Det er tid for julemesser rundt om i landet. Handarbeid og kransekaker loddast ut i bedehus og idrettshallar, folk samlast til sosialt samvær og forkynning, Hundrelappane flyg ut av lommebøkene og skaffar grunnlag for å drive misjon og anna frivillig arbeid i året som ligg framom oss eller å dekke utgifter i året som gjekk.
I ein prat med søster Solvor fortalde ho at ho hadde vore på tre julemesser til nå på Varhaug, der ho bur. Ho hadde også laga kaker som vart serverte til kaffe medan loddsalet gjekk. Travelt, men moro, meinte ho.
Reidun var på julemøte på Mandal bedehus i dag. Eldretreff kvar første torsdag i månaden. På desembermøtet brukar dei å ha grøt. Slik var det i år også. Grøt, og kaffi og småkaker etterpå.
Dermed vart det litt sein formiddagsmat på meg i dag, men eg likar å vente, det er hyggelegare å ete saman med nokon enn aleine. I dag var det fint ver, sola kom så vidt over toppane, og lyste opp midt på dagen sjølv nede i hola der vi bur. Alt blir lettare då, og vatnet, som fløymde i går, har runne vekk. Glad det ikkje var snø som kom i slike mengder.