Oksygen

I mange år har eg hatt pustehjelp om natta. Ein oksygenkonsentrator hentar oksygen ut av lufta og blæs inn i lungene mine. Eg må difor sove med maske, slik at lufta kjem inn. Den eg har hatt, song etter kvart på siste verset og peip svært, ikkje bare når eg starta han men med ein høg lyd det ikkje var råd å sove med.

I dag kom ein mann frå hjelpemiddelsentralen på sjukehuset og bytta maskinen. Eg fekk ein ny, meir stillegåande maskin klokka 10 i dag, og halv elleve hadde eg min første runde i senga med den nye hjeparen. Det var godt.

Vi treng oksygen for å leve. Det lærte vi i naturfagtimen på skulen, og vi hadde eksperiment for å lage oksygen i kjemitimane. Det er lettare å ha ein maskin som gjer den jobben når vi treng litt ekstra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *