Årbøker kan ha mykje variert og interessant informasjon. Son min, Sigmund, hadde ein artikkel i Årbok for Sunnmøre 2013. Han skreiv om nettstaden sunnmiddelalder.net, som han laga i samband med studier i historie.
Boka har dukka opp frå ein eller annan plass, og eg sat og bladde litt i den i kveld. Kan hende det var fordi eg måtte roe meg ned etter den spennande handballkampen mot Danmark. Om eg får energi, skal eg lage artiklar om forfattarane på Setesdalswiki med tid og stunder.
Eg fann at boka har mange varierte artiklar. Her er lista:
- Forord
- Per Sæther: Forhistoriske båtfunn på Sunnmøre
- Knut Maaseide: Bankskøyta – et snart glemt pionerfartøy i norsk havfiske
- Odd Tarberg: B-såpa – ei legende på fire hjul
- Ivar Gunnar Braaten: Peter Møller og medisintran
- Bernt Gjelsten: Utmarksslåtten i det førmoderne jordbruket
- Bjørn Jonson Dale: Borgardynastiet Svertz
- Helga Kristin Langva Johannessen: Historien om en tjenestepige fra Aalesund
- Sigmund Haugland: Sunnmørsk middelalderhistorie på internett
- Eivind Bråstad Jensen: Ole Martin Gausdal
- Årsmelding 2011
- Medarbeidarar
![]()