Strikkefestival

I ettermiddag var det strikkefestival her i stova. Reidun og mi søster Jorunn snakka om strikk basert på fleire posar med påbegynte verk som låg att då søster mi Gunbjørg døydde i fjor. Eg og svogeren minn fall fort av lasset, men det var gama å høyre på og å sjå engasjementet.

Jorunn var lenge organist i Lyngdal, men som pensjonist blir ho framleis spurt om å vikariere. Difor har ho eit noko tett program. Dei er også med i Vest-Agder Kammerkor (VAK) og koret skal ha konsertar fram mot påske. Då samarbeider dei med eit kor i Danmark, og så kjem danskane hit og egdane dreg til Jylland. Eg vert mest andpusten av programmet, og andpusten skal ein ikkje vere når ein skal synge, så eg håpar dei har kondis til alt dei held på med.

Vi hjelpte til med å ete opp ei kake ho hadde baka, og då dei reiste heim att, kunne dei ta med seg eit tomt kakefat, så ein kan nok seie at turen var vellukka også utover perspektivet med strikkefestival. Det blir nok strikking på danskeferja også, sang og strikking er som Ali kaffe, det kurerer gruff. Forskning syner at korsang i alle fall gjer folk meir harmoniske. Og strikking reduserer stress, om ein då ikkje har deadline for å bli ferdig til påske eller ei anna høgtid og har starta for seint.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *