Sørlandet og hos fundament (dei som har hjelpt oss med facebook-sida). Avreise er frå Valle sentrum klokka 08, og klokka 11 er det enkel lunsj på Caledonien før vi går til NRK Sørlandet. Etter at vi har vore hos Fundament, er dagen fri til kva folk vil gjere, men klokka 19 er det felles middag på Sjøhuset.

Då vi for to eller var det tre år sidan hadde ein tilsvarande tur, varte den middagen ganske lenge. Vi overnatta på Caledonien og samlast til frokost neste dag før turen gjekk heimover, og slik blir det i år også.

Sist vi hadde ein slik studietur, var vi på Gimlekollen Mediesenter. Der hadde vi seminar om kva som er god radio. Denne gongen vert det altså ei movising i NRK Sørlandet, og det er Svein Sundsdal, som er den som dekker Setesdal hos dei, veit eg ikkje. Men eg gleder meg.

Det er verdifullt at ein kjem saman slik og kan bruke litt tid på å sankke saman om radio, om kva ein meiner er godt og kva ein meiner er dårleg. Sjølv opplever eg stor glede når eg kan ha eit program som er informativt. Eg treng ikkje så mykje musikk i programma våre, det er musikk i eteren heile dagane, så når Valle Radio er på lufta, tenkjer eg at det er fordi vi har noko å seie. No skal vi diskutere det og mykje anna i Kristiansand til helga.

Verda er ikkje alltid så stor 2

Eg lova at eg skulle fortelje om ei anna oppleving av at verda ikkje alltid er så stor. Den hadde eg på heimtur frå Sandøya i Brevik. Eg skulle tilbake til Mandal og Valle, Reidun hadde ei friveke og hadde lova å kome til Nittedal for å vere bångjøle nokre dagar. (Om du ikkje veit kva bångjøle er, kan du gå til http://www.vallemal.no/frames.jsp?menu=3 og søke på ordet.)

Det var tre kvarter å vente på bussen på Rugtvedt, og då gjekk vi inn på veikroa der, tvert overfor Lasses, bak Esso-stasjonen, for å få oss middag før vi skildest. Så gjekk vi til buss-haldeplassen. Bussen til Kristiansand var komen, bussen innover måtte vi vente litt på. Plutseleg høyrer eg ei stemme som eg til no helst har høyrt i Open sending i Valle Radio:

-Er det ikkje Harald Haugland som og er her?

Eg snudde meg, og der kom Kjellaug Rysstad gåande saman med to andre. Ho var på veg heim til Kristiansand, og skulle på den bussen som alt stod og venta.

-Eg har vore i Langesund og halde lefsekurs to dagar, så no har vi baka mykje lefser, sjå ho har til og med fløygen i veska, fortalde Kjellaug.

Så mykje meir rakk vi ikkje, anna enn at ho fortalde venene, som var i Kystlaget i Langesund – det var dei som hadde arrangert kurset – at eg var programleiar i Valle Radio og at vi helst møttest på telefonen der.

Eg sa at eg kom nok til å blogge om at eg trefte ein lyttar på busshaldeplassen på Rugtvedt i Bamble, der er jo litt spesielt å møte lyttarar langt utanom nedslagsfeltet vårt, sjølv om Internett jo gjer at ein kan høyre nesten alle stader i våre dagar.

Og no har eg blogga om hendinga.