Om boka Haugianerne av Trygve Riiser Gundersen, skrive av Odd Sverre Hove, tidlegare generalsekretær i Den indre Sjømannsmisjon:
Månadsarki: august 2022
Meir D-vitamin
I dag svinga Jorunn og Ole Thorvald Moen innom etter å ha vore ein tur hos Torunn Irene i Kristiansand. Ho spelar obo i Kristiansand symfoniorkester, og når begge foreldra er opptekne med jobb, er det fint å ha besteforeldre som kan stille opp og passe ungar.
Barna våre er for langt unna til at vi kan passe barnebarn, nå er dei forresten så store at dei ikkje treng så mykje barnepass.
I det fine veret kunne vi også i dag sitje ute i sola og få i oss D-vitamin i fleng. Reidun hadde kaffi klar og gjestene hadde kaffimat, då er det enkelt. Medan vi sat der, ringde Jorunn sin telefon. Dei trong organist i Farsund kirke laurdag, det skulle vere bryllup. Paret ville ha musikk på Spotify til inngang og utgang, og som vikarorganist er det enkelt å seie ja, sjølv om ein helst ikkje likar det og meiner at levande musikk bør vere musikk i ei så viktig hending i livet. Det har vore ein stor debatt om det mellom organistar i ei gruppe på Facebook i lang tid no.
Eg likar å ta eit bilde når vi har besøk og slik dokumentere det. Jorunn var ikkje så glad for bilde i dag, så eg redigerte henne bort. Dermed er det bare Reidun og Ole Thorvald på bildet.

I sola
I ettermiddag gjekk eg ut i sola for å få litt D-vitamin. Dosen vart helst liten, for sola gladde og då vart det ikkje så varmt, så eg trekte inn att. Med meg ut hadde eg ei bok av Carl Sundby som dukka opp av ein pose bøker eg hadde.
I kveld googla eg han. Då fann eg dette på telemarksportalen.no:
Carl Sundby (1903 – 1974) var lærer på Heistad og Klevestrand i 1930 og -40 åra. Etter krigen ble han ble utnevnt til skoleinspektør for Eidanger kommune med kontor på Klevstrand skole. Etter sammenslåingen med Porsgrunn kommune, i begynnelsen av 1960-årene, fortsatte han som skoleinspektør i storkommunen med kontor i Porsgrunn rådhus. I andre halvpart av 1960-årene ble han utnevnt til konstituert skoledirektør for Telemark fylke, en stilling han hadde til han gikk av som pensjonist. Sundby var medlem og formann av bibliotekstyret i Eidanger fra midten av 30-åra til 1957. En periode styrte han også biblioteket på Heistad.
Han ble tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull p.g.a. sine lokale engasjement
Bibliografi:
- Poli’ti Klausen og andre guttefortellinger 1931
- Den siste basun 1934
- Små mennesker 1936
- For mors skyld 1937
- Du kan likegodt tilstå! 1938
- Det rette motet 1939
- Underet skjer 1941
- Bare en mor 1942
- «Kjøp skolisser da di» 1942
- Det kommer en dag 1942
- Jan og Inger på nye eventyr 1945
- Jeg vil hjem 1946
- Røvergutten 1946
- Barndommens by 1948
- Pappa overlever alt 1952
- Små mennesker 1953
- Det er noe De har glemt, pastor 1954
- Bare en mor 1955
- Kom skal vi leve 1956
- Martinsen og kolleger 1958
- Våre barn og andres unger 1970
- Rettferdighetens liga 1971
Sola skein på både blomar og folk:

Norskamerikanske prestar
I kveld hadde eg ein hyggeleg prat med Siri Johannessen. Ho kunne fortelje at det dessverre ikkje vart sending i radioen til tysdag. Det er på gang ei teknisk oppgradering i begynnelsen på september, så kanskje må den siste sendinga i august og den første i september gå ut.
Så kom vi til å snakke om at ho hadde funne fleire norskamerikanske prestar i ei bok som kom ut for vel 100 år sidan. Mellom dei var Bjug Aanundson Harstad, og han hadde rød lenke på Setesdalswiki. Så kanskje blir det no snart nokre artiklar om både han og andre norskamerikanske prestar. I boka Helt til jordens ende er det nokre slike lister som vi har fått legge ut på Setesdalswiki, og då er det kanskje nokre namn der som kan få blå lenke i staden for rød.
Alle dei fuglar
Bytur
I dag hadde eg ei innkalling til sykehuset for å få høyre kva legen der hadde å seie om blodprøvane eg tok tidlegare i veka. Eg skulle vere der alt klokka 10, så det var bare å få i seg frokost og kome seg av garde. Eg er heldig som har personleg sjåfør, då slepp Reidun meg av ved inngangsdøra og eg slepp å tenkje på parkering.
Det er ikkje uvanleg å måtte vente, ein gong måtte eg vente så lenge at eg slapp å betale, men denne gongen var det bare ein halv time. Eg kom i prat med han som skulle inn etter meg, han var over 80, men såg svært sprek ut. Han fortalde at han hadde løfta mykje tungt gjennom livet, og også vore ute for ulukker, men dei hadde vore flinke til å reparere han. I dag hadde han avtale om å drikke kaffe på Sørlandssenteret med ein kamerat, men når det vart så mykje venting, var det ikkje sikkert at han rakk det.
Legen brukte den halvtimen som var avsett til meg og vel så det og forklarte kva blodprøvane fortalde. Alt var som før pandemien, han ville ikkje endre på noko på reseptane eg alt hadde. Men han anbefalte meg å begynne å bruke Albyl-E, det er bra for hjartet, dei fleste legane over 45 år brukar det, sa han.
Vel heime måtte eg sjekke med svigersonen min som er patolog. Han var nok ikkje heilt enig og brukte det ikkje sjølv, men meinte det var nokså vanleg tidlegare. Så i morgon blir det nok handletur.

