Tomt hus

Etter at huset vårt den siste veka har vore fullt med barn og barnebarn, opplevde vi det mest som å ha tomt hus i dag. Sigmund og familien reiste til Danmark for å ha ei veke der før dei vender nasen nordover att. Ettersom det var noko vind, var det ei stund usikkert om ferje skulle gå, men no er dei vel framme sør på Jylland ikkje så langt frå Legoland. Dei skulle jo dit, han har teke legobygging til høgder eg ikkje hadde trudd var mogleg og fått premiar for byggverk frå noko dei kallar brikkelauget.

Men toåringen Johannes har gjort mykje av seg som ein smilande gutt for det meste, noko skeptisk til farfar, men sangglad som farfar, det var han. Enno har han ikkje starta på Ein farfar i livet skulle alle ha, men den kjem nok.

Men framleis er det feriefolk att som vi kan prate med ei stund til før kvardagen vender tilbake. Det har jo ikkje vore så mange dagar vi har kunna ha kaffe ute til no i sommar, for kjøleg vind gir ikkje same opplevinga som vindstille dagar.

Henrik og Camilla kunne eg i alle fall sjå på Tour de France saman med, sjølv om lange klatre-etappar ikkje er det mest spennande å sjå på. Men då slo vi av TV ei stund og dukka ned i ei bok, Henrik er med i noko dei kallar Sommarles, og han hadde visst vore gjennom over 30.000 sider til no, mange Donald-poket, men likevel, det skal litt tålmod å bla gjennom så mange sider.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *