I kveld kom Margunn og Stein på helgebesøk. Då vart vi sitjande og snakke om den gilde helga vi hadde på Åpta i fjor. No planlegg vi å møtast att til sommaren, eg har bestilt første helga i juli, 5.-7. juli 2024 for eit nytt slektsstevne for etterkomarar etter Selma og Hans Hetland. Etter kvart vil det kome meir informasjon både på bloggen og i Facebookgruppa for etterkomarane.
Sjølv om det var ei gild helg, er det ting ein kan gjere for at det skal bli minst like fint som i fjor. Det må vi tenke på når vi planlegg denne gongen.
I familien er det mange gode ressursar når det gjeld sang og musikk. Vi må prøve å bruke dei på ein god måte. Samstundes er vi på ei naturperle, så det vil bli god tid til naturoppleving om veret blir lagleg.
Målet er også å få til ei slektsbok der vi kan møte folk i slekta gjennom intervju og tekstar i tillegg til ei slektliste. Den arbeider Margunn med, intervjua må eg prøve å gjere. Om eg intervjuer 50 folk, blir det fort 100 sider i den boka. Men om det skal bli plass til anna stoff, må eg kanskje redusere på intervjua, det skal vel ikkje bli ein mastodont av ei bok heller.
Korleis kan du bli med på dette?
Leit fram Camp Åpta og ta ein telefon og meld deg på. Så dreg du campingvogn eller telt med deg, eller leiger ei hytte. Om det er fullt i hytter og du ikkje har vogn eller vil ligge i telt, får du skaffe deg hotellrom i Lyngdal og kome på dagsbesøk eller sove i bilen. Det vil bli ei gild helg.