Av og til lurer eg på kva folk eg møtte, men sidan mista kontakten med, har gjort sidan me møttest den gongen for lenge sidan. Av og til kan ein få ny kontakt og oppleve at det er som om vi aldri har vore borte frå kvarandre, men andre gonger har det runne mykje vatn i havet, og ein treng tid for å få kontakte tilbake.
Eg har jo også eit problem i og med at eg ikkje hugsar folk og hendingar så godt. Det har vore eit problem heile livet, så eg kan ikkje skulde på tidleg aldring og slikt, men eg kjenner ikkje att folk, heller ikkje folk eg nyleg hadde kontakt med.
Kan hende er det arveleg, for far kom kjørande frå jobb på Figgjo Fajanse og vi ungane gjekk mot han men han merka oss ikkje og kjørte rett forbi oss. Så om du skulle støyte på meg ein eller annan stad og eg ikkje kjenner deg att, gje deg til kjenne og sei kva vi kan ha til felles. Du møter meg nok ikkje på joggetur i Furulunden, det er nok meir truleg at det blir digitalt møte. Men det kan jo også vere fint.