Hauststorm

I går kveld sat eg i telefonen då lyset gjekk i Valle. Det tok jo si tid før straumen kom att. Heldigvis er det lenge mellom kvar gong slikt skjer, og denne gongen var det mildt ute. For meg som baserer meg på elektrisk fyring, ville det nok blitt kaldt inne om det hadde vore mange minusgrader ute.

Eg trur eg kom frå denne hauststormen utan særlege skader, det var verre for Noe Bow som var på korøving i Familiekoret, dei skal syngje på jolemessa i Valle laurdag og hadde øving på Menighetshuset onsdagskvelden. Då han kom ut etter øvinga, hadde bakruta bilen hans blitt knust i stormen.

Når lyset går er det gjerne problem med dataserveren til kommunen, og i dag var det vanskeleg å nytte data på skulen. Etter det eg skjønar, fekk også telefonsystemet deira problem og måtte få nye deler frå byen, så det var visst ikkje så lett å kome i kontakt med kommunehuset i dag. Men det ordnar seg etter kvart, sjølv om ein hauststorm syner at vi er svært avhengige av elektrisk straum i dagens samfunn.

Når vinden uler rundt husa er det godt å vere innandørs, endåtil utan straum. Eg hadde ikkje sytt for å ha stearinlys i leiligheten eg bur i, eg er i grunnen ikkje særleg for det. Men heldigvis var den bærbare datamaskinen full av straum, så eg hadde litt lys frå skjermen der i romet, og det var i grunnen nok til lyset kom tilbake.

Så langt eg kan skjøne det var hauststormen i Valle ikkje mykje samanlikna med korleis vinden valda skade andre stader i landet, særleg på kysten nordover har det visst vore kraftig uver. Men NRK var mest oppteken av tre som velta i nærleiken av Oslo, det er i grunnen litt rart at vindkasta i det sentrale austlandsområdet skal vere viktigare å ha bilete av på TV enn skadeverk på kysten og nordover. Media er etter mi meining alt for sentrert rundt hovudstaden.

Vegnamn skapar diskusjon

I kveld var det kommunestyremøte i Valle og eg fekk med meg litt av det i overføringa i Valle Radio. Melding på Facebook tyda på at det tok litt tid før oppkoplinga fungerte på Internett, men eg fekk det inn på FM. Ettersom middagsluren ikkje var over då møtet starta, fekk eg ikkje med meg starten. Men litt av debatten om vegnamna høyrde eg, før dei tok pause med gruppemøte og mat, den var sein i kveld, til vanleg pleier den å vere om lag 19.30, men i kveld var klokka 20.25 då Tarald Myrum signaliserte pause.

Til skilnad frå budsettsaker og andre saker der økonomi er involvert, vil det ikkje koste meir om ein endrar eit namn på ein veg. Difor kunne folk seie kva dei meinte, og etter debatten å døme var det mange meiningar. Eg synest veggruppa har gjort ein god jobb, dei har hatt nokre prinsipp og så har dei fylgt desse. Men folk kunne jo vere usamde i prinsippa, og difor kome opp med andre namn. Etter det eg forstår, går nok diskusjonen mest på korleis ein skal ta vare på namn som alt er i bruk.

Når du les dette, har nok kommunestyret vedteke namna som skal nyttast på vegane i kommunen framover.

For flyktningane som er busette i Valle var nok den saka av mindre betydning enn at to av dei som var oppe til munnleg test i norsk i haust, fekk bestått. Det vart feira med is og appelsin i lunsjpausen vår i dag. Det er triveleg å dele glede over godt resultat med kvarandre, og vi hadde ei hyggeleg stund der vi kunne nyte frukta av hardt arbeid for å kunne bli aktuelle jobbsøkarar med norsk-kompetanse. Tre av dei som har klart testen tidlegare var i dag på jobbmesse i Arendal, om dei fekk napp, står att å sjå. I så fall vil dei vel flytte frå kommunen. Det vil vere eit sakn å misse dugande folk, men vonleg har vi gjort dei rusta for å gjere ein god jobb der dei kjem.

Vegnamn skapar diskusjon

I kveld var det kommunestyremøte i Valle og eg fekk med meg litt av det i overføringa i Valle Radio. Melding på Facebook tyda på at det tok litt tid før oppkoplinga fungerte på Internett, men eg fekk det inn på FM. Ettersom middagsluren ikkje var over då møtet starta, fekk eg ikkje med meg starten. Men litt av debatten om vegnamna høyrde eg, før dei tok pause med gruppemøte og mat, den var sein i kveld, til vanleg pleier den å vere om lag 19.30, men i kveld var klokka 20.25 då Tarald Myrum signaliserte pause.

Til skilnad frå budsettsaker og andre saker der økonomi er involvert, vil det ikkje koste meir om ein endrar eit namn på ein veg. Difor kunne folk seie kva dei meinte, og etter debatten å døme var det mange meiningar. Eg synest veggruppa har gjort ein god jobb, dei har hatt nokre prinsipp og så har dei fylgt desse. Men folk kunne jo vere usamde i prinsippa, og difor kome opp med andre namn. Etter det eg forstår, går nok diskusjonen mest på korleis ein skal ta vare på namn som alt er i bruk.

Når du les dette, har nok kommunestyret vedteke namna som skal nyttast på vegane i kommunen framover.

For flyktningane som er busette i Valle var nok den saka av mindre betydning enn at to av dei som var oppe til munnleg test i norsk i haust, fekk bestått. Det vart feira med is og appelsin i lunsjpausen vår i dag. Det er triveleg å dele glede over godt resultat med kvarandre, og vi hadde ei hyggeleg stund der vi kunne nyte frukta av hardt arbeid for å kunne bli aktuelle jobbsøkarar med norsk-kompetanse. Tre av dei som har klart testen tidlegare var i dag på jobbmesse i Arendal, om dei fekk napp, står att å sjå. I så fall vil dei vel flytte frå kommunen. Det vil vere eit sakn å misse dugande folk, men vonleg har vi gjort dei rusta for å gjere ein god jobb der dei kjem.

Møteopptak

I helga var Viggo Wilhelmsen på Nomeland bedehus. Han kjem dit nokre gonger i året, og Bjørgulv, som gjorde opptaket av møtet vi sende i Valle Radio i kveld, fortalde at det var godt oppmøte desse kveldane så vel som sundag føremiddag i Hylestad kyrkje.

Eg tenkjer at det er viktig å sende nokre slike opptak i Valle Radio og slik syne den delen av kulturen vi har i bygda. Difor er eg glad for at Bjørgulv tok opp dei to møta.

Viggo er ein predikant som talar levande og engasjerande. Han er flink til å illustrere det han har på hjarta med forteljingar som fengar og som er henta frå opplevingar han sjølv har hatt. Dermed vert det interessant å høyre på han.

Gjennom åra har det blitt sendt ein del gudstenesteopptak i Valle Radio. Dei har ein fast liturgi og er lette å kjenne seg att i. Møteopptak er noko friare, og i kveld var Viggo sin tale timelang. Akkurat det er heilt greitt for meg, er likar når folk har noko på hjarta og likar ikkje når dei vert avbrote av musikk.

Tysdagskveldane er ikkje for nyheter i særleg grad. Men å få sende eit møteopptak ser eg på som eit godt tilskot til variasjonen i Valle Radio.

Program for veke 48, 2013

Etter to veker utan tysdagssending er eg tilbake att med sending i morgon. Her er programmet. Eg vart litt sein med å sende det til Setesdølen i dag, men vonar at det kom med:

Tysdag 25. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Møteopptak. Viggo Wilhelmsen
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. november

18.00 Kommunestyremøte

Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)

Senilveke

Eg har hatt si senilveke siste veka. Difor har bloggen vore utan tekstar siste veka. Heller ikkje Setesdalswiki har hatt bidrag frå meg den siste veka. Eg har vore i Nittedal og passa barnebarn medan foreldrene var på USA-tur. Det var ei stor og fin oppleving, sjølv om det starta med magesjau for heile familien. Eg hadde tenkt å skrive på digitale plattformer medan eg var der borte, men eg var så pass utslegen at det einaste eg orka, var å skrive litt på Wikipedia. Eg var på val som administrator og byråkrat der denne veka, det er ein åremålsystem, med valperiodar på to år. Eg er takksam for attval, Wikipedia er viktig for meg.

