To bøker

Før helga fekk eg låne to bøker av Thor Gunnar Hansen. Det er årbøker for Vest-Agder museum, og det var artiklar der som han hadde skrive. Men det var også andre artiklar der, og slik er det jo gjerne i årbøker, der kan ein finne ei rekke artiklar om ulike ting. Er det noko eit museum har, så er det jo mange ulike ting.

I kveld laga eg artiklar om dei to bøkene på Setesdalswiki. Ideelt sett skulle eg jo gjerne hatt artiklar om mange fleire av desse årbøkene, men det få eventuelt kome seinare. Av og til kan ein også vere så heldig at ein får lov til å legge ut artiklar som har stått i årbøker på Setesdalswiki. Då kan folk lese dei der og nytte lenker som måtte finnast for å få meir informasjon.

Eg burde jo ha skrive om dei ulike forfattarane til artiklane, Det rakk eg ikkje i kveld, men det kan jo kome seinare,

Boktitlane er Bak fasaden. En gjenstand – flere historier, og Alkohol. Gleder og sorger

Lange linjer

Når ein er så gammal som eg, kan ein ha lange linjer bakover. Morfar døydde på slutten av 1920-talet, så han møtte eg ikkje. Men mormor levde til 1975, ho var enke lenge. Ho fekk fire barn, og så hadde morfar ei dotter frå første ekteskap.

I kveld måtte eg snakke litt med Margunn, for ho har overteke slektsgranskinga etter Helge. Eg burde jo hatt ei utprinta liste å sjå på, men det hadde eg ikkje. Men Margunn oppklarte det eg lurte på.

På nettet fann eg Husaboka, boka Norges bebyggelse. Der var huset til mormor som ho fekk sett opp i 1936 og der ho sidan skaffa seg eit levebrød med heimebakeri. Eg var mange gonger der og sytte for at potetkaker og lefser kom med bussen til kunder.

Folk eg møtte

Av og til lurer eg på kva folk eg møtte, men sidan mista kontakten med, har gjort sidan me møttest den gongen for lenge sidan. Av og til kan ein få ny kontakt og oppleve at det er som om vi aldri har vore borte frå kvarandre, men andre gonger har det runne mykje vatn i havet, og ein treng tid for å få kontakte tilbake.

Eg har jo også eit problem i og med at eg ikkje hugsar folk og hendingar så godt. Det har vore eit problem heile livet, så eg kan ikkje skulde på tidleg aldring og slikt, men eg kjenner ikkje att folk, heller ikkje folk eg nyleg hadde kontakt med.

Kan hende er det arveleg, for far kom kjørande frå jobb på Figgjo Fajanse og vi ungane gjekk mot han men han merka oss ikkje og kjørte rett forbi oss. Så om du skulle støyte på meg ein eller annan stad og eg ikkje kjenner deg att, gje deg til kjenne og sei kva vi kan ha til felles. Du møter meg nok ikkje på joggetur i Furulunden, det er nok meir truleg at det blir digitalt møte. Men det kan jo også vere fint.

Baking

Eg har aldri forstått meg på baking sjølv, men eg er glad at det er nokon som gjer det. At ein kan ta mjøl, melk, egg og sukker og røre det saman og steike og få kaker eller bollar eller legge til gjær og ta bort sukker og få brød, nei det skjøner eg ikkje. (Vonar at skildringa er om lag rett).

Men eg har vorte fjetra av Ellen Vahr si bok Bakeriet i Brooklyn, det skildrar livet til ei norsk kvinne som emigrerte til Amerika og fekk bruke bake-kompetansen sin etter alle kunstens regler. Amerika skulle vere landet for løfter om ei strålande framtid, men vegen hadde mange vanskar før Thea Marie eller Marie, som ho kalla seg over there, nådde målet.

Av og til har medan eg les, har eg tenkt at eg, som skriv blogg kvar einaste kveld omtrent, burde vel få til å skrive ein roman. Men det blir med tanken, og så blir det heller faktaskriving på nettleksikon i staden når eg ikkje les. Til sommaren skal vi ha samling for slekta, tenk om eg hadde laga ein roman om slekta vår.

Tidemand

Kunstmalaren Adolph Tidemand er ein av dei store og mest kjende norske kunstnarane. Han var frå Mandal, og sjølv om han budde mykje i Düsseldorf og var borte, er det i Mandal han høyrer til. Thor Gunnar Hansen, som var sjef på Setesdalsmuseet og seinare kom tilbake til heimbyen sin her, var hos meg i dag med ei ny bok han har laga om kunstnaren: Adolph Tidemand – familieportrettet og familien.

Det er ei detaljert fagbok på 144 sider med heile 608 noter. I 18 små kapittel får vi vite mykje om familien til kunstnaren, og vi skjøner at dei ikkje hadde det helsemessig lett. Som kunstnar fekk han høg fagning og prisar på verdsutstillingar.

310 kroner er prisen på boka

Frelsesarmeen

Sist veke var det ein artikkel frå Kristelig Pressekontor i avisa om at Frelsesarmeen skal velje ny general. Der stod det og at dei norske kommandørane Lisbeth og Knud David Welander skal vere med å velje den nye generalen.

Eg vart nysgjerrig på kven det var som hadde vore generalar i FA tidlegare, men den lista var det ikkje lett å finne. Siri Johannessen er betre enn meg til å leiter, så eg tok kontakt med henne, og då fann ho ei bok på over 400 sider med historie dei første 75 åra, og der står det nok noko. Det får eg prøve å finne ut av i morgon.

Sommaren etter at eg hadde gått på Bibelskolen i Oslo, hadde eg sommarjobb på Indremisjonshotellet. Eg var nattevakt, det høvde godt for ei nattugle som meg. Då hadde Frelsesarmeet nasjonal kongress, og mange av deltakarane budde hos oss. Men elles har eg hatt lite med FA å gjere. No vil eg kanskje etter kvart finne ut av det og få laga ei liste eg kan ha på Setesdalswiki.

Sendinga i Valle Radio i kveld fekk eg ikkje høyre på, for vi hadde besøk.

Fargerike Setesdal

Setesdølane er glade i raudfargen. Det var eit av inntrykka eg hadde etter å ha høyrt Karin Bøe i samtale med Siri Johannessen i sendinga i Valle Radio i kveld. Dei snakka om fargar og fargebruk i dei gamle teppene som Karin hadde sett og analysert i samband med masteroppgåva si.

Men det var ikkje bare Med rosur raude, nei dei nytta komplementære fargar og mange nyansar. Noko var plantefarga, men frå 1850-åra kunne dei kjøpe fargar på bui og nytte dei, og då vart det også friskare fargar. I dag er mange falma, så Karin måtte leite godt for å sjå dei originale fargana mange gonger.

I sendinga i kveld var det også som vanleg Postludium, denne gongen med Niklos K. Besteland, og han hadde funne fram vakker musikk av Pachelbel.

Fader vår

I morgon held programma om bøn fram i Valle Radio. Denne gongen er det Oddvar Søvik som skal snakke med Siri Johannessen, og temaet er Herens bønn, Fader vår. Truleg kunne dei snakke lenge om dette, for den bønna er innhaldsrik. Då vi gjekk på skulen, måtte vi lære Luthers forklaring til bønna. Så det blir interessant høyre kva Oddvar Søvik har å seie. Det er artikkel om Oddvar Søvik på Setesdalswiki.

Det er også artikkel om på Setesdalswiki om den andre som skal vere med i radioen i morgon kveld. Karin Bøe skal snakke om farger og fargebruk i Setesdal. Lyttarane har mykje å sjå fram til.

Her er programmet

Tirsdag 14. mars

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein (Norea)18.15 Andakt ved prost Rune Stormark
18.30 Country-gospel timen

19.30 Timen med 

* Oddvar Søvik om Fader vår

* Farger og fargebruk i Setesdal, med Karin Bøe

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Kven les?

Av og til får eg spørsmål om kven som les artiklar på Setesdalswiki. Før hadde vi google analytics til å tinne ut noko om det, og det synte seg at folk over heile verda var innom. Etter at vi flytta til ny nettstad, har vi ikkje fått alt slikt på plass, men i går dukka det opp ein liten artikkel i Sunnmørsposten. Dei har ei spalte om kva som hender på den aktuelle datoen, og hadde funne at 9. mars for nokre år sidan var det isfiske på Bjoren Brygge i Bygland.

Det var nok fleire som las bloggen min før, for då vart det automatisk generert ei lenke til Facebook. Men etter omlegginga i samband med at Helge døydde, er ikkje ei slik lenke på plass enno. Difor skriv eg kanskje meir for meg sjølv enn for andre når eg no likevel prøver å halde liv i bloggen med daglege små oppdateringar. Vonleg vil vi få det på plass om ikkje så alt for lenge.

Snakke saman

Det vart litt diskusjon etter at det kom ein artikkel i Setesdølen denne veka om stiftinga av Setesdal sogelag. Johnny Haugen skreiv lesarinnlegget Æres den som æres bør, der han meinte at også Knut K. Homme og Beint Foss var med, ikkje bare dei som var nemde på Setesdalswiki.

I går fekk eg ein telefon frå han der han sa seg lei for at det han hadde skrive, vart litt feil. Vi hadde ein hyggeleg samtale, Eg hadde då skrive eit lite svar til han og sendt til avisa. Her er det eg skreiv:

Om heider og ære

I avisa tysdag hadde Johnny Haugen eit innlegg med tittelen Æres den som æres bør. I eit fint nynorsk stykke hadde tittelen blitt på bokmål, så her bør redaksjonen skjerpe seg. På nynorsk heiter det ærast.

Johnny Haugen skriv at det ikkje var kome med på Setesdalswiki at Knut K. Homme og Beint Foss var med på førebuinga til stifting av Setesdal Sogelag. Artikkelen om Knut K. Homme var basert på epost frå han sjølv, og han tok det ikkje med, og dermed kom det ikkje med på Setesdalswiki heller. 

Når det gjeld artikkelen om Setesdal Sogelag var den basert på opplysning frå ei årsmelding i sogelaget.  Opplysninga som Johnny Haugen kom med i lesarinnlegget om at Knut K. Homme og Beint Foss også var med, er no komen på plass, vi kan ikkje skrive inn noko vi ikkje veit, Om vi får vite at nokon er heidra med medalje frå Kongen, vil vi sjølvsagt ta med det også.

Vi som arbeider med Setesdalswiki prøver alltid å skrive kor opplysningane kjem frå. Vi gjer sikkert likevel mange feil og er difor takksame for alle som hjelper oss å luke ut feila. Dei fortener største æra.

Harald Haugland