Kvalitet

Når det er sommar, er det mange som seier at det ikkje er så viktig å ha radioen i drift, men Valle Radio held koken med fine kvalitetsprogram likevel. Sjølv om høvet er til å sende repriser frå år tilbake, leiter Siri Johannessen heller fram nytt og spennande stoff.

I kveld hadde ho etter dei faste postane programmet Folk og musikk, der første kvinne ut var Astri Rysstad som fortalde om Setesdal folkemusikkfestival. No nærmar det seg, og det blir eit flott program. Ikkje minst skjøna vi det då ho snakka med Jim Roger Pettersen som skal vere med på festivalen. Han bur i Vennesla og er vaksen opp i reisande-miljøet.

Men før det skjer det også litt av kvart i lokalmiljøet. Olsok, 29. juli skal Gunnar D. Ose vere naturlos til Rustefjødd, det er ein topptur som ikkje kven som helst kan ta, for det er parti der som er nokså bratte. Men Gunnar har vore der mange gonger, særleg då han dreiv med sau, då var han mykje rundt i heia. Toppen ligg i hans hei, etter det vi fekk vite.

Siri hadde også ein fin samtale med Oddvar Høgevoll om sanghelga han skal ha på Ose 5. august. År om anna har det vore mykje folk på desse samlingane, og Oddvar eg reknar med at Oddvar stiller med band og hatt slik han pleier når det er tale om country gospel.

Sist, men ikkje minst, fekk vi høyre eit flott Postludium, denne gongen med musikk av norske komponistar som Arild Sandvold og nokre av hans elevar, Det er mykje å ta av når deira stoff skal fram i lyset, og misjonskantaten frå 1940 hadde vore fin å spele, men den er visst ikkje å finne innspelt, så i kveldens program fekk vi litt anna.

Slik var programmet:

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen Bibel

18.30 Folk og musikk med

– Astrid Rysstad om Setesdal Folkemusikkfestival 2023 / Setesdal Spelemannslag

– Gunnar D. Ose, naturlos på Sogelagets Olsokvandring til Rustfjødd på Oseheii 29. juli Setesdal Sogelag

– Oddvar Høgevoll om Evangelisk song- og musikkdag på Ose 5. august

– Jim Roger Pettersen kjem til Folkemusikkfestivalen 4. august

20.30 Postludium med “tre lærere, en bror og en elev”, Siri Johannessen

Søren

Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over Søren Wærenskjold sin innsats i Tour de France. I dag sat vi og fylgde innspurten og lurte på om han skulle klare å vinne, han hadde Kristoff som skulle trekke han opp. Det såg fint ut, men han nådde ikkje heilt fram, så det enda med ein åttandeplass.

Så vart det ikkje siger for ein mandalitt i verdas største sykkelløp i år, men vonleg vil han få høve ein annan gong. Uno-X, laget hans, hadde fått invitasjon til å bli med på såkalla wild-card, og dei synte at dei fortente plassen, for dei hadde fleire gode plasseringar, sjølv om dei ikkje nådde opp som lag.

Mange av syklistane som var med, har også vore i Setesdal og sykla i samband med Tour of Norway. Norsk wikipedia har artiklar om alle deltakarane, det leksikonet er sterkt på sportsrelatert stoff. Og det er mange som er interesserte i dette stoffet. Dei har også bilde av den danske vinnaren av heile rittet, Jonas Vingegaard. Det tek eg med her på bloggen og takkar for tre veker med sykling på tv;

Festivalfokus

Sendinga i Valle Radio i kveld hadde festivalfokus, for Setesdalsfestivalen, det som før vart kalla kappleiken, står snart for døra. Då var det kjekt å ha med Liv Tanche-Larsen som kunne fortelje litt om det som skal skje. Programleiar Siri Johannessen hadde også fått med seg Margit Dale til å fortelje om kunstustillinga på Systog Dale. Det skjer litt av kvart i sommar, ferietid er ofte ei aktiv tid når det gjeld kultur.

Og så var Niklos K. Besteland i studio med orgelmusikk av fin, gammal årgang, musikk frå rundt 1800-talet:

Først fekk vi høyre organisten Herbert Manfred Hoffman spele Liebster Jesu, wir sind hier, koral og fem variasjonar i G-dur av Johann Christian Heinrich Rinck (1770-1846) på orgelet i Limburger Dom.

Deretter spelte domorganist Hillmann Benfer på orgelet i Verden Dom, Niedersachsen Padre Davide de Bergamo (1791-1863) stykket Alla communione – Andantino affectuoso i C-dur.

Kveldens finale var stykka Air og Gavotte, begge i F-dur, frå samlinga Twelve short pieces for organ av Samuel Wesley (1766-1837) spelt av organisten Stephen Cleobury på orgelet i Westminster Abbey.

Tomt hus

Etter at huset vårt den siste veka har vore fullt med barn og barnebarn, opplevde vi det mest som å ha tomt hus i dag. Sigmund og familien reiste til Danmark for å ha ei veke der før dei vender nasen nordover att. Ettersom det var noko vind, var det ei stund usikkert om ferje skulle gå, men no er dei vel framme sør på Jylland ikkje så langt frå Legoland. Dei skulle jo dit, han har teke legobygging til høgder eg ikkje hadde trudd var mogleg og fått premiar for byggverk frå noko dei kallar brikkelauget.