Lærar
I dag skreiv eg om læraren min på lærarskolen i Stavanger, Olav Golf. Han var ein markert pedagog og sensor i pedagogikk og spesialpedagogikk og gav ut fleire bøker. Etter at han vart pensjonist, ville han arbeide med utdanning av lærarar i USA. Difor reiste han til USA for å lære meir om dette gjennom gransking av kjelder der. Men då han spurde om å få ein fast plass for å kunne ha bøkene sine og sleppe å finne dei fram frå gong til gong, fekk han til svar at det bare var for doktorgradsstudentar. Soga fortel at han då reiste heim og tok doktorgrad på Universitetet i Oslo 73 år gammal. Så kunne han få fast plass over there.
Alt dette skjedde mange år etter at eg frå 1969-71 sat under kateteret hans på gamle Nylund skole i Stavanger, som også hadde plass til lærarstudentar.
Her er artikkelen: Olav Golf
Opprydding
Eg er ikkje alltid så flink til å kategorisere artiklar på Setesdalswiki. Difor er eg svært takksam for jobben Siri Johannessen har gjort i dag med å få litt konsistens i systemet.
Eg er også takksam for ein lang artikkel eg fekk legge ut i dag, artikkelen
Torbjørn Greipsland skriv interessante artiklar og det er flott å ha nokre slike på Setesdalswiki.
Sjølv har eg ikkje vore så aktiv med eigen produksjon i dag. Men eg har leita litt etter stoff, så kan hende kjem det noko meir frå meg i morgon.
Høyre seg sjølv
I kveld kunne eg høyre meg sjølv i Valle Radio. Det var eit opptak av ein samtale eg hadde med Knut O. Nomeland om livet i Hylestad under 2. verdskrig, han var 22 år i 1940 og skulle mobiliserast. Men han var hovslagar, og det var det ikkje bruk for, så han slapp å vere med. Mange andre på hans alder vart mobiliserte.
I samband med at Bykle kyrkje er 400 år og at jubileet skal markerast første sundag i september hadde Siri Johannessen ein samtale med Bernt Berntsen, som var med i Valle Radio for første gong. Han var kyrkjetenar der i mange år. Det vart ein svært interessant samtale der han fortalde om kyrkja, både det ein kan sjå og det ein ikkje kan sjå. Etterpå kom Else Gyro Rysstad inn og fortalde om jubileumsplanane, dei hadde invitert både Kongen og biskopen, men ingen kunne kome, så det vart prost Gunnar som kom til å vere med. Det blir messe i nykyrkja, middag på hotellet og sidan samling i kyrkja att og open gamlekyrkje.
Det var to som var med i Valle Radio for første gong, den andre var Vigdis Jeiskelid. Ho fortalde om sogelagsvandringa fra Systog Dalen til Hartevatn, der ho skal vere turleiar og fortelje om det ein kan sjå på turen.
Sjølv var eg også på tur i dag. Reidun kjørte meg ein tur til Kristiansand for å levere sju glass blod og eit anna glass, du kan nok tenke kva det var, før eg til fredag skal ha ein samtale med ein lege der. Bildet under er frå Nye veier sin nye veg. Det blir flott når det blir ferdig. Innover kjørte vi gamlevegen, og eg var overraska over kor mange som nytta den av møtande trafikk og slik sparte 22 kroner.

Byklefokus
I morgon kan du høyre litt av kvart frå Bykle i Valle Radio. Bykledagen 3. september er i fokus ved Bjørn Erling Auestad, men du får også høyre byklarane Vigdis Jeiskelid, Else Gyro Rysstad og Bernt Einar Berntsen, dei to siste er vel helst tilflytta frå Rysstad og Grendi, men har budd så lenge i Bykle at dei mest kan kallast byklarar. At den vesle kyrkja i Bykle er 400 år, ei lita tre-kyrkje, er mest ikkje til å tru, men byklarane har teke godt vare på klenodiet sitt. No er ho ikkje så mykje i bruk, nykyrkja har overteke for dagleg bruk, men det er jo ikkje unaturleg å jubilere for gamlekyrkja som i så mange år samla folk i både glede og sorg, til høgtid og fest, til song og bøn.
Frå arkivet tilbake i 2005 kan du også høyre meg i samtale med Knut O. Nomeland, heiekaren som eg hadde mange samtalar med.
Tirsdag 23. august
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri fra Norea
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Svein Anton Hansen
18.30 Folk og musikk med
Sogelagsvandringa fra Systog Dalen til Hartevatn, Vigdis Jeiskelid vet mer
Bykle kyrkjes jubileum, Else Gyro Rysstad informerer