I sendinga i Valle Radio i kveld fekk vi høyre eit opptak av foredraget Kathrine Pabst hadde i Sæbyggjen tidlegare i vinter. Det var slåande aktuelt, ettersom ho er etterkommer av folk som opplevde 2. verdskrigens Tyskland, og ho fortalde om både oldeforeldre, besteforeldre og foreldre.
Felless for dei alle var at dei aldri snakka om det. Etter krigen vart det lagt lokk på det som hadde hendt. I staden konsentrerte dei seg om å bygge opp att landet. Men så kom det ein ny krig i Europa, og den slo hardt inn i den psykiske helsa til heile nasjonen. Ein kan undrast på korleis soldatar som drep, valdtek og torturerer fienden, etterpå kan gå tilbake til normalt liv og legge lokk på opplevingane, men like mykje på korleis dei som opplevde dette, også legg lokk på sine opplevingar.
Det var eit tankevekkande og rystande foredrag. Takk til radioen som formidla dette, slik at fleire enn dei som var til stades også fekk høyre foredraget.