Sykling

Det er nokre år sidan eg sykla, men eg har ofte blitt imponert over dei som syklar som profesjonelle. No i pinsa har vi kunna sjå dei i norsk natur, sykkelrittet Tour of Norway gjekk frå Bergen til Stavanger. Pinseaftan sykla dei frå Røldal til Hovden, det var ein kort tur, for veret i Hordaland var striregn, så løypa vart avkorta. Til gjengjeld var turen frå Valle til Stavanger i går den lengste i rittet nokon gong, over 220 km, trur eg dei sa.

I dag var det så finale med start og mål i Stavanger. Då gjekk turen ut over Jæren, til Undheim og Varhaug før dei snudde nordover att. Og sjølv om det var ei gruppe som låg først, så vart den kjørt inn og i spurten vann sanneleg det norske håpet Alexander Kristoff på heimebane.

Det var interessant å sjå fine bilete frå område eg har kjørt gjennom mange gonger, både i Valle og i Rogaland. Eg hugsar sist dei var gjennom Setesdal, då såg eg dei starta i Valle og så fylgde eg etter dei til Nomeland. Der tok dei vestover, medan eg kjørte sørover. No er det lenge sidan eg har teke turen frå Valle til Mandal, og endå lenger sidan eg kjørte over Suleskar. Difor var det moro å sjå både landskap og sykling.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *