Hylestadportalane

I dag tenkjer eg at du bør lese artikkelen om Hylestadportalane på Setesdalswiki. Den har blitt oppdatert av Siri Johannessen i dag og har blitt svært lesverdig med fine bilete. Du les den best på ein stor skjerm, trur eg, for då kjem bileta til sin rett på beste måten. Hylestad kyrkje er truleg framleis open på dagtid, så du kan innom og sjå kopiar av portalane, originalane er på Oldsaksamlinga.

Vi snakka ikkje mykje om Hylestadportalane då Jorunn og Ole Thorvald Moen var på besøk hos oss i kveldinga. Då delte vi smuldrepai med blåbær og rips som dei hadde med seg medan samtalen gjekk om korleis sommaren hadde vore for oss.

Jorunn er pensjonert organist og har hatt mange vikaroppgåver i sommar, så vi snakka jo litt om orgel og slikt også. Då kom vi inn på at det hadde vore fint å ha ei liste over dei mange artiklane som står i tidsskriftet Orgelspeilet. Difor sende eg ein epost til redaktøren og lurte på om vi kunne få ei slik liste og legge ho ut på Setesdalswiki. Det tok bare eit par minutt, så fekk eg svar om at det kunne vi nok få til, han trong bare litt tid for å ordne ein del anna. Så snart kjem ei slik liste til å ligge på nettstaden.

Hylestadportalane har motiv som har vore nytta på myntar, men vi skulle få lista utan kostnad. Heller ikkje smuldrepaien måtte vi leite fram Hylestadportalmyntar for å nyte, så det vart ein rimeleg kveld, varm, litt vind og svært smakfull.

Her er eit utsnitt av Hylestadportalen, foto Jeblad, frå Wikimedia Commons:

Gledesbud

Eg hadde tenkt at det vel var på tide å skrive om Den indre Sjømannsmisjon på Setesdalswiki. Eg var sjølv knytta til organisasjonen som redaktør av bladet Fiskerens Venn frå 1972 til 1976, då eg fekk kall til å bli rektor på Hadsel folkehøyskole i samband med at organisasjonen gjekk inn som medeigar i skolen saman med Ungdomsforbundet, Den norske sjømannsmisjon og Broderkretsen på Havet.

I samband med det leita eg fram 100-års historia Med gledesbud til havets folk skrive av journalist Kjell Hagen i Vårt Land. Den kom ut i 1980, så det er over 40 år sidan. Før det kom det ut ei historie av Hans Jacobsen, Fiskerliv i helg og yrke i 1955, då var organisasjonen 75 år. Mykje er endra i samfunnet sidan 1980, så organisasjonen har også endra seg mykje.

I mi tid var det sterk konsentrasjon om Lofotfisket, då engasjerte organisasjonen mange deltidsarbeidarar. Predikantar som reiste og hadde møteveker elles i året, vart også sende til Lofoten i vintersesongen, så når vi hadde arbeidermøte på Havly Svolvær i slutten av januar, kunne det vere opp mot 100 personar som skulle ut i ulike tenester i sesongen. Då eg var rektor på Hadsel folkehøgskole, deltok ofte vi lærarane med innslag på den store festen laurdagskvelden før møtet vart avslutta med gudstenester sundagen.

Framleis er organisasjonen aktiv for å formidle gledesbud til havets folk. Å dukke ned i gamle årgangar av Fiskerens Venn (som eg har innbundne) og å lese Kjell Hagen si bok, det brakte mange gode minne fram.

Ubuntu

Ubuntu er kanskje mest kjent som ein versjon av eit operativsystem for datamaskinar. Men i kveld fortalde forfattaren og stemmen fra Afrika, Tomm Kristiansen, i samtale med Siri Johannessen i Valle radio at ordet betyr fellesskap. I Afrika gjeld fellesskapet framom alt, i Europa er vi individualistiske i vår væremåte og levemåte. I Afrika er dei derfor innstilte på å tilgi, noko som Nelson Mandela synte oss ganske så godt. Han fortalde eit eksempel på ei kone som var tutsi i Uganda under massakren der. Naboen var hutu og drap mannen hennar. Sidan kom han og bad om tilgjeving, og etter at han hadde sona straffa hadde dei middag saman kvar sundag.

Han lærte seg ikkje noko afrikanske språk, Sør-Afrika har 10 språk, Nigeria har 100, men dei aller fleste kan engelsk, så då kunne han nytte det i jobben. Måndag 15. august kjem han til Hylestad soknehus for å fortelje og presentere den siste boka si, Afrikanske fortellinger.

