I skyggen av krig

I sendinga i Valle Radio i kveld fekk vi høyre eit opptak av foredraget Kathrine Pabst hadde i Sæbyggjen tidlegare i vinter. Det var slåande aktuelt, ettersom ho er etterkommer av folk som opplevde 2. verdskrigens Tyskland, og ho fortalde om både oldeforeldre, besteforeldre og foreldre.

Felless for dei alle var at dei aldri snakka om det. Etter krigen vart det lagt lokk på det som hadde hendt. I staden konsentrerte dei seg om å bygge opp att landet. Men så kom det ein ny krig i Europa, og den slo hardt inn i den psykiske helsa til heile nasjonen. Ein kan undrast på korleis soldatar som drep, valdtek og torturerer fienden, etterpå kan gå tilbake til normalt liv og legge lokk på opplevingane, men like mykje på korleis dei som opplevde dette, også legg lokk på sine opplevingar.

Det var eit tankevekkande og rystande foredrag. Takk til radioen som formidla dette, slik at fleire enn dei som var til stades også fekk høyre foredraget.

Om oppdatering av artiklar

I dag vart det litt reaksjon då det i Setesdølen var eit lesarinnlegg som omtalte Setesdalswiki. Artikkelen handla om oppdatering av artiklar, og det er klart at vi ikkje alltid får med oss alt som skjer, så artiklane kan godt vere utdaterte i staden for oppdaterte.

Eit papirleksikon var gjerne utdatert før siste bandet kom ut, så nettleksikon må jo vere betre enn papirleksikon, trass alt. Eg tek med innlegget Geir Daasvatn hadde om saka:

SETESDALSWIKI OPPDATERER 😄

I eit lesarbrev i Setesdølen i dag 7. mars 2023 går Johnny Haugen i rette med ein artikkel i Setesdølen 2. mars, om to namn som er utegløymde i historia om korleis Setesdal sogelag blei skipa i 2013. Dei to er i følge Johnny Knut K. Homme (biletet her) i Valle og Beint Foss i Agder Historielag.

I tillegg til å refse Setesdølen, meiner Johnny det er reint ut “uforståelig” at sogelagsarbeidet til Knut K. Homme ikkje er komen med på Setesdalswiki.

Setesdalswiki er eit dugnadsprosjekt, der alle som vil kan vere med og skrive. Men i praksis er det vel 4–5 menneske som har lagt inn det meste av stoffet som i dag finst på wikien. Det er mange tusen artiklar om alt mogeleg mellom himmel og jord, inkludert personar i heile Setesdal, og i tillegg over 80.000 datoartiklar. At ein som skriv på dugnad og for moro skuld kan kome til å ikkje få med alt det positive ein person har vore med på, er difor langt frå så uforståeleg som Johnny vil ha det til. Snarare veldig forståeleg 😄

Men når Johnny nå har skrive greitt i dagens Setesdølen om korleis skipinga av Setesdal sogelag kom i stand, og me har blitt minna om “forsøminga” vår, er artikkelen om Knut K. Homme sjølvsagt oppdatert med nokre stikkord om dette. I tillegg har me like godt oppdatert artikkelen om Setesdal sogelag også, med dei same opplysningane. Dessutan skal me nok få til å lage ein liten artikkel om Beint Foss, som førebels står med raud lenke på Setesdalswiki

Olav Holten i Valle radio

Denne veka har Siri Johannessen ansvar for Valle Radio både tysdag og onsdag. Tysdagskvelden har ho med seg Olav Holten i samtale om tidebønn. Han var prost i Vesterålen då vi budde der, så det blir fint å høyre han att. Mangt anna gjer at eg nok kjem til å prøve å få med meg det meste i radioen denne veka, bare sjå her:

Tirsdag 7. mars

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein (Norea)18.15 Andakt ved Johan Olsen fra Misjonssambandet
18.30 Sangtimen

19.30 Timen med 

* Olav Holten om tidebønn

* Bønn om fred, med komponist Roald Arnesen

* Åpne dørerr: «30 dagers bønn for verdens muslimer»

20.30 Postludium fra den nye verden med Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. mars

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke

19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg fra kultur og fritid

20.00 Timen med 

* Ole Pettersen fra Setesdal brannvesen om piper i bygd og på hei

* Kathrin Pabsts foredrag  «Krigen er ingenting å snakke om»

21.00  Musikk med Johs. Bjørkeli 

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Årsmøte

I dag var det årsmøte i Mandal menighet. Det vart halde etter gudstenesta, som i dag var i Kirkesenteret i gågata. Ein kopp kirkekaffe og eit kakestykke var ein god start, men snart var det tid for å presentere årsmelding. Den var ganske innhaldsrik, så folk fekk den ikkje på papir, men presentert på veggen. Om nokon ville lese alt, måtte dei nok heller leite den fram på nettet etterpå.

