Det vart litt diskusjon etter at det kom ein artikkel i Setesdølen denne veka om stiftinga av Setesdal sogelag. Johnny Haugen skreiv lesarinnlegget Æres den som æres bør, der han meinte at også Knut K. Homme og Beint Foss var med, ikkje bare dei som var nemde på Setesdalswiki.
I går fekk eg ein telefon frå han der han sa seg lei for at det han hadde skrive, vart litt feil. Vi hadde ein hyggeleg samtale, Eg hadde då skrive eit lite svar til han og sendt til avisa. Her er det eg skreiv:
Om heider og ære
I avisa tysdag hadde Johnny Haugen eit innlegg med tittelen Æres den som æres bør. I eit fint nynorsk stykke hadde tittelen blitt på bokmål, så her bør redaksjonen skjerpe seg. På nynorsk heiter det ærast.
Johnny Haugen skriv at det ikkje var kome med på Setesdalswiki at Knut K. Homme og Beint Foss var med på førebuinga til stifting av Setesdal Sogelag. Artikkelen om Knut K. Homme var basert på epost frå han sjølv, og han tok det ikkje med, og dermed kom det ikkje med på Setesdalswiki heller.
Når det gjeld artikkelen om Setesdal Sogelag var den basert på opplysning frå ei årsmelding i sogelaget. Opplysninga som Johnny Haugen kom med i lesarinnlegget om at Knut K. Homme og Beint Foss også var med, er no komen på plass, vi kan ikkje skrive inn noko vi ikkje veit, Om vi får vite at nokon er heidra med medalje frå Kongen, vil vi sjølvsagt ta med det også.
Vi som arbeider med Setesdalswiki prøver alltid å skrive kor opplysningane kjem frå. Vi gjer sikkert likevel mange feil og er difor takksame for alle som hjelper oss å luke ut feila. Dei fortener største æra.
Harald Haugland