Det programmet bør samle fullt hus på Rysstad.

Mange reiser

Tysdagskvelden kan sjå ut som ein reisekveld i Valle radio. Det blir program om reiser både i sør og nord, både i Afrika og Ukraina, men også med buss og båt i Bygland.

Her er programmet:

Tirsdag 9. august
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon, og kåseri fra Norea
18.15 Over en åpen bibel fra Norea ved Oddvar Søvik
18.30 Folk og musikk med

Helge Flatøy fra Open Heart
Stemmen fra Afrika – Tomm Kristiansen
Sogevandring med buss og båt – Vidar Toreid
Uwe Arntzen om ukrainahenting og Aktive Fredsreiser
Låvegospel med Jan Kåre Haugland
20.30 FolketonePostludium ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Nesten i mål

Eg hadde eit mål om å skrive om alle kunstnarane som stilte ut på utstillinga Setesdal. Vår tid. før dørene vart stengde. Eg kom nesten i mål, det er vel fem att. Grunnen til det er nok at eg prøver å la vere å skrive på sundagar, sjølv om ein er pensjonist, er det godt med helg.

Mellom alle desse kunstnarane dukkar det jo ofte opp anna ein kan skrive om. Eg skriv jo inn overskriftene i Setesdølen, og då nyttar eg nummer på avisa for å skilje artiklane. Difor blir det litt problem når avisa plutseleg fekk same nummer to utgåver på rad, slik det skjedde sist veke. Truleg er det bare meg som får problem, men i morgon må eg snakke med avisa for å hindre at feilen forplantar seg vidare.

Det er nok bare utstillarane på sommarutstillinga i Valle eg kan seie at eg kom nesten i mål med. Det er mange røde lenker som skulle vore skrive om, slik at dei vart blå. Eg vil nok aldri bli ferdig med dette slik at alle lenkene blir blå, så der kan eg ikkje seie nesten i mål. Men det får våge seg. Eg trivst med denne hobbyen min og likar å skrive, så eg kjem nok til å halde på så lenge helsa held.

Overraskande besøk

I føremiddag ringde telefonen. Det var ein elev eg hadde då eg var rektor på Hadsel folkehøyskole på Stokmarknes. Han gjekk der for 40 år sidan, og no hadde han lyst å kome på besøk, for han og familien var i Kristiansand.

Dei hadde leita lenge etter meg, for han ville gjerne takke for hjelpa eg hadde gitt han. Han hadde studert vidare og fått seg utdanning som ingeniør. I nærare 20 år hadde han jobba i Norsk folkehjelp. Kona hans hadde økonomisk utdanning og jobba i Oslo kommune, der dei hadde slått seg ned.

Yitagesu Woldehana er frå Etiopia. Den gongen hadde folkehøgskolane ein kvote på utanlandske studentar dei kunne ta opp, og år om anna hadde vi fleire slike studentar. Han fortalde at eg hadde gitt han sommarjobb medan han studerte, så han hadde malt, klypt plenane og gjort anna forefallande arbeid i sommarferiane. Det hadde eg heilt gløymt.

Då han gjekk på skulen, fekk han eit passbilde av meg. Det sende han til søstera, som malte eit bilde av meg og som han gav meg i gåve som takk for hjelpa han hadde fått.

-Du er blitt lågare, sa han då vi helsa på kvarandre. Det er nok sant, ein skrumpar med alderen. Men han kjende att haugen med aviser, slik var det på kontoret mitt på Stokmarknes også.

Praten gjekk i eit par timar, dei hadde nettopp vore i Addis Abeba for å besøke familien. No hadde dei teke turen til Mandal for å besøke sin norske familie. Vi prøvde å ringe Ida Opgård, som var husmor på Hadsel då han var der, men ho svarte ikkje. I kveld fekk vi kontakt med henne og bar fram helsing til henne.

Det var verkeleg eit overraskande besøk.

Kan være et bilde av 2 personer, folk som sitter og innendørs

Fiskarheimar

I går skreiv eg litt om at det ikkje er så lett å finne digitalisert stoff om Den indre Sjømannsmisjon når ein leitar på Internett. Difor tenkte eg at eg kanskje må skrive noko sjølv om dette. Men eg har ikkje kome i gang i dag.

Wikipedia har ein artikkel om organisasjonen. Der er det også ei liste over betelskipa Elieser som organisasjonen har hatt gjennom åra:

  • “Elieser 1” 1903-1913
  • “Elieser 2” 1918-1938
  • “Elieser 3” 1923-1939
  • “Elieser 4” 1939-1990
  • “Elieser 5” 1948-1963
  • “Elieser 6” 1992- i dag

Det er også ei liste over stader der det har vore fiskarheimar i kortare eller lengre periodar. Den lista kan jo vere eit godt utgangspunkt for å skrive om kvar fiskarheim:

Vardø
Berlevåg
Båtsfjord
Honningsvåg
Gjesvær
Mehamn
Skjervøy
Senjahopen
Svolvær
Skrova
Henningsvær
Stamsund
Ure
Ballstad
Sund i Lofoten
Reine
Værøy
Røst
Nordøyan
Sør-Gjæslingan
Titran
Kristiansund
Ålesund
Skibbåtsvær
Måløy
Bergen
Rubbestadneset
Haugesund
Stavanger
Egersund
Porsgrunn
Drammen
Oslo
Lerwick
Vandsøyvågen

Smart

Eg har skrive om å få noter til sangar her på bloggen eit par gonger no. Eg snakka med Helge i kveld, og han meinte at eg burde kontakte svigerdotter Margaret, ho er organist og har eit noteskriveprogram, så ho kunne sikkert hjelpe meg. Om det lukkast, vil vise seg.

Dei siste dagane har eg laga artiklar om utstillarane på utstillinga i Valle Handel: Setesdal. Vår tid. No har eg att 8 artiklar, så har eg dekka alle. Vonar eg klarar det før utstillinga er slutt.

Eg har rota litt for å finne informasjon om folk i Den indre Sjømannsmisjon. Der var det ikkje så mykje å finne, så eg må visst jobbe litt ekstra med dei årgangane eg fekk innbunde den gongen eg var i organisasjonen. Det er mange der som hadde fortent å få digital omtale, men bladet er ikkje digitalisert på Bokylla i Nasjonalbiblioteket, så ein må leite i papir for å finne informasjonen.

Når ein held på med slikt, blir ein ikkje arbeidslaus, så det er ein smart måte å halde liv i dei små grå cellene på.

 

Enda meir om å leit og finne

Denne gongen er det ikkje eg, men kusine Brit Obrestad som har leita og funne. Eg snakka med henne i går om sangen Jesus er mektig, miskunnsrik og lurte på om ho hadde stått for harmoniseringa av melodien til Leonard Gudmundsen. Det har ho ikkje funne ut av enno, men i staden kom ein annan sang. Det var ein melodi eg laga til Alfred Hauge sin Kveldssong.  Ho skriv:

Den som leitar han finn, stort sett. Eg har ei skuffa med mykje løye av gamle noter. Jøye meg, alt det eg har. Der fant eg denne, og den harmoniseringa står eg ved, svart på kvitt.

Så no har eg den, men eg må visst ha hjelp til å få den til å kunne visast på bloggen. Det får eg prøve å få i morgon.

 

Meir om leite og finne

Ein gong var John Olav Larssen og eg i Danmark på landsmøtet til Broderkredsen på Havet i Danmark.

Møtet var nord på Jylland, eg hugsar ikkje heilt dette no, men det står nok noko om det i Fiskerens Venn frå den gongen. Generalsekretæren i Indenlandsk Sømandsmission, pastor Eilschou-Holm talte og i talen hamra han inn så mange grunnar til at vi burde la lovsangen runge. Den talen inspirerte meg til å skrive sangen: Så la da lovsangen runge. 

Jesus er mektig, miskunnsrik,
så la da lovsangen runge.
Frelser fra fare, nød og svik,
så la da lovsangen runge.
Metter med gode gaver meg,
fører meg frem på livets vei,
så la da lovsangen runge!

Skapt oss har Jesus ved sitt ord,
så la da lovsangen runge.
Satt oss til tjeneste på jord,
så la da lovsangen runge.
Dagen i dag er gitt fra Gud,
at vi om ham skal bære bud.
Så la da lovsangen runge!

Jesus er Under kallet før,
så la da lovsangen runge.
Ennå i dag han under gjør,
så la da lovsangen runge.
All min misgjerning tar han bort,
åpner til himlen nådens port.
Så la da lovsangen runge!

Han er min hyrde, god og mild,
så la da lovsangen runge.
Leder det lam som tidt for vill,
så la da lovsangen runge,
Utvalt i ham av Gud jeg er,
lever mitt liv på nåde her.
Så la da lovsangen runge!

Jesus meg tar til himlens land,
så la da lovsangen runge.
Gir meg sin fred ved hvilens vann,
så la da lovsangen runge.
Pris ham for all hans miskunnhet,
takk ham for all hans kjærlighet.
Så la da lovsangen runge!