Verda er ikkje alltid så stor

I helga var eg, som eg fortalde fredag, på Sandøya ved Brevik på besøk hos Margunn og Stein. Dei har kjøpt seg hus der, litt oppe på øya med utstikt frå Brevikbrua i nord heilt sør til Langesund. Å sitje der i stova eller på kjøkenet med ein slik utsikt og fylgje den yrandre trafikken i fjorden av småbåtar i sakte fart og småbåtar i stor fart via større båtar til store containerskip og gasstankarar er ei oppleving for ein landkrabbe som ikkje ser sjøen til dagleg.

Ferja over til Sandøya tek seks bilar, så ein bør helst bestille plass, og det hadde vi gjort til avgangen fredagskvelden klokka 2010. Det tek bare 10 minutt over fjorden, og snart kunne vi køyre i land på andre sida. På eit skilt på kaien i Brevik stod det at det bare er lov med nyttekøyring på Sandøya, på grunn av vegen sin standard. Og vegen er smal, ikkje lett å møte ein bil, då må ein helst ut av vegen for å kome forbi. Ja sjølv ein syklist kan vere vanskeleg å passere.

Difor la vi oss bak ei jente som sykla opp bakken frå kaien. Ho trødde krafting, men bakken var helst tung, så til slutt måtte ho hoppe av og spasere litt. Ho svinga inn same sidevegen som Stein, og vi fylgde etter. Vel framme i tunet til Stein og Margunn hoppa han ut av bilen og gjekk for å helse:
-Er du den nye naboen vår?
-Ja, eg er vel det. Eg heiter Elisabeth. Vi flytta inn 1. juni.
-De har fin utsikt og mykje sol.
-Ja, eg trur vi har meir enn dykk.
-Men litt meir vind og.

Medan samtalen gjekk, det var solgangsbris og ein kunne godt kjenne vinden denne kvelden, sjølv om det vel hadde stilna, klokka var nær ni, parkerte eg og kom meg ut av bilen.

-Neimen, Harald! ropa Elisabeth.
-Han var jo læreren min i Valle!

Eg skjøna mest ingenting, men oppdaga etter kvart at det stemte. Det er gjerne slik at når ein møter ein person heilt utanom den vanlege samanhengen, så er det i alle fall for meg slik at eg treng litt tid før samanhengen mellom ansikt og namn fungerer.

Og sant nok, sjølv om det var runne ein del vatn i havet sidan ho gjekk på ungdomsskulen i Valle, så var det Elisabeth som stod i tunet hos Margunn og Stein. Ho helste på Margunn og, og plutseleg var det klart for oss alle at verda ikkje alltid er så stor.

At ein kan oppleve slikt meir enn ein gong, skal eg fortelje meir om i morgon.

Tid for Sandøya-tur

Denne helga vil eg ta ein tur til Sandøya i Porsgrunn. Det er eit sommarparadis i fjorden utanfor Brevik. Vi var der då Margunn gifta seg, det er snart to år sidan. No er det på tide med ein tur dit att, http://no.wikipedia.org/wiki/Sand%C3%B8ya_%28i_Breviksfjorden%29

Sandøya var ein av dei skulane som var nemnde i folkemøtet på Soknehuset som vart overført i Valle Radio for nokre veker sidan. Der er det vedteke å leggje ned skulen, så frå hausten av må ungane til fastlandet for å gå på skule.

Men eg skal ikkje tenkje på skulenedlegging, eg skal sitje på terrassen og sjå på skipstrafikken som går til Porsgrunn og Herøya og få ein smak av livet der sjøen er ein viktig føresetnad for aktivitet og arbeid. Det er sjeldan kost etter at eg kom til Setesdal.

Margunn og Stein har visst ikkje fått internett på plass i huset enno, så eg reknar ikkje med å vere på nettet att før sundag kveld. Difor sender eg dykk alle eit ønske om god helg. Og eg lovar å køyre forsiktig. Det er nok mange som gjer som eg denne fine helga og tek seg ein tur, så trafikken vert nok stor.

Fredag 4. juni 2010 Sending til heile dalen

I går fekk eg denne e-posten frå Ørnulf Hasla, og det vert bloggen min i kveld.

Hei

Her er programmet for Valle radio fredag 4. juni

18.00-19.00 Aktuell time ved Ørnulf Hasla
Stolte kvinner i Setesdal
Valle leikaring
Valle modellverkstad

19.00-19.30 Tankar frå bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30-20.00 Regionrådet informerer ved Signe Sollien Haugå
20.00-20.45 Bygland best å bu
Samtale med Siv Eline Jacob og Tore Moheim

20.45-21.00 Ronnys musikk
21.00 open sending ved Ronny Stavsholt

Teknikar: Marcel Tiedje
Telefonvaktar: Berit Homme og Ingebjørg Ellinor Rysstad

Mvh.
Ørnulf Hasla

117 tusen aviser

Ei avis på 36 sider, det var dagens Setesdølen, sendt ut i 117.000 eksemplarar til alle husstander i Agderfylka. Største opplaget distribuert på nynorsk nokon gong, skriv redaktør Sigurd Haugsgjerd og samanliknar med Elias Blix si salmebok for hundre år sidan. Han kunne nok kosta på seg ei salme og, redaktøren, Kven kan seie ut den glede blir ofte kalla Setesdalssalma.

Men det er ei stor og interessant avis som ein ikkje så lett blir ferdig med. Her er interessant stoff frå mange kantar og framsida er pryda av fem kvinner som alle satsar i Setesdal. Ordførar Bjørn Robstad forsvinn mest mellom alle damene med sin kommentar om Moisundsaka. At folk ikkje skulle få byggje hus på Moisund fordi det fører til pendling og dermed utslepp av CO2 er mest for dumt til å vere sant. Nå vart det ikkje sant heller, for fylkesmannen trekte tilbake innsigelsane. I fyrste omgang kjem det 30 tomter der sør i Evje og Hornnes kommune, ikkje 200 som var tanken. Men om staden har livsrett, så kjem nok resten etter kvart.

Setesdølen samarbeider med Setesdal Regionråd om denne avisa. Difor er det mykje næringslivsstoff i avisa denne gongen. Ei heil side er sett av til intervju med dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå. Ho inviterer til det gode liv i Setesdal. Og bak i avisa er det ein kulturkalender som syner noko av aktiviteten i sommar. For det gode liv er eit aktivt liv, de er ikkje slik at ein slår opp fluktstolen og legg seg til i hytte og hus. Nei, aktivitet skal det vere – og avisa handlar om aktivitet av mange slag. Men stresset er mykje mindre enn i byen, og trivselen er difor høgare for oss som har noko å gjere i Setesdal.

Diverre er det ikkje arbeid til alle som kunne ha lyst å kome heim att etter å ha vore på skule. Mange vert difor verande utanfor Setesdal. Men mottoet for Setesdal Regionråd er som for Valle kommune: Gjestfri for nye tankar. Så Signe oppfordrar folk om å ta kontakt om dei har noko på hjarta.

Maurflittig prost

Paul Emil Rynning må ha vore ein maurflittig prost. Han var fødd på Moss i juni 1890. Han studerte teologi og vart cand.theol. i 1914, bare 24 år gamal. Frå 1936 til han døydde i 1951 var han prest på Løten. I 1926 fekk han H.M. Kongens gullmedalje for ei prisoppgåve om salmedikting, og etter det fekk han hug til å granske meir. Han fekk stipend frå Universitetet i Oslo til ei studiereise til Danmark og Tyskland for å studere salmer,

Etter han var død kom Salmediktingi i Noreg i to band ut på Det Norske Samlaget i 1954, og i 1967 kom Norsk Salmeleksikon. Den siste har eg hatt i samlinga mi ei stund, men i dag skreiv eg ein artikkel om boka på Wikipedia, http://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_salmeleksikon og eg er svært imponert over kva han klarte å samle og systematisere.

Norsk Salmeleksikon har omtale av 4028 salmer frå mellomalderen til vår tid, vel, ikkje heilt notida no på 2000-talet, men til tidleg på 1900-talet. Det var naturleg for han å slutte med Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Frå før 1800 har han omtalt alle bøker med salmer, etter 1800 bare salmebøker til bruk i kyrkja, ikkje sangbøker frå bedehus og organisasjonar eller private samlingar.

Leksikonet hans har med 28 sider med salmediktarar. Det er svært korte artikler om alle forfattarame av dei 4028 salmene med henvisning til kva for salmer dei har skrive.

Eg kan ikkje anna enn å undre meg over korleis det har vore mogleg å få til noko slikt når ein ikkje har ein database der ein kan samle stoffet. Her måtte ein sikkert skrive alt på ark og klekke ut eit system for å halde greie på alt slik at ein kan finne det att. Så står det og i omtalen av arbeidet hans at dette materialet fyller eit stort arkivskap og vart sendt til Universitetet i Oslo til gjennomsyn. Eg lurer jo på kven som kunne ha tålmod til å sjå gjennom alt saman.

På den tida var det ikkje slik at ein sat heime om kvelden og såg på TV. Det var bare ein kanal på radio, og TV var ikkje starta opp. Så folk hadde nok meir tid til å arbeide med slikt. Men likevel vert eg imponert. Sjølv med tilgang til å bruke data og med lang erfaring i å skrive både blogg og på wikipedia, kan ein ikkje anna enn å late seg imponere over arbeidet og innsatsen.

Slik hymnologisk litteratur har vore god å ha når eg har laga sangkveldprogramma mine i Valle Radio. Men no er det slutt for denne gongen, det er blitt juni og Valle Radio har teke sommarferie. Men til hausten, då kan det sikkert verte bruk å leite fram Norsk Salmeleksikon att for å finne stoff til Valle Radio.