Det er alltid hyggeleg å få respons på program eg har i Valle Radio. I dag fekk eg ein slik respons frå Torbjørn Greipsland, han hadde funne ut at han ville høyre på meg då eg presenterte sangar til advent i går kveld. Han har nok rett i at målgruppa ikkje var unge folk, då hadde nok sangvalget vore litt anna.
I løpet av samtalen fekk eg vite at han skulle ha eit foredrag om utvandring i kveld. Då kom eg på at han kanskje kunne ha eit slikt foredrag i radioen også. Det sa han seg villig til, så neste onsdag kjem han med foredraget Utvandrarane ville feire norsk jul. Det blir klokka 20 til 21 den kvelden.
Sjølv reiser han til Singapore fredagen etter at han har vore med i radioen. Sonen hans bur der, så då blir det norsk juli i Singapore på han og familien.
Vår jul blir i Mandal. Om han blir kvit, er ikkje godt å seie, men eg er glad for at all nedbøren vi har hatt dei siste dagane, ikkje har vore kvit. Då hadde vi hatt vanskeleg for å kome fram. Øystein Berg peika på at ein då kunne seie det lysnet i skogen, som han sa. Men eg svara at ingen hadde kunna seie da ilte jeg frem, for det ville vore uframkomeleg. Eg trur han tok poenget. Slik såg det ut frå kjøkkenvinduet i dag:
