Alle innlegg av Harald Haugland

75 år

I dag var vi i Lyngdal og feira søster Jorunn sine 75 år. Vi var ganske mange, for av søskena var både eg og Reidun, Solvor og Gaute, Hermund og Kari, og så var Sigurd med. Brit er som søster for oss, sjølv om ho er søskenbarn. Av barna var Torunn Irene og Tom Andreas med tre barn og Gunn Randi og Bård, så var det fire gamle venner frå Ålgård og Steinar, Gro og Anne Synnøve kom til kaffe klokka 17, vi andre var der alt til middag klokka 14.

Det vart ein flott dag, med sang, musikk, Ålgårds-kahoot og mykje kaker til kaffe, gryterett med ris til middag. Hyggeleg å treffe folk, ikkje minst for meg som ikkje særleg ofte lenger tek meg ut, men trivst godt i kråa mi heime med bøker og pc rundt meg. Eg er ikkje lenger så glad i å gå i trapper, og i Lyngdal er det trapper for å kome opp til stova. Men med godt gelender gjekk det rimeleg greitt både opp og ned. Reidun er god sjåfør, no når vi bare har ein bil er det helst ho som kjører.

Når vi møtest og det er kome nytt Varhaugbuen, har Brit ofte med seg både det og Kyrkjelydsblad for Hå. Sjølv om eg aldri har budd i Hå, likar eg å lese dei fine blada.

Til sommaren planlegg vi slektsstevne på Åpta. Margunn arbeider med ei bok med tekstar om slekta og oversyn, vi er mange etterkomarar av Selma etter kvart. Målet er å ha boka ferdig til samlinga første helga i juli.

Landskappleik

I kveldens sending i Valle Radio hadde Ørnulf Hasla eit innslag om at landskappleiken kjem til Hovden i 2026. Eg fekk dessverre ikkje med meg programmet i radioen i kveld, men her er det eg gjekk glipp av:

Program onsdag 17.april

Ansvarleg Ørnulf Hasla

Teknikar Rolf-Erik Homme

19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke

19.00 Kommunen informerer med Magnus Berg, leiar teknisk avd.

20.00 Reprise frå 1 påskedag, konsert og info om landskappleiken som skal arrangerast på Hovden i 2026.

21.00 Ørnulf tek oss med på ei musikalsk reise til haustfesten i Minot Nord Dakota gjennom 20 år.

Dyster framtid

I kveld hadde Valle Radio eit dystert tema som vart godt belyst av Knut Størdal, universitetslektor ved NTNU og kyrkjemusikar i Trondheim. Der har dei teke opp studentar til studiet, men dei får ikkje sette det i gang, for dei har ikkje fått finansiering. Eg fekk ikkje med meg kor mykje pengar det er snakk om, eg veit ikkje om dei sa det.

At ein ikkje skal ha kyrkjemusikarutdanning i Trondheim, kyrkjehovudstaden med vår einaste katedral, det heng ikkje på greip. Det var passande at samtalen vart avslutta med O, Mensch, bewein dein Sünde Gross, ein orgelkoral av Bach: Å menneske, gråt over synda di.

Knut Størdal, som var organist under Salmeboka minutt for minutt og den gongen spelte 128 salmer gjennom tre døgns salmemaraton, ønskte at Postludium skulle ha det halvtimelange stykket Miserere av Arvo Pärt, ein estisk samtidskomponist. Det hadde eg nok ikkje høyrt om det ikkje var i Valle Radio. Han sa at det fekk pulsen til å slå rolegare, eg veit ikkje om det skjedde, for dette var eit moderne stykke der komponisten meir er ute etter klangar enn etter melodiar, slik eg høyrde det. Klangane var klokker som kunne leie tankane til kyrkjeklokker.

Han sa at han vart med i Valle Radio for å kunne seie noko om at ein ikkje må legge ned utdanninga i kyrkjemusikk i Trondheim, det er vanskeleg å kome i gang att om ein legg ned. Eg er samd med han i det,

Rennedrev

Veret i dag kunne nok kallast rennedrev, for det var snø og kuling og lite som minna om vår. Når vi har hatt bare vegar mest sidan nyttår, så er det uvant å kjøre på glatt føre att, og Reidun var til Mandal to gonger i dag. Først klokka 9.30, då skulle ho førebu formiddagstreff på Mandal bedehus klokka 11. Der var dei to predikantar, Åge Nygård og kona, fem komitemedlemmer og 11 andre, som trossa rennedrevet og fann vegen til bedehuset. Så var det Norma kvinneforening i kveld, då brukar dei vere 12, men i kveld var dei bare åtte.

I morgn kveld er skal det visst vere basar, men den droppar vi, rennedrevet skal visst vare også ut over morgondagen. Mange har skifta til sommardekk, eg fekk melding frå verkstaden om at dei meinte at eg burde gjere det no, men eg var jo glad at det ikkje var gjort tidlegare.

I går fekk eg ein telefon frå Ihme Bygg. Eg hadde sagt at vi også ville få lagt nytt golv i løa då dei var var her og la isolasjon og kledning på huset vårt. No lurte Christian Ihme på om eg framleis ville få lagt nytt golv, då kunne det høve å gjere det no i staden for til hausten, for det hadde vore godt å ha innearbeid ein slik dag. Så då kom dei i dag klokka 7.00 og tok fatt på jobben.

Gilead

Gilead er tittelen på ein roman av Marilynne Robinson. Ho blir omtalt som amerikansk litteraturs grand old lady, og boka er den første i ein serie på fire. Dei handlar om livet og slekta til to aldrande pastorar i Iowa og første boka, som eg held på med no, er forma som eit brev frå bestefar-pastoren til barnebarn-pastoren. Det er eit langt brev, episodisk med mange digresjonar og fleire både humoristiske og tankevekkande episodar.

Boka kom på norsk i 2022 på Cappelen Damm forlag og er omsett av Kjell Olaf Jensen. Å omsette bøker krev ikkje bare språkleg kompetanse, men også kjennskap til miljøet boka handlar om. Når forfattaren nemner songar som blir nyttta til gudstenester, bør dei etter mi meining omsetjast til rett sangtekst på norsk, eller stå med den engelske tittelen. På side 99 nemner han Korset vil jeg aldri svike og Tidenes klippe. Den første er velkjent, men den andre trur eg ikkje mange har høyrt. Eg tenkjer at i originalen stod det Rock of Ages, på norsk heiter den jo Klippe, du som brast for meg.

Ettersom eg vart sitjande med denne boka, høyrde eg ikkje på Valle Radio, som jo hadde sending både i går kveld og i kveld. Her er programma for dei to dagane:

tysdag 12. mars

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen bibel med Hans Johan Sagrusten via Norea Mediemisjon

18.30 Sangtimen

19.30 Timen med

– Leif Kvinlog frå Setesdal Sogelag : Setesdal og setesdøler

– Jarle Haugland, daglig leder i Tro & Medier http://troogmedier.no/

20.30 Postludium: Egil Hovland

21.00 Kyrkjebakken

onsdag 13. mars

Ansvarleg Ørnulf Hasla

Teknikar Rolf-Erik Homme

Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke

19.30 Kommunen informerer med Marit Jaabæk Brokke, rektor Valle skule

20.00 Lokal time

– Leif Kvinlog om konserten med Jon Solberg og Anders Røine på Hovden grendehus i påska

– Trihøgt lopt på Heddi. Samtale med leiar av Setesdal bygningsvernsenter Anders Dalseg og eigar av prosjektet Arne Holskog

21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike. Tlf: 41776666

Om kvinnetreff og matambassadør

Program tysdag 5. mars

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen bibel med Hans Johan Sagrusten via Norea Mediemisjon

18.30 Sang- og musikktime

19.30 Timen med

– Basar og påskemåltid i Valle: sogneprest Toralv Frøysaa Lie m.fl.

– Kven vart matambassadør? Kari Kleivset frå AFK https://agderfk.no/prosjekter/fora-matregion-agder

– Kvinnetreff i kyrkjekjeddaren 8. mars: Aud Skagestad og Reidun Skjellanger

20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Første onsdag i mars

Så skriv vi mars, og første onsdag i mars blir det program i Valle Radio med Ørnulf Hasla som programleiar og Rolf Erik Homme som teknikar.

Program:

19.00 Tankar frå bibelen med Torleif Harstad.

19.30 Komm.info Med Gunn Margit Homme, rådgjevar Valle kommune.

20.00 Aktuell time

med Kim Rysstad nominert til spelemansprisen.

Kristian Landmark og Margit Dale, dokumentar om Setesdalskulturen.

Norsk folkehjelp i Setesdal, Birgit Homme Harstad fortel om førstehjelskurs.

21.00 Kristin Og Ørnulf i Studio

Vi ringer til nokon vi har lyst til å tale med.

Farvel, vinter

Med skotårsdagen i dag går vi over i vårmånaden mars. Då er det altså på tide å seie farvel, vinter. Her sør i landet er det bart no, men vi skal jo ikkje langt opp i Agder før det er kvitt. Så om du les mitt farvel til vinteren og har det kvitt ute, så kan du jo vurdere å kome ein tur sørover til bar mark.

Eg kom til å sjå litt på artiklar på Setesdalswiki, og ser at vi har 96152 artiklar no i kveld, 1. februar hadde vi 96044, det betyr at vi klarte 108 nye artiklar i februar. Det er mindre enn i januar, men så er jo månaden to dagar kortare.

I går hadde eg ein telefon frå ein som har fått i oppdrag å undersøke om det er råd å lage ein wiki for Holla, han snakka om at planen var å kalle det Hollapedia. Han ville vite litt om korleis vi gjekk fram då vi starta. Der var det eit historielag som ville gå i gang, dei hadde gitt ut mange årbøker, men tenkte at dei ville nå lenger om dei heller la stoffet ut på nett, billigare ville det også vere. Det vart ein lang og god samtale, så eg vonar dei kjem i gang etter kvart. Elles er det ikkje så mange som lagar slike lokale leksikon. Men programvaren litt der og kan nyttast fritt av alle, så det er ganske så rimeleg å kome i gang. Webhotell og slikt kan kome på ein tusenlapp i året, samanlikna med kva det kostar å lage ei bok, så er det jo ingenting.

Å lage leksikon er kanskje ein vinterhobby, så vi får no sjå om vi får til noko når det no blir vår. I alle fall seier eg det ein gong til, for alle gode ting er tre: Farvel, vinter.

Ei utfordring

Eg fekk ein telefon i kveld. Margunn lurte på om eg kunne skrive noko om min karriere som organist. Eg vart ikkje organist, men eg då eg gjekk på lærarskulen i Stavanger, hadde eg jobb som organist på Rogaland psykiatriske sjukehus. I dag fann eg ut at orgellæraren min, Thore Øvestad, også hadde vore organist der.

Eg starta å spele orgel for organist Thore Øvestad. Han var organist i Ålgård kyrkje frå tidleg på 1950-talet og til han vart pensjonist, og endå lenger. Jorunn fortel at vi kappast om å spele på salmesykkelen, trøorgelet som far skaffa oss. Eg hugsar ikkje den kappinga, men eg hugsar at vi tok bussen til Sandnes, gjekk opp bakkane til Trones, der Øvestad budde, for å ha speletimar. Eg tenkte mange gonger at han hadde eit høveleg namn til å vere musikklærar, for skal ein klare noko, må ein jo øve.

I dag googla eg litt og fann ein biografi om Øvestad. Eg visste ikkje at han også spelte fiolin, at han dirigerte Sandnes Orkesterforening før Kåre Opdal. Då eg gjekk på realskule og gymnas på Sandnes, hadde eg Kåre Opdal som dirigent og spelte bratsj i ungdomsorkesteret han etablerte. Eg var russ i 1966, og deretter var det slutt på denne aktiviteten, for då reiste eg til Oslo. Då eg sidan kom tilbake til Rogaland og gjekk på lærarskole i Stavanger, tok eg ikkje opp att bratsjen, men fekk meg altså ein liten jobb som organist på det psykiatriske sjukehuset på Dale. Då vi seinare kom til Stokmarknes, kunne eg også hjelpe til der i periodar og spele til gudstenester.

Strikk og lytt

I dag kom Jorunn og Ole Thorvald til oss ein tur for å ha kaffe. Vi hadde både Napoleonskake og Dajmkake og anna godt, så det vart ein god dråpe. Etterpå kom ulike strikkeprosjekt på bordet for diskusjon mellom damene. Vi mennene sat og lytta.

I kyrkjelyden i Lyngdal har dei eit arrangement som heiter Strikk og lytt. Det går ut på at folk kjem saman og strikkar, og så er det ein som les høgt, eller ei lydbok, eller noko musikk, eller alt saman. Det kan kome 20-30 personar til desse formiddagssamlingane på Kirkesenteret, som også har ei tidebønn eller ein andakt. Slik har kyrkjelyden kombinert den sterke interssa som mange har for strikking med sosialt samvær og høve til å samlast om Guds ord.

Å ha ein samlingsstad i tillegg til kyrkjebygningen er blitt svært viktig i våre dagar. Før samlast folk i heimane, i dag vil dei heller møtast utanfor heimen. Sjølv om det var mykje snakk om strikk, trur eg ikkje dei strikka så mykje i kveld. Etter at kvinnene var ferdige med drøfting av dei ulike strikkeprosjekta, gjekk samtalen på kryss og tvers om mange ulike tema, slik det gjerne er når folk møtest og har litt av kvart å dele med kvarandre