Etter ei vekes pause er det eit etterslep på Setesdalswiki. Bloggen har fått ei heil veke utan innlegg i november 2013. Det får de som les dette, leve med, men eg har ein jobb å gjere for å bli ajour med Setesdalswiki sine datoartiklar og å få på plass dei siste utgåvene av Setesdølen i nettleksikonet for Setesdal.

I tillegg har det vore ei veke der det har skjedd mykje i Setesdal. Meldinga om at ein vil fjerne Hekni bomstasjon var ei gladmelding, i alle fall om det fylgjer pengar med til å få gul midtstripe til Hovden utan bompengar. Meldinga om at Evje og Hornnes vil reforhandle avtalen om Setesdal Regionråd er ei melding med motsett forteikn, Setesdal regionråd er i mine auge eit samarbeidsprosjekt som har så mykje positivt i seg at vi som bur i dalen burde juble over jobben som vert gjort gjennom regionsamarbeidet i staden for å klage. Utan dette samarbeidet hadde ikkje Evje blitt det regionsenteret vi no ser vekse fram, det er eg overtydd om. Eg må kan hende skrive meir om det seinare.

Ettersom eg var på kurs tysdagen før eg hadde mi friveke, vart det to tysdagar utan sending i Valle Radio. Men til tysdag er både eg og Niklos tilbake, og det ser ut til at vi kan sende eit opptak frå møta Viggo Wilhelmsen hadde i Hylestad denne helga. Å formidle noko frå kristenliv og kyrkjeliv i nærmiljøet er god lokalradio.

Gunnar Ellingsen

Den nye prosten i Otredal var med i Valle Radio onsdagskvelden. For ei veke sidan var han på besøk i Øvre Setesdal og var med på soknerådsmøte både i Bykle og i Valle, han fekk sjå kyrkjene, han besøkte sjukeheimane og møtte elles mange folk i prostiet. Dette fortalde han om i radioen, og så fekk radiolyttarane vite at han hadde vore prest frå Kirkenes til Grand Canari, men at han kom frå Langhus sør for Oslo då han no kom til Vennesla. Men røter frå Herefoss og kone frå Kristiansand måtte Vennesla vere midt i blinken å ha presteteneste med omsyn til avstand til heimbygdene for dei to.

Det vart ein hyggeleg prat med ein triveleg prest som gjerne tok turen til Øvre Setesdal att. Sjølv om det meste av prestetenesta vil skje i Vennesla, vil han nok bli å sjå oppover i Setesdal framover. Du kan lese meir om han på Setesdalswiki, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunnar_Ellingsen

Eg møtte han i trappa til biblioteket då han var på turen sin. Sokneprest Terje Seilskjær prestenterte oss og fortalde at eg skreiv på Setesdalswiki,

-Du kjem nok snart der, du og, sa han til prosten.
-Han er alt der, kunne eg fortelje
-Eg har sett det, fortalde prosten, der var det mye interessant å finne om Setesdal

Då har vel Setesdalswiki hatt sin misjon, tenkjer eg.

Nasjonal strikkekveld

Den nasjonale strikkekvelden som var på NRK for eit par veker sidan fekk ein avleggar i Valle Radio i går kveld då Annemor Sundbø fortalde litt om korleis ho hadde opplevd å vere på TV frå Salhus den kvelden. Ho kunne godt forstå kvifor det ikkje vart verdsrekord, for det var kaldt i fabrikken, så den nyklipte ulla var ikkje varm og god å spinne. Ho fortalde og at ho hadde fått mail, sms, telefonar og helsingar frå halve Norge og heile verda, strikkeprogrammet hadde og vore sendt på Færøyane.

Det var jo hyggeleg at ein kvinnesyssel no kunne kome i fokus på slow-TV som dei kallar programkonseptet. I heimen vår var det bare det som var i TV-ruta den kvelden, noko som ikkje er så unaturleg når Reidun vel er snart den einaste som leverer setesdalskofter til Husfliden i Valle strikka på håndstrikkemaskin. Når det kjem ei setesdalskofte på skjermen, lurer ho alltid på om det er ho som har strikka den.

Annemor fortalde at ho heldt på med korrektur på ei ny bok, ho hadde 150 sider att av 3. korrekturen og den skulle vere ferdig til måndag, men boka kom ikkje i bokhandelen før til våren. Elles var ho mykje på farten med foredrag om strikking og om fillehaugen sin og gledde seg over oppsvinget som spinning har fått etter programmet. Kan hende vert det spinnedag på Ose til våren eller sommaren.

Vi kom til å snakke om programmet i ein skuletime i dag, og dei utanlandske kvinnene hadde sett på programmet. Strikking er interessant og for dei.

Elles gratulerte eg Annemor med Kongens fortenstmedalje, den kom overraskande på henne, men desto meir gledeleg. Det kjem mange strikkebøker med Setesdalsgensermotiv, kan hende burde det lagast ei slik bok med utgangspunkt i dalen. Til no har det vore folk frå andre kantar av landet som har nytta motivet i bøker.

Framtidsbygda 2013

I to dagar har eg vore på eit interessant seminar om Framtidsbygda 2013. Det handla om å sjå trendar i Bygde-Norge og kva ein gjer for å møte desse på best mogleg vis. Ein av trendane er at folk flytter mellom bygdene, dei som kjem nye har det ikkje alltid så lett for å kome inn i det sosiale fellesskapet som ei bygd har. Vi snakka i dag om møteplassar, og Eugene Guribye frå Agderforskning sette søkelyset på korleis det er i England med pub og i Sør-Europa med piazza. I Norge er gatene tomme etter arbeidstid, det er vanskeleg å sjå møteplassane.

Eg måtte tenkje på hovudgata i Valle. Den er ein slik møteplass, her møtest folk når dei skal handle, men på fine sommardagar er det ikkje alle som handlar, nokre sit bare på benkene og pratar saman. Det er benker for å slå seg ned både ved bensinstasjonen, Hasla, Coop og Joker, ja det er til og med benker og bord oppe utanfor biblioteket.

Biblioteket er ein annan arena der folk møtest i mange bygder. I Valle er biblioteka litt for tronge til at dei vert laglege møteplassar, men nokre stader har ein fått bibliotek som ein del av eit kulturtorv, og då fungerer dei slik. På seminaret fekk vi høyre ordføraren i Lindesnes fortelje om korleis dette fungerer på Vigeland i hennar kommune. Både Vennesla og Arendal har teke i bruk biblioteka på tilsvarande vis.

Ettersom vi sjeldan inviterer folk heim, blir slike møteplassar viktige for at folk skal trivast. Ein møtest utanfor heimen i motsetnad til tidlegare tider, då folk gjekk på besøk til kvarandre i større grad.l Å møtast i det offentleg rom er uforpliktande, og det likar vi.

Elles er idrettshallar og bedehus viktige møtplassar for ulike kulturinteresser. Men dei er meir forpliktande for deltakarane.

På seminaret fortalde dei at der ein har klart å etablere slike møtestader, syner det seg at folk ikkje så lett flytter vidare. Dei finn seg betre til rette og kan gle seg over sosialt fellesskap utan å sakne å møtast i heimane. Det var tankevekkande, vi burde klare dette betre enn vi har klart til no mange stader.

Farsdag

I går var det farsdag, ein dag som her i landet nok er mest prega av handelsstandens forsøk på å få barn og mor til å handle noko til far ein sundag i november.

Vi kom til å snakke noko om det på skulen i dag, og då kunne Michael fortelje at i Burma var farsdag ein viktig dag i kyrkja. Folk pynta seg med blomar, den som hadde far i live, sette ein raud blom på jakken, men om far var død, stod det ein kvit blom der.

Eg måtte tenke på at det hadde vore ein tradisjon ein kunne ha teke hit til landet og. Michael undra seg over at det ikkje var gudsteneste i Valle på farsdagen, så eg måtte forklare han noko om korleis prestane i sokn med bare ein prest arbeider for at dei og skal få fri på sundagar. I Valle har det jo blitt slik no at presten har to gudstenester den eine sundagen og fri den neste, eit system som ser ut til å fungere bra, men som altså førte til undring frå ein innflyttar som lurer på om folk ikkje feirar farsdag her i landet på annan måte enn å skrive om det i avisa.

Når nye landsmenn kjem til landet, er det mykje meir enn norsk språk dei skal lære. Språk og kultur heng saman, men kulturutrykka tek ulike former, og mange av dei må presenterast konkret: Slik gjer vi det i Norge. Då kan vi få spegla noko av vår kultur i møte med innvandrarane sin kultur.