I dag tok vi turen til Åpta i Farsund. Der har NMS ein leirstad, og her hadde søster Jorunn invitert slekta til å feire gullbryllup. Det er 50 år sidan ho gifta seg med Ole Thorvald Moen i Ålgård kirke, og ein kavalkade av bilete let oss få oppleve noko frå den tida.
Dei feirar tre dagar til ende, ettersom dei starta i går og sluttar i mogon. Og dei var heldig med veret, i da var det strålande sol og folk bada og koste seg der innerst i Åptafjorden. Vi kom der til middag klokka 16, og sidan gjekk det slag i slag med program utover heile kvelden. Eit stort kakebord var med på å gjere festen smakfull, her var både Verdens Beste, Firkløverkake, trollkrem, ostekake og eg veit ikkje kva, eg likar jo å smake på alt, men denne gongen strakk ikkje magemålet til.
Vi kunne blitt over til søndag, men valde å reise heim og sove i eiga seng. Turen vestover var prega av stor trafikk, heimturen gjekk rolegare, trafikken ein laurdagskveld er ikkje så stor.
Mange kjente , som naturleg var, og kjente som vi ikkje møter så ofte. Det gjorde dagen til ein festdag. Under ser du dekorasjonen på frontveggen i matsalen på Åpta. Foto: Stein Haugland
