Etter at vi flytta Setesdalswiki til ny nettstad har det vore litt problem med knappane over redigeringsvinduet. Dei fleste merkar det ikkje, men vi som lagar artiklar der, måtte finne måtar å gå rundt problemet. Nå har Sigmund løyst problemet og knappane er på plass att. Stor takk til Sigmund for det.
I dag tidleg kom det snø, men snøen på denne tida tiner fort, så ved middagstid var det bart att. Men i ettermiddag kom det ny snø og no vart det også kuldegrader, så no vart den liggjande. Utover i veka skal det også vere kaldt, men truleg vil litt solskin gjere underverk fram mot palmehelga. Vi har ofte hatt snø i påsken, eitt år då vi var nygifte, og det er over 50 år sidan, var det vel ein meter. Då gjekk vi endåtil på ski, så du som les bloggen skjøner nok at det er lenge sidan.