God hjelp

Gud såg at mannen ikkje kunne klare seg aleine, difor skapte han ei kvinne som kunne hjelpe han, heiter det i Bibelen si skapingssoge. Det er godt med gode hjelparar, og i kveld fekk vi besøk av Margunn og Stein. Dei hjelper mellom anna med å rydde ut av leiligheten til Helge, og der var det mykje, sjølv om den ikkje var så stor.

Mellom anna hadde han samla mange CD-plater, han var glad i musikk. Platene har informasjon om artistar og komponistar og tekstforfattarar. Slik informasjon finn ein ofte bare i samband med den fysiske plata. No arvar vi dette, vonleg kan det kome til nytte for Valle Radio om eg skal lage eit musikkprogram ein gong.

Til veka har eg sagt ja til å lage eit program med adventsmusikk saman med Siri på tysdagskvelden. Kan hende kan eg vere til hjelp for henne, ho lagar så mange fine program i radioen, finn interessante folk å snakke med og musikk som høver til.

Denne veka har eg lese Kniven i ilden av Ingeborg Arvola. Ho skriv om ei sterk kvinne som hjelper mange rundt seg. Den boka skal eg levere inn i morgon, slik at andre får lese den, ho er på 14 dagars lån.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *