I Valle Radio har Siri Johannessen starta noko som skal bli ein serie om bønn. I går snakka ho med Torleiv Austad om det. Professor emeritus i dogmatikk og etikk frå Menighetsfakultetet og oppvaksen i Valle prestegard. Ho har også plan om å snakke om tidebønn, og då kom eg på at vi for mange år sidan møttest til tidebønn kvar 2. dag i Hadsel kirke. 2. juledag, 2. påskedag og 2. pinsedag om ettermiddagen kom vi til kyrkja og hadde tidebønn (vesper) før prost Olav Holten inviterte oss til kaffe i den store prestegarden.
Så eg tok ein telefon til han, han var på kjøretur, men ein kan jo svare i telefonen likevel utan å bryte loven. Så vi fekk ein hyggeleg samtale om ei tid som no er langt tilbake i livet mitt. Eg reiste frå Stokmarknes i 1991 for å begynne som kyrkjelydsekretær i Valle.
Han kunne gjerne fortelje om tidebønn i Valle Radio, sa han, så det vil du nok få høyre ein tirsdag i nær framtid.