Framtidsbygda 2013

I to dagar har eg vore på eit interessant seminar om Framtidsbygda 2013. Det handla om å sjå trendar i Bygde-Norge og kva ein gjer for å møte desse på best mogleg vis. Ein av trendane er at folk flytter mellom bygdene, dei som kjem nye har det ikkje alltid så lett for å kome inn i det sosiale fellesskapet som ei bygd har. Vi snakka i dag om møteplassar, og Eugene Guribye frå Agderforskning sette søkelyset på korleis det er i England med pub og i Sør-Europa med piazza. I Norge er gatene tomme etter arbeidstid, det er vanskeleg å sjå møteplassane.

Eg måtte tenkje på hovudgata i Valle. Den er ein slik møteplass, her møtest folk når dei skal handle, men på fine sommardagar er det ikkje alle som handlar, nokre sit bare på benkene og pratar saman. Det er benker for å slå seg ned både ved bensinstasjonen, Hasla, Coop og Joker, ja det er til og med benker og bord oppe utanfor biblioteket.

Biblioteket er ein annan arena der folk møtest i mange bygder. I Valle er biblioteka litt for tronge til at dei vert laglege møteplassar, men nokre stader har ein fått bibliotek som ein del av eit kulturtorv, og då fungerer dei slik. På seminaret fekk vi høyre ordføraren i Lindesnes fortelje om korleis dette fungerer på Vigeland i hennar kommune. Både Vennesla og Arendal har teke i bruk biblioteka på tilsvarande vis.

Ettersom vi sjeldan inviterer folk heim, blir slike møteplassar viktige for at folk skal trivast. Ein møtest utanfor heimen i motsetnad til tidlegare tider, då folk gjekk på besøk til kvarandre i større grad.l Å møtast i det offentleg rom er uforpliktande, og det likar vi.

Elles er idrettshallar og bedehus viktige møtplassar for ulike kulturinteresser. Men dei er meir forpliktande for deltakarane.

På seminaret fortalde dei at der ein har klart å etablere slike møtestader, syner det seg at folk ikkje så lett flytter vidare. Dei finn seg betre til rette og kan gle seg over sosialt fellesskap utan å sakne å møtast i heimane. Det var tankevekkande, vi burde klare dette betre enn vi har klart til no mange stader.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *