I går runda vi eit nytt hundretal. No er det 95.202 artiklar på Setesdalswiki. Det tok ganske lang tid, I september spådde Geir at vi skulle klare det talet til årsskiftet, men det gjekk heile tre månader inn i det nye året før vi nådde målet. Artikkelen som førte oss over på nytt hundretal var artikkelen om Åsne Seierstad som eg skreiv etter å ha lese fleire bøker om henne. Planen var å lage små artiklar om bøkene hennar også, men så langt har eg ikkje kome enno.
Produksjonen er bare 300 nye artiklar sidan slutten på september, så vi ligg langt etter ei målsetting om å klare hundre i månaden. Om vi held det tempoet framover, vil det bli under tusen nye artiklar når vi kjem til september att.
Men framleis er det mykje å skrive om både når det gjeld program i radioen, lokale hendingar og folk. Så får vi sjå om inspirasjonen kjem att etter kvart.