Men toåringen Johannes har gjort mykje av seg som ein smilande gutt for det meste, noko skeptisk til farfar, men sangglad som farfar, det var han. Enno har han ikkje starta på Ein farfar i livet skulle alle ha, men den kjem nok.

Men framleis er det feriefolk att som vi kan prate med ei stund til før kvardagen vender tilbake. Det har jo ikkje vore så mange dagar vi har kunna ha kaffe ute til no i sommar, for kjøleg vind gir ikkje same opplevinga som vindstille dagar.

Henrik og Camilla kunne eg i alle fall sjå på Tour de France saman med, sjølv om lange klatre-etappar ikkje er det mest spennande å sjå på. Men då slo vi av TV ei stund og dukka ned i ei bok, Henrik er med i noko dei kallar Sommarles, og han hadde visst vore gjennom over 30.000 sider til no, mange Donald-poket, men likevel, det skal litt tålmod å bla gjennom så mange sider.

Nytt brett

Denne veka har vi besøk at Sigmund, og då nytta eg høvet til å få meg eit nytt nettbrett, for han kunne hjelpe med å overføre det eg hadde på det gamle brettet. Sjølv om det bare var to-tre år gammalt, vart det fullt, dei programma eg nyttar er blitt mykje større og tek meir plass.

Det passa godt at det ikkje var sending i Valle Radio i går kveld, for med huset fullt, er det ikkje aktuelt å høyre på radioen på Internett. Dei nære ting går føre det som er lenger borte.

Med eit barnebarn på eit par år i huset, er det mykje å glede seg over, for han er høgt og lågt og fylgjer med på det meste. Men det er pappa som må passe på han, farfar treng ikkje, og til no er han nok litt usikker på alle dei nye folka han har fått rundt seg. Men kan hende kan eit nytt brett gi grunnlag for litt samarbeid, for han likar å sjå på små filmsnuttar.

Festdag

I dag tok vi turen til Åpta i Farsund. Der har NMS ein leirstad, og her hadde søster Jorunn invitert slekta til å feire gullbryllup. Det er 50 år sidan ho gifta seg med Ole Thorvald Moen i Ålgård kirke, og ein kavalkade av bilete let oss få oppleve noko frå den tida.

Dei feirar tre dagar til ende, ettersom dei starta i går og sluttar i mogon. Og dei var heldig med veret, i da var det strålande sol og folk bada og koste seg der innerst i Åptafjorden. Vi kom der til middag klokka 16, og sidan gjekk det slag i slag med program utover heile kvelden. Eit stort kakebord var med på å gjere festen smakfull, her var både Verdens Beste, Firkløverkake, trollkrem, ostekake og eg veit ikkje kva, eg likar jo å smake på alt, men denne gongen strakk ikkje magemålet til.

Vi kunne blitt over til søndag, men valde å reise heim og sove i eiga seng. Turen vestover var prega av stor trafikk, heimturen gjekk rolegare, trafikken ein laurdagskveld er ikkje så stor.

Mange kjente , som naturleg var, og kjente som vi ikkje møter så ofte. Det gjorde dagen til ein festdag. Under ser du dekorasjonen på frontveggen i matsalen på Åpta. Foto: Stein Haugland

Usett

Av og til kjem det epost som eg ikkje får med meg. Den kan drukne i annan epost, sjølv om den er viktig, fordi nokre dagar får eg mange epostar, ettersom eg er med på slike epostlister der folk diskuterer laust og fast om tema eg er interessert i.

Det trur eg skjedde i går, då eg ikkje fekk med meg eposte frå Siri Johannessen om programmet i Valle Radio i kveld. Men etter at ho sendte melding på sms om at eg hadde fått programmet, endåtil med klokkeslett då ho sende det, måtte eg gå gjennom postlista min ein ekstra gong, og då fann eg det. Så her er kveldens program i kveld:

Tirsdag 4. juli
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over en åpen Bibel med Øystein Engås

18.30 Sang og musikk
19.30 Timen med

Ordfører Sigbjørn Åge Fossdal om Coop Ose
Jæren Toppmat – Trond Mellemstrand, reisende i lokalmat
Tilbakeblikk – Tour of Norway i Valle, Ørnulf Hasla var der

20.30 Postludium, Niklos K. Besteland og musikk fra USA

Siri er strålande aktuell, i desse dagar ser eg på Tour de France, og i kveld kjem det sykkelprogram i Valle Radio, om Tour of Norway, som jo hasta gjennom Valle for nokre år sidan, etappen starta i Valle, gjekk opp Riksveg 9 og kom tilbake om Homme,, eg stod i Sagneskar i bilen og la meg på hjul sørover, og syklistane svinga opp Brokke, medan eg kjørte til Mandal. Den gongen fekk eg kjenne litt på farten i feltet, dei syklar rasande fort til ikkje å ha motor. Og slik er det i Frankrike også.

Når sendinga tek til i Valle Radio, er syklinga ferdig i Frankrike, så då er det bare åleite fram Valle Radio, anten på FM eller på Internett, som eg må gjere her i Mandal, og glede seg over det interessante programmet også denne tysdagskvelden.

Og her er adressa til radioen si side, der du kan høyre programmet frå klokka 18: https://valleradio.com/