Suppe og kake

Suppe og kake var på menyen i dag. Vi fekk besøk av Solvor, Gaute og Brit, og dei hadde med seg kake. Reidun kokte ertesuppe, ikkje på ein spike, men på ein knoke denne veka, og slik heimelaga suppe er det ikkje mange som lagar no for tida, så det fall i smak. I tillegg var det tomatsuppe med makaroni, men den var det visst bare eg som fann glede i.

Vi hadde nok å snakke om, både om turen som Solvor og Gaute hadde hatt til Bangladesh no i vinter, den var heilt fersk, og ved casting til TV kunne alle sjå bileta Solvor hadde på mobilen sin, men også om tida etter at søster Gunbjørg døydde og likeeins saknet etter Helge her i huset. Så ser vi fram til å møtast til sommaren, då er det planlagt slektstreff for etterkomarane etter mine foreldre på Åpta.

Bringebærkake og tebrød kom attåt kaffien før rogalendingane snudde den splitter nye bilen sin nase vestover att. Kakene forsvann før eg fekk ta bilete av dei, men eit bilde vart likevel festa til minnebrikka i mobiltelefonen. Og mange minne vart friska opp i løpet av dagen, der vi også fekk høyre eit kåseri av Brit som vi måtte løne med klappasalve. Her er Solvor, Reidun, Gaute og Brit før rogalendingane drog vestover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *