Gild helg

I kveld kom Margunn og Stein på helgebesøk. Då vart vi sitjande og snakke om den gilde helga vi hadde på Åpta i fjor. No planlegg vi å møtast att til sommaren, eg har bestilt første helga i juli, 5.-7. juli 2024 for eit nytt slektsstevne for etterkomarar etter Selma og Hans Hetland. Etter kvart vil det kome meir informasjon både på bloggen og i Facebookgruppa for etterkomarane.

Sjølv om det var ei gild helg, er det ting ein kan gjere for at det skal bli minst like fint som i fjor. Det må vi tenke på når vi planlegg denne gongen.

I familien er det mange gode ressursar når det gjeld sang og musikk. Vi må prøve å bruke dei på ein god måte. Samstundes er vi på ei naturperle, så det vil bli god tid til naturoppleving om veret blir lagleg.

Målet er også å få til ei slektsbok der vi kan møte folk i slekta gjennom intervju og tekstar i tillegg til ei slektliste. Den arbeider Margunn med, intervjua må eg prøve å gjere. Om eg intervjuer 50 folk, blir det fort 100 sider i den boka. Men om det skal bli plass til anna stoff, må eg kanskje redusere på intervjua, det skal vel ikkje bli ein mastodont av ei bok heller.

Korleis kan du bli med på dette?

Leit fram Camp Åpta og ta ein telefon og meld deg på. Så dreg du campingvogn eller telt med deg, eller leiger ei hytte. Om det er fullt i hytter og du ikkje har vogn eller vil ligge i telt, får du skaffe deg hotellrom i Lyngdal og kome på dagsbesøk eller sove i bilen. Det vil bli ei gild helg.

Svært god start

Det vart ein svært god start på det nye året, for i dag runda vi eit nytt tusental, 96 000 artiklar på Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Olsson Nomeland (1919) som Geir skreiv i dag. Som om ikkje det var nok, så skreiv Geir at han har lagt 5000 bilete på Setesdalswiki, så han har verkeleg gjort ein stor jobb for nettleksikonet. Han skriv også at han har lært mykje som han ikkje visste, og det kan eg skrive under på: Å skrive leksikon er ein læringsprosess der ein stadig kjem over ny kunnskap. Når ein kan dele den med andre, er det svært meiningsfullt.

Så er det slik at når ein held på med dette i hypertekst, det vil seie at ein kan lage lenker til andre artiklar i den artikkelen ein skriv, så blir det avstikkarar både hit og dit, så etter kvart har Setesdalswiki vakse langt ut over Setesdal sine grenser. Ettersom eg er svært interessert i kyrkje- og kristenliv, så har Setesdalswiki fått mange artiklar om denne delen av samfunnet. Der fyller vi eit rom som er viktig å skrive om, etter mi meining. No er det bare å halde fram mot nye mål. Det blir spennande å sjå kor langt vi kan nå før vi kjem til februar.

5000 bilete

I kveld skal Geir få ordet på bloggen. Eg er svært takksam for samarbeidet med han både når det gjeld bilete og det han skriv på Setesdalswiki. Dette innlegget la han ut på Setesdalssida på Facebook i dag:

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki.

Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når dei i tillegg til teksta har eit bilete.

Minkar og reparerer eldre foto

I tillegg til å legge inn nye bilete, går eg gjennom dei gamle og minkar filene til meir høveleg nettstandard. Eg var diverre ikkje så merksam på at det var lurt dei første åra etter at eg blei med på Setesdalswiki. Samstundes som eg byter til filer med lågare oppløysing, «reparerer» eg gjerne litt på bileta. Det finst mykje betre redigeringsprogram i dag enn då eg byrja å legge inn bilete. Om nokre år eller så håpar eg å ha fått også dei eldre bileta opp på presentabelt nivå 😁

Bileta har eg freista å ordne i «kategoriar», så det skal vere enkelt å finne fram. Heilt konsekvent har eg nok ikkje klart å få til dette, med så mykje å halde orden på. Men eit par aktuelle døme kan vere:

Livslang hobby?

Eg håpar å kunne halde fram med å skrive på Setesdalswiki i mange år endå, og legge inn bilete som kan illustrere artiklane. Det er ein staseleg hobby! Eg lærer enormt mykje om Setesdal som ellers ville vore heilt ukjend for meg 💝

Ny vegg

Då vi hadde lunsj i dag, kunne eg sjå ut på stilas like utanfor vinduet. For Ihme Bygg sine folk sette opp stilas og gjorde klart til å skifte kledning på to vegger på huset vårt. Dei har malt dei ferdige innandørs, så no er det bare å få sett dei opp. Dei kom også med Glava slik at veggen skal bli skikkeleg isolert.

Vi skal også legge plater i taket i kjellaren, slik at det også blir isolert. Dermed blir det ikkje så golvkaldt som det har vore. Nytt vindu i kjøkkenet kjem også, det vi har, kan ikkje opnast, og det er jo ei ulempe. Det blir fint å få gjort denne jobben. Eg hadde kanskje tenkt at dei venta til våren, men det er ikkje eg som skal stå ute i frosten og arbeide, og dei som jobbar, er jo vante med å jobbe ute, så det går nok bra.

Eg snakka med søstera mi, Jorunn i dag. Dei skulle også ha handverkarar, for det hadde vore ein lekkasje der. Medan vi snakka saman, kom røyrleggaren, så då var det bare å avslutte. Det er godt at vi kan halde folk i gang med arbeid også om vinteren.

Slektstreff

I dag hadde eg ein telefon frå søster Solvor Rasmussen på Varhaug. Dei har snø og kulde også på Jæren no i januar, men vi snakka også om sommaren som kjem. Då har eg bestilt Åpta leirstad i Lyngdal til slektstreff helga 5.-7. juli.

Vi hado veit de jo eit slikt treff i fjor kombinert med søster Jorunn Moen sitt gullbryllup og det var jo hyggeleg å kunne møtast slik. Mange meinte at vi burde gjenta det om eit par år, men eg sa at vi blir gamle, så eg vil heller ha det alt neste år. Så no gjeld det å finne eit program som gjer at folk vil kome, det må jo vere litt program, sjølv om det å møtast er det viktigaste.

No veit i alle fall de som les bloggen at det blir slektstreff til sommaren. Eg har hatt ambisjonar om å lage ei slektsbok som kunne lanserast der, så eg må vel kome meg i gang med det også. Har du som les bloggen noko du meiner bør med i boka, bilete eller tekst, så ta kontakt, ring eller send det til meg, så kan eg vere redaktør i staden for forfattar.

Norsk i Australia

I dag fekk eg ein artikkel frå Torbjørn Greipsland. Han har skrive om nordmenn som utvandra til andre land, ikkje bare til USA. Ein slik person var Olaf Trygve Olsen, han er det nok ikkje så mange som kjenner namnet til her i landet. Men i Australia var han kjent, der har han endåtil fått ein fjelltopp oppkalla etter seg.

Slike artiklar er god lesing på Setesdalswiki. Med tid og krefter kan ein lage lenker og gje lesarane høve til å lese meir om stader og folk som er nemnde i artikkelen. Slik veks leksikonet fram. Sjølv om artikkelen ikkje opprinneleg var skriven for eit leksikon, kan han innkorporereast i det øvrige leksikonstoffet, Difor er eg takksam når folk sender meg stoff eg kan legge ut.

Av og til er eg innom på Wikipedia og ser om dei har noko om stoffet eg har på Setesdalswiki. Dei har ein artikkel kalla Nordmenn i Australia, og der er han nemnd. Så dei ulike nettleksikona utfyller kvarandre,

Ein god dag

I dag var ein god dag for Setesdalswiki. Eg trur vi fekk 20 nye artiklar, stor takk til Siri Johannessen som la ut artiklar om program ho har hatt i Valle Radio.

Gjennom åra har program i Valle Radio vore ein viktig del av det vi legg ut på Setesdalswiki. Slik har vi kunna dokumentere den store frivillige innsatsen som blir gjort av medarbeidarane i radioen. Sendingane har jo gått utan at det er lagt opp til at dei kan høyrast anna enn når sendinga går, ein har ikkje hatt høve til å gå inn og høyre seinare. Men ved å lese på Setesdalswiki, kan ein i det minste få vite kva som var på programmet.

I 2024 har vi også fått lagt ut lenker til nokre sendingar som kan høyrast etter at programmet er sendt. Dei ligg i ein eigen kategori: Med lyd.

Eg trur ikkje at Setesdalswiki vil få dagleg vekst på dette nivået. Men kan hende kan vi nå eit nytt hundretal før månaden er omme. Vi har alt fått 100 nye artiklar til no i januar, så dei knappe 40 vi manglar burde vere råd å få på plass innan vi kjem til februar.

Kveldssong

Olav Mosdøl har skrive mykje vakkert. I tysdagssendinga fekk vi høyre Anne Karin Kaasa framføre ein kveldssang. Den høver godt i kveld. Her er teksten:

Det syng så vakre tonar gjennom kvelden
når himlens Herre samlar ljoset inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.

I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær.
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.

Ver still mi sjel lat songen min få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Ver audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.

Video

Denne veka har eg tenkt på noko som Asbjørn Kvalbein sa i kåseriet tysdagskvelden:

Tenk på øynene dine: De er utrettelige videoapparater, som kan fungere i all slags lys. 

Tenk på ørene dine: De har slike egenskaper at du kan øve deg i å bruke dem som ekkolodd. Blinde kan plystre og lokalisere en stolpe ved hjelp av ekkoet fra den. 

Tenk på fordøyelsen din: Den kan ta opp næring fra en utrolig stor variasjon av mat. 

Når eg tenkjer på desse tre tinga, kan eg ikkje anna enn undre meg over skaparverket. Sangen O, store Gud, når jeg i undring aner kjem i tankane mine og lovsang bryt ut i sjela, sjølv når eg ikkje syng ut i rommet.

Eg kunne gå vidare og nemne hjernen sin evne til å kombinere dei inntrykka vi får gjennom sansane. Evnen til å lære språk, som rett nok minkar med åra, men språk ein har lært, kan leitast fram og forståast mange år seinare. Av glosepugginga på realskule og gymnas sit mykje att over femti år seinare og kan takast fram når det trengst.

Nokon hugsar best det dei har sett, andre likar høyre eller lese for å hugse. Slik er det individuelt. Men Guds skaparverk er vidunderleg.

Glede i kulda

I dag fekk eg ein telefon som gav glede i kulda. Vi har byggmeister Christian Ihme som nabo, det er kjekt når vi treng hjelp til snekring, han får kort veg til jobben og vi får jobben gjort.

Vi hadde snakka saman om at det hadde vore fint å få isolert huset. No ville han høyre om det var interessant å gjere alvor av prosjektet, og det var det jo. Så han kom innom på ein kopp kaffe, og vi prata saman om det. Han har planar om ein tur til Tanzania i vår og ville gjerne ha jobben gjort medan han var der, han har fire mann i arbeid og dei kunne gjere det sjølv om han var borte.

Så no blir det byggeplass om nokre veker. Materiala skulle malast før dei kom på veggen, så vi lurte på kva fargen heitte. Etter litt leiting kom vi fram til at gulfargen på huset vårt er Solgul, så då er nok snart folk i gang med å male, det er lettare å male materiale som ligg enn når det er kome på veggen.