Tjuvar bryt seg inn

I dag tok eg ein telefon til Erik Kjebekk. Grunnen var at eg for eit par veker sidan kom over boka hans Misjon i 100 år:  Agder krins av Norsk Luthersk Misjonssamband 1896-1996. Der er det eit kapittel som han har kalla Vekkelsen i Setesdal. Det kunne eg godt tenkt meg å legge ut på Setesdalswiki.

Erik Kjebekk takka meg for arbeidet eg gjer med Setesdalswiki. Han skulle gjerne sendt meg manuskriptet. Sjølv om boka er frå 1996, kunne det godt vere at han hadde teke vare på manuskriptet. Eg ville jo gjerne sleppe å taste inn eit heilt kapittel av ei bok.

Men så hadde han opplevd at tuvar hadde brote seg inn. Den gongen arbeidde han på Fjellhaug skoler og hadde kontor i første høgda. Om morgonen då han kom på kontoret, undra han seg over at det var så kaldt. Så såg han at det blafra i gardina, og då han gjekk til vinduet, såg han at ei rute var teken ut. Ikkje knust, men listverket rundt var skrudd ut om natta. Så var glasset løfta ned og tjuven hadde kome seg inn.

Det einaste som var borte, var den bærbare datamaskinen som dette manuskriptet var på. Dermed kunne han ikkje hjelpe meg.

I alle høve fekk vi ein hyggeleg samtale.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Tenn ljos

I dag var gravferda til Ketil Homme. Ettersom det ikkje var lov å ha ei vanleg gravferd på grunn av korona-restriksjonane, var det mange som ikkje fekk gå i den gravferda.

Ketil Homme var jo ein ung mann og han hadde mange vener. Liv Bakke Kvinlog og Thor Åmli tok initiativ til ei alternativ samling for han på Facebook og etablerte gruppa Tenn ljos for Ketil Homme. Der kunne ein legge ut eit bilde av eit ljos tent heime.

Geir Daasvatn skreiv dette i si helsing:

I dag fredag 20. mars vert Ketil H. Homme fylgd til den siste kvilestaden. Han døydde brått i Kristiansand fredag 29. februar, berre 43 år gamal, og vert gravlagd frå Valle kyrkje klokka 11 no i føremiddag.
Eg blei kjend med Ketil då han spelte fotball i Otra på Evje i 16-17-årsalderen, på byrjinga av 1990-talet. Han var ein humørfylt og strålande gut, og eit stort fotballtalent. Eit driblefantom. Seinare, i det vaksne livet hans, var det ikkje så ofte me treftes. Men det var alltid hyggeleg å seie hei på fotballcupar med borna eller ved andre høve der vegane møttest. Ketil var kvar gong i det same gode humøret som eg hugsa så godt frå fotballbanen.
Korleis livet til Ketil var etter ungdomstida kjenner eg såleis ikkje mykje til. Men på fotballbanen der eg kunne følge han ei tid var han ei stjerne. For meg er han framleis det.
Venene til Ketil har ein vakker aksjon i dag. Som følge av den vanskelege situasjonen med koronaviruset, kan dei ikkje følge han i gravferda. Der kan berre den næraste familien vere med. Difor vil dei tenne eit ljos i sin eigen heim, eller på arbeidsstaden, når gudstenesta tek til kl. 11.00, for å gjeve sitt farvel til Ketil og si støtte til hans næraste som er i ei ufatteleg trist og tøff tid.
Eg tenner óg eit ljos for Ketil i dag, og takkar for den vesle men fine tida eg fekk følge han på fotballbanen. Han flaug som ein vind over banen. I dag tek han på seg sine «flyin’ shoes», som Townes Van Zandt så vemodig trist syng om, for aller siste gong.
Ei siste helsing, Geir Daasvatn
Bildet kan inneholde: folk som sitter, stearinlys, bord, brann og innendørs
Vi lyser fred over Ketil Homme sitt minne.

Ti-timen

I dag hadde Siri Johannessen  eit heilt nytt program på Valle Radio. Ho kalla det Sangstund, det gjekk frå 10 til 12 og var musikk med små kommentarar mellom sangane, slik at folk kunne få høve til å slå opp i Syng deg glad, trur eg sangboka heitte.

Før programmet hadde ho avtalt med personale på heimane i Bykle, Valle og Bygland og fått innspel til kva songar som var populære. Med i programmet var Anna Slaby, ho har hatt sangstund i Sæbyggjen på torsdagane ei tid, men på grunn av korona-tiltaka er jo det også stengt no. Så ho var med på telefonen medan ho var ute og gjekk tur.

Siri planlegg å ha programmet også dei to neste vekene, så får responsen vise om ho held fram. Mellom anna treng ho innspel til songar og gjerne helsingar saman med songane. Dei kan ein legge ut på Facebooksida til Valle Radio eller sende til radioen på epost.

Lista over songar ho nytta la ho ut på Setesdalswiki.

Det var godt å få noko anna å høyre på enn nyheter om ein epidemi som tek livet av eldre folk. Dei to timane gjekk fort. Sjølv fekk eg ikkje med meg alle songane, for mot slutten av programmet kom barnebarna mine på Valderøy, som er heime frå skule og barnehage, på at dei skulle ringe til farfar, Dermed fekk vi ei helsing og dei eit friminutt i heimeskule, der matematikk stod på timeplanen.

Då ti-timen var slutt, var det tid for matpause:

Bildet kan inneholde: mat

Videokonferanse

I det minste er det kome noko godt ut av dette, sa ein av debattantane i kveldens sending Debatten på NRK.  -Vi er blitt betre på å bruke videokonferansar.

Dette var også eitt av orda ordførar Steinar Kyrvestad var innom då han i kveldens program i Valle Radio informerte om at neste kommunestyremøte, som skal vere i slutten av mars, kanskje kan bli halde som videokonferanse. -Det er ikkje det same som å møtast i same rom og diskutere politikk, sa han, men kan hende kan det vere ei brukbar løysing.

Han fortalde også at underutval i kommunen kom til å nytte dette, for det var viktig å få vedteke reguleringsplanar og anna, slik at dei kunne kome ut på høyring og at ikkje slike prosessar stoppa opp, for då ville i alle fall det lokale næringslivet stoppe opp.

Dette var også Bjørn Erling Auestad inne på. Bykle Hotell handlar til vanleg mest mogleg lokalt, slik at dei kan stø lokalt næringsliv. No er hotellet nedstengt og folk permitterte, men han vona at livet kunne normalisere seg før sommaren i det minste.

Sven Magne Brokke var også oppteken av korleis det lokale næringslivet skulle kome seg gjennom krisa, Folk får jo ikkje lov å kome på hyttene sine. Og Geir Uppstad fortalde at dei framleis hadde arbeid, men bestillingane turka plutseleg opp. Om nokon ville at røyrleggarfirmaet hans skulle ta ein kikke på om det var lekkasje eller andre problem på hytta deira, var det bare å ringe.

I tillegg til desse snakka Siri Johannessen i kveldens sending med Grete Fossen frå Hasla om korleis situasjonen var for dei i denne krisa. Det fekk eg dessvere ikkje med meg, for då vart eg ei lita stund oppteken av noko anna.

Krisetid

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi høyre at Bykle hadde ein kommandosentral på Hovden grendehus der ordførar, rådmann og kommunelege hadde faste møte kvar morgon for å vurdere situasjonen. Jon Rolf Næss fortalde at det var utruleg stille, det var sendt ut melding til alle hyttefolka om å dra heim, dei fleste var reiste, og kommunen organiserte hjelp til handling for folk som trong det.

Frå Valle var det også sterkt å høyre at av dei 60 tilsette på Valle bygdeheim var 11 i karantene. Nokre få andre kom i tillegg. Det er sett av tre rom til smitta pasientar, men til no har ingen korona i kommunen. Og skulen har opplegg med video for elevane frå 8.30 til 12.

Jostein Seth vaks opp i Aust-Afrika og var sjølv misjonær i Elfenbeinskysten i Vest. Han kom heim i 2010, og han fortalde at då vi hadde katastrofen i 2011, var det mange i Afrika som bad for Norge. Så han minna om at ikkje minst i krisetid treng ein å be, men også å takke: takk tenner lys. Vi har mykje å takke for og det er godt å minne kvarandre om det.

Sjølv om biskop Stein har det travelt, får han tid til morgonandakt med kona før arbeidsdagen tek til, så han anbefalte folk å tenke at denne tida er som ein retreat for mange, då har ein tid til å be. Det er også mange som legg ut andaktar eller gudstenester på nett. Desse kan ein nytte når kyrkjene er stengde og gudstenestene avlyste.

På TV kom programmet Debatten etter at sendinga i lokalradioen var slutt. Der fekk vi høyre at eit scenario var at korona kunne ta livet av 20.000. Det er så store tal at ein knapt vågar å tenke, slett ikkje eg, som jo er klart i risikogruppa. Eg held meg heime, men kan likevel ikkje unngå å tenke på at sjølv om vi er forsiktige, er vi jo ikkje heilt isolerte her heller, slik forskaren Gunhild Alvik Nyborg helst ville vi skulle hatt det. Ho meinte at i Kina stengde dei alt, og klarte å stoppe viruset, i Europa har vi ikkje vore like konsekvente. At det er krisetid var helsebyråkratane Håkon Guldvåg og folkehelseinstituettet sin Preben Åvitsland enige i.

Bildet kan inneholde: 1 person

Radio og korona

Pandemien som no herjar Europa og verda, gjer seg også gjeldande i Valle Radio. I dag vurderte styret om dei skulle stenge radioen heilt, som så mykje anna. Men etter ei samla vurdering valde dei å la Siri Johannessen få halde på også i dei komande vekene under føresetnad om at ho er den einaste som kjem innom i radioen i tida framover.

Dermed har Siri ansvar for alle sendingane framover mot påske. Så vil styret ta ei ny vurdering når vi kjem fram mot påske om ein skal ha påskesendingar slik det har vore vanleg frå radioen starta. Truleg blir det lite hytteturistar i fjellbygdene om situasjonen held fram, så då blir det nok ikkje radioen dei fleste vil samle seg rundt, men heller eit nettbrett eller ein pc der ein kan ta inn streama sending.

Men komande veke vart dette programmet sendt til avisa:

Tirsdag 17. mars
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Fastetidsmeditasjon med kyrkja i Valle
18.30 Sangtimen med Harry Andersen
19.30 Min time med  m.a. Jostein Sæth fra Norea og biskop Stein Reinertsen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland laga program med Bach, Lübeck og Murschhauser
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 18. mars
19.00 Tankar frå Bibelen med Torfinn Brokke
19.30 Kommunen informerer
20.00 Vi samtaler med bedrifter om koronna situasjonen
21.00 Musikkprogram med Johs. Bjørkeli. Reprise

Torsdag 19. mars
10 – 12 Sangstund med Anna Slaby Driel og Siri Johannessen, med besøk av Unni Andersen

Det blir kanskje endringar. Lokalradioen snur raskt på kjøreplan om det er naudsynt.

Tolmod

Vi kjem til å trenge mykje tolmod i dagane og vekene framover. Mange skal ha heimekontor, mange sit alt i karantene fordi dei har vore ute og reist eller har ein kjenning som har vore ute og reist og som har kome direkte heim utan karantene.

I kveld talte endåtil kong Harald på Dagsrevyen, slikt skjer bare når det er krise i landet. Og han talte frå karantena si på Kongsseteren. Fleire statsrådar er i karantene, men enn så lenge har Erna gått fri.

Det er litt underleg at det etter det eg veit ikkje er særleg mange, om nokon smitta i Lindesnes. Men dei som trudde at fritidsbustaden på fjellet var ein god plass å ha karantene, måtte tru om att. Små fjellbygder har ikkje helsestell nok til å ta seg av alle sjuke om det skulle kome eit utbrot.

Og skiskyttarar som kom frå Finland med heider og ære, dei måtte sanneleg også i karantene då dei kom heim. Sport går for tomme tribunar i den grad den går. Eg som likar å sjå på snooker på TV, ser at det heller ikkje der er publikum.

I Storbritannia har dei vald ein annan strategi, fekk vi høyre i kveld. Dei tenkjer at 60 % kan få det, så blir dei immune, etter det eg fekk med meg. Kva som er beste strategien, er eg ikkje sikker på. Eg held meg heime og om eg går ein tur på butikken, så er visst det lov, akkurat som at det er lov å gå ein tur her på Eskeland, kor ein slett ikkje treffer mange folk.

Men eksterne restauranbesøk vert det nok ei stund til vi atter kan unne oss. Då er det godt at det finst pølsegrateng.

Bildet kan inneholde: dessert og mat

Tregare vekst

Vi runda 91600 11. februar, men 91700 artiklar på Setesdalswiki gjekk unna i slik fart at eg ikkje fekk notert datoen. I kveld er vi komne til 91753 og er dermed halvvegs til neste hundretal. Eg trur veksten går litt tregare no, men kan hende er det bare ei kjensle eg har.

Dei siste nye artiklane, som alle kom i dag, er desse:

Så litt vart det no gjort i dag.

 

Corona i Valle Radio

I kveld var det ekstrasending i Valle Radio. Så vidt er det første gong radioen har blitt nytta på denne måten. Ein grunn for at radioen har fått pengar frå Valle kommune er at han skal vere ein del av kommunen sin måte å varsle ved kriser.

Det var ordførar Steinar Kyrvestad som var i studio. Han vart intervjua av Ørnulf Hasla. På kommunen si facebookside vart dette lagt ut:

ORIENTERING OM KORONAVIRUSET – OPPDATERT 13.03.2020 KL. 15:08

Fredag 13.03.

Kriseleiinga har hatt møte og avgjort følgjande oppmoding:
Valle kommune ber om at ein ikkje dreg på karanteneferie til hytta, dette gjeld for alle hyttekommunar og større vinterdestinasjonar med svært begrensa helseteneste. Me viser elles til at Helsedirektoratet rår frå fritidsreiser innanlands.

Valle er ein liten kommune med litt over 1100 innbyggjarar, men med ca 1500 hytter i kommunen. Tiltaket er sett i gong for å hindra vidare smittespreiing nasjonalt og internasjonalt. Me ynskjer ikkje at folk nyttar fritidshusværa sine i denne perioden men held seg heime der dei bur og har sine helsetenester. Dette grunna at ein ikkje ynskjer tilreisande med mogeleg smitte til kommunen. Me vil oppfordra alle veldig sterkt til å halda seg heime. Det er viktig at ingen utsett seg sjølv eller andre for unødig risiko og fare.

Me ber også publikum leggja merke til at Luftambulansen har gått ut 12.03.2020 og sagt at dei ikkje kan hente pasientar med corona-smitte.

Kriseleiinga i Valle kommune skal ha nytt møte måndag 16.03. kl. 08.00.

XMA Header Image

Meir Corona

I dag fekk eg ei melding frå min gode venn Øystein Berg:

-Nå håper jeg dere klarer å unngå å bli smittet. Har du noen tanker om din egen situasjon?

-Jeg holder meg hjemme, svarte jeg

-Metoo 🙂 svarte han.

Så i dag har eg halde meg heime. Eg tenkte at eg skulle skrive litt på Setesdalswiki, men det meste av tida gjekk med til å fylgje med på TV. Der fekk vi også Meir Corona.

Nabo Jean hadde ein avtale hos frisøren, og ettersom Kåre framleis er på sjukehuset etter slaget han fekk for to veker sidan, vart Reidun med henne som sjåfør, ho kunne jo også handle litt brød og anna nyttig.

Då ho kom heim, fortalde ho at det var vanskeleg å finne parkeringsplass utanfor KIWI og at tre kassar var bemanna. Til vanleg er det bare ein kasse med betjening i den butikken. Så det som dei sa om hamstring på TV, verka å stemme, om det då ikkje var fordi dei permitterte var på handletur eller at familiane trong meir mat no som skular og barnehagar er stengde og alle er heime.

Eg enda opp med å skrive ein artikkel mo sjefen min då eg var redaktør i Fiskerens Venn i Bergen, John Olav Larssen på Setesdalswiki. Han var talar på Internatmøta i Valle i 1961 og 1981. Det fann eg ut i boka om Valle Indremisjon 100 år som Sverre Lund laga. Så fekk eg i det minste gjort litt nyttig. Han var også fadder til Margunn, ho vart fødd då vi budde i Bergen og eg tenkte ho hadde eit bilde av han eg kunne bruke. Det vil nok kome etter kvart.

Men det vart no mest ein dag der ein fekk vite Meir om Corona