Ingenting skjer

Ingenting skjer i Setesdal i dag, har det stått på framsida av Setesdalswiki i heile dag. Grunnen til det er at eg ikkje har laga artikkel om denne sundagen, og då genererer programmet ein automatisk tekst.

Men i dag skjedde det mykje som burde vore skrive inn, for det var konfirmasjon i Fjellgardane kyrkje og gudstenester i Årdal, Hornnes, Åknes og Eiken, taukurs fjellklatring for foreldre i Valle og sogelagstur for Evje og Hornnes sogelag. Eg hadde knapt lese Setesdølen og slett ikkje skrive inn overskriftene. Det får kome i neste veke.

Ein snakkar ofte om at det ikkje skjer så mykje i kulturlivet om sommaren, og det er jo sant at mange faste, organiserte aktivitetar startar opp att no når skulen startar. Men likevel skjer det ganske mykje mest kvar einaste dag, ikkje bare i Setesdal, men sommaren er aktiv på mange måtar, tenk bare på Arendalsuka som gjekk av stabelen sist veke med hundrevis av foredrag for dei som var der og ville høyre på.

Komande veke blir det i alle fall sending i Valle Radio tysdagskvelden og kanskje det blir opptak frå Setesdalsfestivalen 2022 onsdagskvelden, men de får fylgje med i avisa og i radioen for å få vite meir.

Tre dagar

Vi feira bursdag med mange rogalendingar på besøk, og det var hyggeleg å høyre heimsleg dialekt. I går var Elin og Hans innom og hjalp oss med restar, og i dag var vi aleine også no med restar. Tre dagar går fort, men ein må vel tilbake til det meir kvardagslege.

Eg har hatt stor glede av ei bok eg fekk, Landet mot nord av Mona Ringvei. Den har eg midt i alt ståket klart å lese 100 sider av og dermed fått vite meir om folk som levde for 1000 år sidan. Ho peikar på at historiene er om kongar og adel, mest menn, men eit kapittel er likvel vigd til kvinner her i første delen. Boka er på 500 sider, så det vil ta si tid å kome gjennom den.

Landet mot nord

 

Fiskerliv

For ei veke sidan fann eg Den indre Sjømannsmisjon si 75-årshistorie Fiskerliv i helg og yrke i Wangsmo antikvariat i Trondheim. Den var skriven av lektor Hans Jacobsen og eg bestilte den. 200 kroner skulle dei ha for den, så kom porto på 75 kroner i tillegg. I går kom den i postkassen, og slik vart den ein bursdagsgave til meg sjølv. Frå før hadde eg jo 100-årshistoria av Kjell Hagen, så no har eg begge bøkene.

Med desse bøkene på plass har eg kjelder for å skrive artiklar på Setesdalwiki om mange folk som hadde si teneste i organisasjonen. Eg kan også skrive om fiskarheimane og betelskipa, så det er nok å ta av. Det blir jo små glimt og ikkje ei større, gjennomgripande historie. Om organisasjonen har tenkt å skrive ei slik bok til 150-årsjubileet, veit eg ikkje. Men om dei tenkjer det, bør dei vel starte snart.

Bilderesultat for fiskerliv i helg og yrke

Bursdag

Det er hyggeleg å feire bursdag. I dag kom Jorunn og Ole Thorvald, Solvor og Gaute, Gunbjørg og Sigurd, Hermund og Kari, Brit og Anne Synnøve for å feire saman med oss. Fire søsken med ektefellar og to søskenbarn. Det vart hyggeleg bordfellesskap over fiskesuppe og snittar frå Nødings Delikatesse i Mandal. Seinare hadde vi kaffi og fekk kaker frå Heimelaga, ikkje firmaet på Byglandsfjord, men frå gjestene sine kjøkken.

Frå tidleg morgon dukka det helsingar opp på Facebook, etter kvart vart det svært mange. Ved ein feil hadde eg låst sida mi for skriving, så folk sende meldingar på Messenger i staden. I kveld vart eg gjort merksam på det og fekk opna sida mi.

Gjestene hadde med gåver, tusen takk for dei.

Ettersom ein tunnel på vegen vestover skulle stenge klokka 21, braut rogalendingane opp omkring det som er vanleg møtetid på bedehusa rundt om. Seinare fekk vi melding om at turen heim hadde gått fint.

Eg har ikkje rukke å svare på helsingar eg har fått via Messenger og Facebook, det får kome etter kvart. Her er Sigurd, Gaute, Brit, Kari og Hermund når kakene kom på bordet.

Kan være et bilde av 4 personer, folk som står, mat og innendørs

 

Slektsgransking på NRK

Eg har ikkje vore så interessert i slektsgransking, her i familien er det Helge som har vore aktiv med det. Men det er interessant å fylgje med på programmet på NRK der dei leitar etter slekt. I kveld fann dei søskenbarn i Australia, og brått måtte arven på 3 millionar delast på 8 i staden for på fire.

Også dei svenske programma om dette har det vore interessant å følgje. Når ein ser alt som blir gjort for å finne ein arving, skjønar ein at det ikkje alltid er så lett.

Kveldens program var altså å sjå litt på det. Men vi førebur oss også på morgondagen, for då kjem slekta mi på besøk her til Eskeland. Det er ikkje så ofte vi alle møtest, vi er fem søsken, alle lever, så då blir det folksamt her. Dessverre er vermeldinga litt meir usikker, det hadde jo vore fint om det ikkje regna, for då kan vi også vere saman ute. Vi har jo nok av plass om vi tek hagen i bruk.

Vi treng ikkje bruke NRK for å finne slektningar, så vidt eg veit er det heller ikkje nokon som kjem til å leite etter oss for å fortelje at vi har ein arv i vente. Det er i grunnen like godt.

Kristeleg og frilyndt

Overskrifta er henta frå rap-teksten som Knut K. Homme les i innleiingsvignetten til sendinga i Valle Radio. Mange har meint at det kristelege skulle vere på tysdagane og så kunne det frilynde vere på onsdagane. Men det heng saman, så ofte blir det ei god blanding, slik som i kveld, der vi etter Asbjørn Kvalbeins kåseri fekk Oddvar Søvik sin andakt om bønn.

Så vart klokka halv sju, då heiter programposten i sommar Folk og musikk. Først ut var Olav M. Holen om Svein Hovden, forteljaren og sogemannen frå Bykle som også budde i Suldal i nokre år. Då var han på sildefiske. No skal det vere eit arrangement for å minnast den særmerkte mannen.

Etter Olav kom Karin Bøe og fortalde om ein svært lokal skikk knytt til Setesdalsbunaden. Når ein skulle i kyrkja, måtte ein ha kyrkjetjeld. I haust blir det kurs i å veve slike plagg. Det er lettare å få fine fargar no enn då dei før måtte nytte plantefargar.

Øyvind Kleiveland avliva myta om at Hans Nielsen Hauge gjekk og strikka. Han hadde større fart, i dag ville vi sikkert kalla det jogga, og det er ikkje lett å strikke og å jogge samstundes. No skal dokumentarfilmen han har laga, visast i Stavanger og Mandal komande sundag. Målet er at dokumentarfilmen skal skape så mykje blest om mannen at ein rik person blar opp så mykje pengar at det blir råd å lage ein spelefilm. Filmen frå 1961 var spelefilm, men vi treng ein moderne film.

Ole Birger Lien er glad i molter, men i kveld snakka han mest om at han som informasjonskonsulent i Bykle skal prøve å formidle dei forteljingane om livet i kommunen som gjer at folk kanskje vil vurdere å flytte til kommunen, og i alle fall at folk slår ring om heimekommunen, det er mykje som trugar folketal i distriktskommunane.

Aller sist i den aktuelle timen hadde Siri Johannessen ein samtale med leiaren i Bjørnevatn løypelag. Han var lite glad for at nokon hadde samla inn løypestikkene dei hadde sett opp og som var tenkt å skulle stå ute heile året. Irritasjonen hans kunne vi høyre heilt frå Arendalsuka, og truleg sensurerte han seg sjølv ganske mykje når han visste at det gjekk på direkten.

Variert og flott, lokalt og nasjonalt.

 

18.00 Kvarteret, programinformasjon, og kåseri fra Norea
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Oddvar Søvik
18.30 Folk og musikk med

Olav M Holen om Svein Hovdenstemne og bok om Huldreheimen
Karin Bøe: fargar og teknikkar i kyrkjetjeld og -tæpe
Øyvind Kleiveland: Hans Nielsen Haugefilmen i førpremiere
Ole Birger Lien, (molte)nytt frå Bykle

20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

Å møte seg sjølv

Produksjonen min på Setesdalswiki er ikkje så stor for tida. Varmen er god for mange, men ikkje for meg. Men som eg har skrive på bloggen før, etter at eg fann fram Kjell Hagen si bok om Den indre Sjømannsmisjon, tenkte eg å skrive litt om folk der. Oliver Dahl-Goli var generalsekretær frå 1929 til 1962, så det var høveleg å starte med han, tenkte eg.

Ettersom han også var stortingsrepresentant i ein periode, var det artikkel om han på Wikipedia. Den kunne eg bruke som kjelde, den var basert på informasjon gitt til Stortinget.

Då eg vel var ferdig med artikkelen på Setesdalswiki, kom eg til å sjå kven som hadde skrive om han på Wikipedia. Det synte seg å vere meg, så då møtte eg meg sjølv i døra.

I morgon er det sending i Valle Radio. Siri Johannessen har sett saman dette programmet:

Tirsdag 16. august
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon, og kåseri fra Norea
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Oddvar Søvik
18.30 Folk og musikk med

Olav M Holen om Svein Hovdenstemne og bok om Huldreheimen
Karin Bøe: fargar og teknikkar i kyrkjetjeld og -tæpe
Øyvind Kleiveland: Hans Nielsen Haugefilmen i førpremiere
Ole Birger Lien, (molte)nytt frå Bykle
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Defekt termostat

Fryseskapet vårt går heile tida. I morgon vil vi difor ta kontakt med butikken for å høyre kva som er feil. I kveld googla eg problemet, og då kom det opp at det kunne skuldast at det står skeivt. Men det har stått slik det står i lang tid, utan at det måtte gå heile tida, så det er nok ikkje årsaken.

Eit anna forslag var at døra ikkje lukka heilt, kan hende den var skeiv eller trong nye hengsler. Men det gjeld heller ikkje for vårt skap. Heller ikkje forslaget om at det er lagt inn for mykje nytt på ein gong, passa så godt inn.

Då er det kanskje elektronikken som det er noko galt med. Termostaten kan ha fått ein feil. Då må vi skifte termostat. Siste forslaget var at det var kompressoren som var defekt. Då måtte vi nok skifte skap.

Reidun er flink til å ta vare på kvitteringar for større innkjøp. Ho skriv dei også opp i ei bok. Men dette kjøpet hadde ho ikkje notert kva tid det skjedde, uansett er det nok så lenge at det neppe er nokon garantisak lenger. Eg veit ikkje kor lenge eit fryseskap er tenkt å vare, men i våre dager er vi jo meir opptekne av å reparere enn av å kjøpe nytt, så her er det nok ei oppgåve for ein reparatør.

Elles blir kanskje også eg noko heit om kvelden.

Hekseskot

Eg kallar det hekseskot, men Wikipedia omdirigerer meg til Lumbago. Det kjem ut på eitt, for det vert omtalt som kortvarig smerte i nedre del av korsryggen, gjerne uspesifisert, ikkje lett å sette fingeren på akkurat rette plassen. Dei skriv også at det ikkje er behandling som hjelper, det går som regel over av seg sjølv. Det håpar eg.

I dag har eg av den grunn ikkje skrive noko på Setesdalswiki fram til no. Men kvelden er ung, så kanskje eg får til ein artikkel før midnatt.

I det fine veret i dag stabba eg ein tur ut med min lumbago, vi hadde lunsj ute på terrassen. Men Reidun måtte ta tak i buksa for å få meg opp av stolen og så stabba eg meg inn att og rett i senga. Det er godt å få strekke seg ut.

Kan være et bilde av tre og utendørs

Dagen

Av ein eller annan grunn får eg avisa Dagen av og til. Eg har somme tider tenkt at eg burde abonnert på avisa og slik fått eit bilde av korleis kyrkje og kristenliv bli sett på frå Bergen. Men det har blitt med tanken, vi har i grunnen ganske mange aviser her i huset. Men eg fekk avisa i dag, og på fredagane fylgjer Korsets Seier med den. Så då hadde eg nok lesestoff ganske langt ut over føremiddagen.

Vårt Land hadde elles i dag ein artikkel med oversikt over alle kristne podkastar med omtale av målgruppe og lyttartal. Vi har av og til tenkt om vi skulle lage podkast av Valle Radio, men har ikkje gått vidare med tanken. Valle Radio er levande radio, dugnadsbasert, og har ikkje kapasitet til podkast.

Men dagen har ein podkast, Tore og Tarjei, redaktør og journalist som snakkar om hendingar i veka.