Der kunne dei finne at det er ein stor organisasjon som driv arbeidet i kyrkja. Det var mange namn som hadde vore på lønningslista i året som gjekk, og enda fleire namn ville det vere om ein tok med allle frivillige. Dei var vel ikkje med heller, kan eg tenke, utan å ha lese meg gjennom alt. Men eg sjekka om Reidun sitt namn var der, ho kokar kaffe til kirkekaffe noen gonger kvart semester. Det var det ikkje.

Eg er innflyttar til Mandal og kom her for bare seks-sju år sidan då eg vart pensjonist. Difor er det mange namn eg ikkje kjenner, men det var det også for Reidun. Men det er flott å sjå at så mange er med på å bygge Guds rike i Mandal menighet.

Endeleg

I går runda vi eit nytt hundretal. No er det 95.202 artiklar på Setesdalswiki. Det tok ganske lang tid, I september spådde Geir at vi skulle klare det talet til årsskiftet, men det gjekk heile tre månader inn i det nye året før vi nådde målet. Artikkelen som førte oss over på nytt hundretal var artikkelen om Åsne Seierstad som eg skreiv etter å ha lese fleire bøker om henne. Planen var å lage små artiklar om bøkene hennar også, men så langt har eg ikkje kome enno.

Produksjonen er bare 300 nye artiklar sidan slutten på september, så vi ligg langt etter ei målsetting om å klare hundre i månaden. Om vi held det tempoet framover, vil det bli under tusen nye artiklar når vi kjem til september att.

Men framleis er det mykje å skrive om både når det gjeld program i radioen, lokale hendingar og folk. Så får vi sjå om inspirasjonen kjem att etter kvart.

Talenter

Når ein høyrer dette ordet, vil nok mange tenke på fortellinga som Jesus fortalde om tenarane som fekk talentar dei skulle investere for herren sin medan han var bortreist.

I dag las eg i siste Misjonstidende om prosjektet Use Your Talents (UYT) som har endra liv for mange rundt om i verda. I staden for å vente på å få stønad utanfrå, ser dei kva dei kan bruke av det dei alt har. Ein mann hadde to høner og ein hane, og i staden for å tenke på at det var nok til egg, såg han at det kunne nyttast til å få kyllingar og fleire høner, og reportasjen sa at no hadde han 300 høner, og dei kunne han eve av.

Så då er det bare å tenke over kva talentar ein måtte ha og sjå kva ein kan gjere med dei for å glede andre, hjelpe nokon som treng hjelp, anten der er heime eller borte. I bladet var det også noko om dugnad, og då tenker eg på dei som driv Valle radio, det er dugnad som skaper mykje glede for mange sjølv om det ikkje er hammer og spikar som blir brukt.

Oppslukt

I kveld skulle eg vore oppslukt av Valle Radio, som hadde onsdagssending med Sondre Rua Dokken. Men i staden vart eg oppslukt av ei bok eg hadde lånt, Quislings koffert av Trude Lorentzen. Ei bok på 365 sider med innhald eg visste lite om frå før. Krigen har ikkje vore så interessant for meg at eg har lese særleg mykje om den tidlegare.

Men ei god bok kan gjere at eit emne ein ikkje brydde seg om, grip tak i lesaren og held han fast, og slik vart det med meg denne gongen. Truleg var det ei god hjelp at kapitla var korte, så eg kunne lett legge boka bort. Men samstundes måtte eg lese neste kapittel for å sjå korleis det gjekk frå forfattare kjøpte kofferten på auksjon. Kor kofferten er etter at boka vart ferdig, er eg ikkje så sikker på, og det er sikkert like greitt.

Men her er programmet i Valle Radio i kveld:

Program onsdag 1. mars

Ansvarleg Sondre Rua Dokken

Teknikar Liv Gunn Viki

Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland, tlf.nr: 41776666

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad

19.30 Kommunen informerer med ordførar Steinar Kyrvestad

20.00 Ein time radio med Lars Tarald Myrum og Sondre Rua Dokken

21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike

#valleradio

Nettradio: https://stream.valleradio.com/valle_hq